St.prp. nr. 80 (2006-2007)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Helse- og omsorgsdepartementet gjer med dette framlegg om endring av løyvingane for 2007 under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønns­ordning fysioterapeutar og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 21,0 mill. kroner har samanheng med revidert avtale med Norsk Fysioterapeutforbund om takstar og driftstilskot. Helse- og omsorgsdepartementet gjer vidare framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i trygderefusjonar for legehjelp og psykologhjelp frå 1. juli 2007 på grunnlag av eventuelle avtalar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Forhandlingane med desse organisasjonane er førebels ikkje avslutta.

Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjera under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.