St.prp. nr. 87 (2006-2007)

Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I St.meld. nr. 24 (2003 – 2004) Nasjonal transportplan 2006 – 2015 blir E6 Gardermoen – Kolomoen behandla som eitt prosjekt. Det var lenge brei semje om å sikre ei framdrift i planarbeidet som ville gjere det mogleg å leggje forslag til finansieringsopplegg for prosjektet fram som ei samla sak. Så langt i planprosessen er det kome fram store sprik i synet på aktuelle løysingar for E6 langs Mjøsa. Det ligg derfor ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit endeleg forslag til finansieringsopplegg for heile prosjektet kan leggjast fram for Stortinget no.

Samferdselsdepartementet har framleis kontinuerleg utbygging av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen som mål. Samtidig vurderer departementet gevinstane for trafikktryggleiken og trafikkavviklinga som så store at utbygginga bør kome i gang så snart som mogleg. Finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen blir derfor lagt fram for Stortinget i to omgangar.

I denne proposisjonen legg Samferdselsdepartementet fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Hovinmoen – Dal i Akershus og Skaberud – Kolomoen i Hedmark. I tillegg blir ei rekkje element knytt til den samla utbygginga av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen lagt fram, mellom anna uvisse knytt til kostnadsoverslaget for dei strekningane som står att og for det samla prosjektet, forslag til bompengeopplegg for det samla prosjektet, inkl. trafikkvurderingar ved ulike takstnivå og konsekvensar av kostnadsauke. Det er lokalpolitisk tilslutning til det skisserte bompengeopplegget.

Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar.

Det er lagt opp til anleggsstart på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen ved årsskiftet 2007/2008, og begge strekningane er planlagt opna for trafikk i løpet av 2009.

Til toppen
Til forsida av dokumentet