St.prp. nr. 9 (2001-2002)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i ei fellesskapsramme for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Fellsskapsramma for samarbeid for å fremje berekraftig byutvikling vart formelt vedteken i EU 27. juni 2001. Fellesskapsramma skal gjelde i tidsrommet 01.01.2001 til 01.01.2004, og er meint å skulle støtte opp om dei verkemidla som alt finst på området. Budsjettet for ordninga er sett til 14 millionar euro samla for fireårsperioden 2001-2004, som tilsvarar om lag 112 millionar kroner.

Det er opna for at EFTA/EØS-statane kan ta del i fellesskapsramma. Slik deltaking har som føresetnad at protokoll 31 i EØS-avtala blir endra. Ettersom ordninga går over fleire år, vil norsk deltaking gjere det naudsynt med løyvingsvedtak, og det er difor naudsynt med samtykke frå Stortinget til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen. Med sikte på at Noreg skal ta del i fellesskapsramma så snøgt som råd, blir det lagt opp til at det blir innhenta samtykke frå Stortinget før det er teke avgjerd i EØS-komiteen. Avgjerda i EØS-komiteen er venta før årsskiftet 2001/2002.

Europaparlaments- og rådsavgjerda og utkast til avgjerd i EØS-komiteen i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.