St.prp. nr. 84 (2008-2009)

Om trygdeoppgjeret 2009

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å regulere grunnbeløpet (G) med verknad frå 1. mai 2009 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2009 som følgje av reguleringa.

Regjeringa har lagt dei retningslinjene Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget. Dermed er pensjonistane sikra ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane.

Reguleringa av grunnbeløpet har vore drøfta mellom Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Partane blei samde om å auke grunnbeløpet med 2625 kroner frå 1. mai i år.

Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå 70 256 kroner til 72 881 kroner frå 1. mai 2009, det vil seie med 3,74 prosent. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 4,2 prosent frå 2008 til 2009.

I trygdedrøftingane i 2008 blei partane samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet. Første steg i denne planen var å heve den ordinære satsen for særtillegget frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008. Satsen skal deretter trappast vidare opp til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

I samsvar med dette gjer Regjeringa framlegg om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. Meirutgiftene for 2009 som følgje av høgare særtileggssats er om lag 202 mill. kroner, og er alt medrekna i statsbudsjettet for 2009, jf. St.prp. nr. 1 (2008–2009).

Som følgje av auken i særtillegget frå 1. mai 2009, foreslår Regjeringa i Ot.prp. nr. 99 (2008–2009) at satsane for supplerande stønad blir auka tilsvarande. Kostnadene ved framlegget er anslått til 2,4 mill. kroner.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar frå 1. mai 2009 med 7272 kroner til 143 568 kroner per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 13 776 kroner til 265 272 kroner per år.

Meirutgiftene for 2009 som følgje av høgare grunnbeløp blir om lag 4 910 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonistane frå 1. mai 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg fram eigen proposisjon om dette.