Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 80 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 48/2003 av 16. mai 2003 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling i handelshøve

Til innhaldsliste

4 Tilhøvet til norsk rett

Dei tilhøva som er regulerte i direktivet, finst det reglar om i fleire norske lover, så som lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m., lov 31. mai 1918 nr. 4 om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer, lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant, lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) og lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring (tvangsfullbyrdingslova). Norsk rett oppfyller stort sett krava i direktivet, men det må skje mindre justeringar på enkelte punkt. Det vil nedanfor bli gjeve ei kort oversikt over norsk rett i høve til direktivet, medrekna omtale av dei punkta der endringar i norsk rett må vurderast.

Etter norsk rett kan det i næringshøve fritt avtalast betalingstidspunkt og konsekvensar av forseinka betaling, så lenge dette ikkje er urimeleg etter avtalelova § 36. Direktivet gjer ikkje inngrep i denne avtalefridomen. Dersom anna ikkje er avtala, er det reglane i forseinkingsrentelova som gjeld. I medhald av denne lova kan kreditor krevje forseinkingsrenter når kravet ikkje vert innfridd ved forfall. Dersom forfallsdagen er fastsett i førevegen, skal ein rekne rente frå denne dagen. Det er ein føresetnad for å ha rett til forseinkingsrenter at forseinkinga ikkje er framkalla «ved forhold på fordringshaverens side», jf. § 2 andre leddet. Desse reglane synest å oppfylle vilkåra i artikkel 3 nr. 1 bokstav a) og c) i direktivet.

Dersom forfallsdagen ikkje er fastsett i førevegen, skal ein etter forseinkingsrentelova rekne renter frå ein månad etter at kreditor har sendt skuldnaren skriftleg påkrav med oppmoding om å betale, jf. § 2 første leddet.

Kravet i direktivet om forseinkingsrenter frå 30 dagar etter at skuldnaren har motteke faktura, jf. artikkel 3 nr. 1 bokstav b) alternativ i), er ikkje oppfylt i og med påkravsregelen. Det synest såleis å vere naudsynt å endre fristen § 2 første leddet andre punktumet i forseinkingsrentelova frå éin månad til 30 dagar. Det at ein reknar fristen etter forseinkingsrentelova frå faktura er «sendt», er til føremon for kreditor og er såleis i tråd med direktivet, jf. artikkel 6 nr. 2.

Dei særskilte reglane artikkel 3 nr. 1 bokstav b alternativ ii)-iv) i direktivet synest å vere oppfylt ved at kreditor etter norsk rett kan sende krav om betaling når som helst. Kreditor kan såleis sjølv setje seg i minst like god posisjon som det reglane i direktivet legg opp til.

Forseinkingsrentesatsen vert i dag fastsett av Kongen under omsyn til det alminnelege rentenivået, jf. § 3 første leddet i forseinkingsrentelova. Rentesatsen har sidan 1994 vore 12 prosentpoeng. Etter artikkel 3 nr. 1 bokstav d) i direktivet skal rentesatsen fastsetjast to gonger pr. år (1. januar og 1. juli). Rentesatsen skal vere sentralbanken si foliorente på dei aktuelle tidspunkta pluss minst sju prosentpoeng. Dette inneber at ein må gjere ei endring i § 3 første leddet i forseinkingsrentelova slik at rentesatsen kan fastsetjast i samsvar med krava i direktivet.

Krava direktivet stiller til erstatning for innkrevjingskostnader etter artikkel 3 nr. 1 bokstav e) synest slik ein vurderer det i dag, å vere oppfylte gjennom reglane om erstatning for utanrettsleg inndriving i inkassolova og reglane om sakskostnader i tvistemålslova og tvangsfullbyrdingslova.

Når det gjeld kravet i artikkel 3 nr. 3 i direktivet om at avtaler om betalingsdagen eller følgjene av forseinka betaling som er grovt urimelege for kreditor, skal kunne bli kjent ugyldige eller gje grunnlag for erstatning, synest dette oppfylt gjennom § 36 i avtalelova. Det at ein kan bringe spørsmålet om avtaler om betalingsdagen eller følgjene av forseinka betaling er urimelege for kreditor inn for retten, oppfyller artikkel 3 nr. 4 i direktivet om at det må finnast adekvate og effektive middel for å kunne bringe bruken av slike vilkår til opphøyr.

Artikkel 3 nr. 5 i direktivet krev at organisasjonar som representerer små og mellomstore verksemder på sjølvstendig grunnlag, skal kunne gå til søksmål for å prøve om aktuelle standardvilkår er urimelege overfor kreditor. Ein ser det som tvilsamt om slike organisasjonar vil ha rett til dette etter norsk rett i dag.

Artikkel 4 om eigedomsatterhald i direktivet krev ikkje at statane skal gjere lovendringar, men at atterhald skal respekterast i den grad dei er gyldige mellom partane på dei vilkåra som gjeld etter den staten sin rett som lovvalsreglane peikar ut. Artikkel 4 reiser såleis ikkje problem i høve til norsk rett.

Når det gjeld kravet i artikkel 5 i direktivet om at ein vanlegvis skal kunne få tvangsgrunnlag innan 90 dagar etter at ein har gått til søksmål i tilfelle der gjelda er uomtvista, synest norsk rett å oppfylle dette kravet gjennom ordninga med høve til dom i forliksrådet. Å få slik dom i tilfelle der gjeldsposten er uomtvista, går som regel raskare enn 90 dagar, og gjev tvangsgrunnlag.

Til toppen
Til forsida av dokumentet