St.prp. nr. 81 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 803/2004/EF av 21. april 2004 om Fellesskapet sitt handlingsprogram for å førebyggje og motkjempe vald mot barn, ungdom og kvinner, og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II-programmet)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EU-programmet om tiltak for å hindre vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne offer og risikogrupper (Daphne II) vart formelt vedteke i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004/EF. Programmet skal vare i tidsrommet 2004-2008.

Daphne II er ei vidareføring av det første Daphne-programmet som omfatta tidsrommet 2000-2003. Daphne I medverka til å auke det fokuset medlemsstatane har på motkjemping av vald og på å skape samarbeid mellom ulike europeiske organisasjonar som arbeider for å hindre vald. Prosjekta som mottok støtte frå programmet, har medverka til auka aktivitet mot vald blant organisasjonar og institusjonar i Europa. Vidare gav Daphne I ein solid medverknad til kampen mot menneskesmugling, kvinneleg kjønnsskamfaring, seksuelt misbruk og pornografi.

Daphne II har som målsetjing å medverke til auka vern av fysisk og psykisk helse og til å støtte ikkje-statlege organisasjonar og offentlige organisasjonar som arbeider mot vald. Programmet vil gje støtte til prosjekt som medverkar til skiping av samarbeid over landegrensene og tverrfaglege nett. Daphne II vil medverke ytterlegare til å identifisere god praksis ved å oppmuntre til fornying og utveksling av relevant informasjon. Vidare vil det verte utveksla gode røynsler om til dømes kva tiltak som er gjorde, og kva metodereiskapar og samarbeidsformer som er utvikla, og det vil verte medverka til at desse vert tilpassa og iverksett i nye samanhenger.

Norsk deltaking i programmet gjer det naudsynt med budsjettvedtak over fem år, og i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova er det difor naudsynt med Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal kunne ta del i programmet så tidleg som råd, er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.

Utkastet til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 803/2004/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.