St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

2 Nærare om direktivet

Av artikkel 1 går det fram at direktivet gjeld alle betalingar som blir gjorde som vederlag for handelstransaksjonar.

Artikkel 2 definerer ein del sentrale omgrep i direktivet. Her vert mellom anna handelstransaksjonar definert som forretningsmessige transaksjonar mellom verksemder eller mellom verksemder og det offentlege, som inneber levering av varer eller yting av tenester mot vederlag. «Forseinka betaling» vert definert som overskriding av den avtalefastsette eller lovfastsette betalingsperioden.

Dei nærare reglane om renter ved forseinka betaling går fram av artikkel 3. Utgangspunktet er at ein skal betale forseinkingsrenter frå dagen etter siste rettidige betalingsdag, eller etter utløpet av betalingsperioden som er fastsett i avtala, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav a). Artikkel 3 nr. 1 bokstav b) har nærare reglar om når ein skal betale forseinkingsrenter dersom det ikkje er avtalt betalingsfrist. Ein opererer her med ein 30-dagarsfrist der starttidspunktet varierer etter tilhøva.

Etter direktivet er det ein føresetnad for at kreditor skal ha rett til forseinkingsrenter at han har oppfylt sine avtalefastette og lovfastsette plikter, og at han ikkje har motteke den skuldige summen til rett tid. Det er òg ein føresetnad at skuldnaren er ansvarleg for forseinkinga, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav c).

Satsen for forseinkingsrenter skal etter artikkel 3 nr. 1 bokstav d) i direktivet vere sentralbanken si foliorente med eit tillegg på minst sju prosentpoeng, med mindre noko anna er avtalt. Rentesatsen skal fastsetjast kvar 1. januar og 1. juli med utgangspunkt i foliorenta til sentralbanken på desse tidspunkta. Rentesatsen må såleis fastsetjast på nytt kvart halvår.

Kreditor har vidare krav på rimeleg erstatning frå skuldnaren for alle relevante kostnader ved inndrivinga som skuldast den seine betalinga, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav e). Statane er her gjevne høve til å fastsetje maksimalsummar for innkrevjingskostnader for ulike pengesummar.

Etter artikkel 3 nr. 3 skal statane fastsetje føresegner om at avtaler om betalingsdag eller følgjer av forseinka betaling som ikkje er i samsvar med visse av føresegnene i direktivet, ikkje er bindande eller gjev rett til erstatning dersom avtala etter ei totalvurdering er klart urimeleg overfor kreditor.

Ein blir i samband med dette pålagt å sikre at det finst eigna og effektive middel som kan bringe avtaler som er klart urimelege, til opphøyr, jf. artikkel 3 nr. 4. Eit slikt middel må omfatte at organisasjonar som er offisielt sett på som representant for, eller har rettsleg interesse i å representere små og mellomstore verksemder, skal kunne bringe spørsmål om standardvilkår om betalingsfristen eller følgjene av forseinka betaling er klart urimelege, inn for domstolen eller kompetente administrative styresmakter, jf. artikkel 3 nr. 5.

Artikkel 4 har reglar om eigedomsatterhald. Det går her fram at statane i samsvar med gjeldande nasjonale føresegner om lovval, skal syte for at seljaren har eigedomsatterhald inntil varene er betalte dersom det er gjort avtale om dette mellom seljar og kjøpar.

Etter artikkel 5 skal statane syte for at ein i tilfelle der gjelda er uomstridd, normalt kan oppnå tvangsgrunnlag innan 90 dagar etter at ein har teke rettslege steg for å få dette. Dette må gjelde for alle kreditorar som er etablerte i EØS-området.

Av artikkel 6 nr. 1 går det fram at gjennomføringsfristen er 8. august 2002. I EØS-komiteen er det fastsett at EFTA-statane får ny frist til 31. desember 2003 med å gjennomføre direktivet.

Direktivet er eit minimumsdirektiv i den tydinga at ein står fritt til å ha føresegner som er gunstigare for kreditor enn det som går fram av direktivet, jf. artikkel 6 nr. 2.