Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 89 (2000-2001)

Om trygdeoppgjeret 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det vert fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2001 som følgje av dette.

Den 5. april 2001 kom partane i trygdeoppgjeret - staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg - saman for å gå gjennom rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera. Føremålet med møtet var å kartleggje utviklinga i løningar og grunnbeløp.

Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet foregjekk 3. og 4. mai 2001. Møta førte fram til semje mellom staten og dei tre organisasjonane om ein auke i grunnbeløpet på kr 2 270 frå 1. mai i år.

Regjeringa gjer i samanheng med dette framlegg om at grunnbeløpet blir sett til kr 51 360 frå 1. mai 2001.

Meirutgiftene for 2001 av auken i grunnbeløpet vert omlag 3 868 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane per 1. mai 2001, jf. St.prp. nr. 86 (2000-2001).

Til toppen
Til forsida av dokumentet