St.prp. nr. 87 (2008-2009)

Om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Stortinget vedtok våren 2005 løyving til byggjestart for nybygg for informatikkmiljøa ved Universitetet i Oslo (IFI2), jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 240 (2004-2005) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2005. Nybygget vil samle informatikkmiljøet og betre datatryggleiken, arbeidstilhøva og produktiviteten på eit viktig område. Prosjektet fekk då ei kostnadsramme på 912,8 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2005. Styringsramma vart sett til 838,8 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2005. Som følgje av prisutviklinga i byggjemarknaden viste det seg at denne ramma ikkje kunne haldast. På den bakgrunn vart kostnadsramma i prosjektet auka til 1 080 mill. kroner i prisnivå pr. 15. september 2006, jf. St.prp. nr. 90 (2006-2007) og Innst. S. nr. 17 (2007-2008). Det vart òg gjennomført fleire innsparingstiltak i prosjektet for å redusere trongen for auka kostnadsramme. Som følgje av denne rammeutvidinga har prosjektet i dag ei kostnads- og styringsramme på 1 206 mill. kroner og 1 159,6 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009. Bygget er venta ferdig i 3. kvartal 2010.

Til forsida