St.prp. nr. 88 (2000-2001)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Kasakhstan, underteikna i Oslo den 3. april 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 3. april 2001 blei det skrive under ein skatteavtale mellom Kongeriket Noreg og Kasakhstan. Formålet med avtalen er dels å unngå at inntekt og formue blir skattlagt dobbelt, dels å førebyggje at desse goda blir dregne unna skattlegging. Samtykke til at avtalen blei skriven under blei gitt ved Kongeleg resolusjon 3. oktober 1997. Avtalen blei skriven under av Finansminister Karl Eirik Schjøtt-Pedersen på vegner av Noreg og av Finansminister Mazhit Esenbaev på vegner av Kasakhstan.

Avtalen trer i kraft den dagen begge statar har meldt frå til kvarandre om at dei har teke dei naudsynte konstitusjonelle stega for at avtalen skal tre i kraft. For kjeldeskattar vil avtalen få verknad for beløp som er betalte eller godskrivne i eller etter den andre månaden i året etter det året då avtalen trer i kraft. Når det gjeld andre skattar, vil avtalen få verknad for skattar som gjeld inntektsår som følgjer etter det året då avtalen trer i kraft.

Til forsida