St.prp. nr. 9 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 143/2007 av 26. oktober 2007 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 om internasjonal gjesting i offentlege mobiltelefonnett i Fellesskapet osv.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 26. oktober 2007 å endre vedlegg XI til EØS-avtala (Telekommunikasjonstenester) til òg å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 av 27. juni 2007 om internasjonal gjesting i offentlege mobiltelefonnett i Fellesskapet og om endring av direktiv 2002/21/EF. Føremålet med forordninga er å redusere dei høge prisane på internasjonal gjesting (roaming) i mobilnett i EU.

Internasjonal gjesting i mobilnett tyder at når mobilnettilbydaren i ein stat («tilbydaren av det vitja nettet») tilbyr bruk av mobiltenester til ein utanlandsk mobilnettilbydar («tilbydaren av heimenettet») slik at mobiltilbydaren i heimstaten kan tilby ein abonnent å utføre og ta imot telefonsamtalar og andre mobiltenester (SMS, datatenester o.a.) i det vitjande mobilnettet.

Bakgrunnen for forordninga er at mobilbrukarar til no har opplevd urimeleg høge prisar på internasjonal gjesting i mobilnett. Det har òg vore ein stor prisvariasjon i dei ulike medlemsstatane. Verken engros- eller sluttbrukarprisane for gjesting i mobilnett innanfor EU-EØS-statane kan forsvarast ut ifrå dei underliggjande kostnadene for å tilby denne tenesta. Hausten 2005 lanserte Kommisjonen ei nettside som jamfører prisar på internasjonal gjesting i mobilnett for sluttbrukarar i medlemsstatane. Men nettsida har ikkje hatt den ønskte innverknaden på prisane. Kommisjonen har dermed teke eit sterkare reguleringsgrep i form av ei forordning.

Ettersom forordninga krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget til godkjenning i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 717/2007 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet