St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 vart vedlegg XII (fri rørsle for kapital) til EØS-avtala endra ved innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve.

Føremålet med direktivet er å hindre sein betaling i handelshøve, sikre kreditor adekvat kompensasjon ved sein betaling, og å betre innkrevjingsmetodane slik at innkrevjinga vert effektiv og rimeleg. Bakgrunnen for direktivet er at mange verksemder, særleg små og mellomstore, får store økonomiske vanskar på grunn av at dei ikkje får inn uteståande krav i rett tid. Direktivet gjeld ikkje forbrukarar.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, då gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Stortinget vert gjennom denne proposisjonen oppmoda om å gje sitt samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen nr. 48/2003.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2000/35/EF i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.