Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 79 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 av 23. april 2004 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/91/EF om energieffektivitet i bygningar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/91/EF om energibruken til bygningar (bygningsdirektivet) vart vedteke i Rådet 16. desember 2002. Direktivet er gjort gjeldande frå 4. januar 2003 for medlemsstatane i EU, med frist for gjennomføring i nasjonal rett 4. januar 2006.

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 37/2004 den 23. april 2004 vart det vedteke at bygningsdirektivet skal innlemmast i vedlegg IV til EØS-avtala (energi). Avgjerda vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa av direktivet gjer det naudsynt med lovendringar, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Med denne proposisjonen vert Stortinget derfor bede om å gje sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet