Historisk arkiv

Tilskotsordningar for 2013

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining, internasjonale miljøtiltak, byutvikling og lokalt miljøvern

Rundskrivet gir omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å kontakte fylkesmannen, fylkeskommunen eller Riksantikvaren.

Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar. 

Rundskrivet gir omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å kontakte fylkesmannen, fylkeskommunen eller Riksantikvaren.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.

Oslo, november 2012

 

Med helsing

Miljøvernministeren


Innhald


Tilskot til naturforvaltningstiltak

Alle søknader skal fremjast gjennom det nettbaserte søknadssystemet til Direktoratet for naturforvaltning. Eit unntak er  tilskot til generell vassforvaltning, underpost 3 . 

Tilskot til fiskeformål (Kap. 1425 post 70)

Mål for ordninga

Målet for tilskotsordninga er å medverke til forvaltning og tiltak knytte til berekraftig bruk av bestandar av anadrome laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) som det kan haustast av, til beste for fiskarar og rettshavarar.

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er private organisasjonar og lag, t.d. fiskarlag, grunneigarlag og jeger- og fiskarforeiningar.  I tillegg kan forskingsinstitusjonar og landsdekkjande organisasjonar, kommunar og interkommunale organ søkje om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Kultiveringstiltak

- Driftsplanlegging

- Tiltak for å betre tilgangen til fiske for allmenta og moglegheiter for fiske.

- Tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til laksefiske.

- Anvend forsking og overvaking

- Informasjon

Tilskot til tiltak som følgje av vedtatt driftsplan vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. I søknadssenteret må rett adressat veljast. Nasjonale tiltak skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning, medan lokale tiltak skal å  adresserast til fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.  

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Fylkesmannen handsamar søknadene frå lokale lag og organisasjonar innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett  oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søkarar bør merke seg følgjande:

- Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.

- Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeidd.

- Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen er i samsvar med godkjend kommunal plan, eller godkjend ved eit kommunalt vedtak før det blir søkt om tilskot.

- Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltaket er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan.

Søknader om tilskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå fylkesmannen, jf. «Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag» av 15.11.2004.

Tilskot til viltformål (Kap. 1425 post 71)

Mål for ordninga

Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at naturens produktivitet og mangfald av arter blir teken vare på nasjonalt og regionalt.

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er lag og organisasjonar, og i visse tilfelle kommunar og enkeltpersonar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

f- Tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og høve til jakt.

- Kartlegging av viltressursane/viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar.

- Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova.

- Iverksetjing av tiltak der føremålet er betre bestandsoversyn.

- Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd.

- Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid.

- Andre særleg prioriterte viltføremål.

Søknader om tilskot til tiltak som er forankra i ein driftsplan vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. I søknadssenteret må rett adressat veljast. Søknader på fylkesnivå  adresserast til fylkeskommunen eller fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld på følgjande måte:

- Søknader knytte til hjortevilttiltak (kap 1425 post 71, underpost1) skal adresserast til fylkeskommunen.                      

- Søknader knytte til villreintiltak (kap 1425 post 71, underpost 2) skal adresserast til fylkesmannen.

- Søknader knytte til lokale vilttiltak (kap 1425 post 71, underpost 3) skal adresserast til fylkeskommunen når søknaden gjeld arter det kan haustast av, og til fylkesmannen når søknaden gjeld truga eller sårbare arter eller arter det ikkje kan haustast av.

Søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning. 

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Fylkeskommunen og fylkesmannen handsamar søknadene på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2013. Søknader som blir handsama sentralt av Direktoratet for naturforvaltning kan kome til å få svar noko seinare, men skal som regel vere ferdig handsama innan 15. april 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast.

Tilskot til vassmiljøtiltak (Kap. 1427 post 70) med følgjande underpostar:

Tilskot til kalking (Kap. 1427 post 70, underpost 1)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å redusere negative verknader på naturmangfaldet i vassdrag som følgje av sur nedbør

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er organiserte lag som til dømes jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., samt kommunar og interkommunale organ.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Kjøp, transport og spreiing av kalk.

- Informasjon om verknader av utførte tiltak og rettleiing om kalking i vatn og vassdrag.

- Fiskekultiveringstiltak og andre tiltak for å styrkje fiskebestandane i kalka vassdrag.

Tilskot blir gitt til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden. Prosjekt som er inkludert i forslag til nasjonal handlingsplan for kalking for perioden 2011-2015, og/eller fylkesvise planar for kalkingsverksemda blir prioriterte. Eit vilkår for tilskot er at fiske i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøvernstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Døme på eigeninnsats er delfinansiering, dugnadsarbeid og kultiveringstiltak.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. I søknadssenteret må rett adressat veljast. Søknader frå organisasjonar og lag på kommunenivå skal adresserast  til kommunen. Søknader om tiltak som omfattar fleire kommunar skal sendast til ein av dei involverte kommunane. Søknader frå kommunar og organisasjonar på fylkesnivå skal sendast til fylkesmannen det fylket søknaden gjeld. Søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Kommunen tek imot og vurderer søknader frå lokale lag og organisasjonar, og sender søknadene med ei tilråding om prioritering til fylkesmannen saman med eventuelle søknader frå kommunen sjølv eller på vegne av fleire kommunar. Fylkesmannen handsamar søknadene frå lokale lag og organisasjonar, kommunar og organisasjonar på fylkesnivå innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått grunna manglande budsjettmidlar. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknader frå forskingsinstitusjonar og sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar. Alle søkjarar skal få svar innan 15. mars 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller kravet til innhald i søknaden. Søkarar bør likevel merke seg følgjande:

- Søknaden skal grunngi behovet for tiltaket (kjemisk og biologisk forsuringsutvikling og forsuringsstatus). Det skal opplysast om kva verknader ein ventar av tiltaket og om det trengst eventuelle fiskekultiveringstiltak.

- Søknaden skal stadfeste at eit eventuelt fiske vil vere tilgjengeleg for publikum og klarleggje om tiltaket har positive verknader for friluftslivet.

- Søknaden skal gi eit oversyn over eventuelle andre forureiningskjelder og tekniske og fysiske inngrep.

- Søknaden skal innehalde kalkingstekniske vurderingar som verknad på nedstraums liggjande lokalitetar og tilrettelegging for maskinell kalking.

- Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeidd.

- Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt må kvart prosjekt spesifiserast.

- Dersom søknaden gjeld vidareføring av eit eksisterande kalkingstiltak, skal ein rapport om status for dette tiltaket leggjast ved søknaden.

Nokre fylke har eigne skjema for søknader frå lokale organisasjonar/lag og kommunar, og for rapportering av status. Desse kan ein få hos fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.

Tilskot til bevaringstiltak for laksefisk, under dette tiltak mot Gyrodactylus salaris (Kap. 1427 post 70, underpost 2)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å bevare og utvikle bestandar av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette redusere negative verknader som følgje av Gyrodactylus salaris.

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er organiserte lag som til dømes jeger- og fiskarforeiningar, fiskarlag, grunneigarlag o.l., samt kommunar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ordninga er primært retta mot tiltak, samt forsking, utredning og overvaking som er av lokal karakter.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. I søknadssenteret skal Direktoratet for naturforvaltning veljast som adressat.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller kravet til innhald i søknaden. Men søkjarar må merke seg følgjande: 

- Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt spesifiserast

- Direktoratet for naturforvaltning kan krevje at søknaden er basert på ein ferdig driftsplan eller stille som vilkår at driftsplan blir utarbeida

- Søknaden skal dokumentere at tiltak som inneber fysiske inngrep i naturen er i samsvar med godkjend kommunal plan eller er godkjend ved eit kommunalt vedtak før det blir søkt om tilskot

- Søknader om tilskot til tekniske fiskeforsterkingstiltak skal innehalde opplysningar om området der tiltak er lokalisert, mellom anna geografisk namn, vassdrag og arealkategori i kommuneplan eller reguleringsplan

Søknader om tiskot til fiskekultiveringstiltak og tekniske fiskeforsterkingstiltak må ha lagt ved løyve frå grunneigar, fråsegn frå kommunen og løyve frå fylkesmannen, jamfør ”Forskrift om fysiske tiltak i vassdrag” av 15.11.2004.

Tilskot til generell vassforvaltning (Kap. 1427 post 70, underpost 3)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å medverke til eit godt økologisk og kjemisk vassmiljø. Hovudtiltaket er å utarbeide regionale vassforvaltningsplanar og å støtte arbeidet i utvalde vassområde med særskilte utfordringar.

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er landsdekkande miljøorganisasjonar, organiserte lag som til dømes jeger- og fiskarforeiningar og grunneigarlag o.l., samt kommunar.  I tillegg vil ein del av midlane bli tildelt dei fylkeskommunane som har vassregionmynde. Direktoratet for naturforvaltning vil fordele desse midlane etter ein konkret fordelingsnøkkel, og utan søknad.

Kva for tiltak kan få tilskot

Kommunar i utvalde vassområde med særskilte utfordringar, og organisasjonar sitt arbeid med  medverknad og informasjon i planarbeidet kan få tilskot.

Kor skal søknaden sendast

Søknadssenteret skal ikkje nyttast her. Søknader frå organisasjonar og lag om medverknad i planarbeidet skal sendast til Direktoratet for naturforvaltning. Søknader frå kommunar i utvalde vassområde med særskilte utfordringar skal sendast til Klima- og forureiningsdirektoratet.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Det er ingen spesielle krav til innhald i søknaden.

Tilskot til forvaltningstiltak i verdsarvområde og kulturlandskapsområde (Kap. 1427 post 71)

Mål for ordninga

Målet for ordninga er å medverke  til  berekraftig forvaltning av naturverdiane i norske verdsarvområde  og i særskilte kulturlandskap, med vekt på utvalde kulturlandskap i jordbruket. Arbeidet i norske verdsarvområde skal skje innafor ramma av forvaltningsplanar og internasjonale retningslinjer frå UNESCO.

Del 1. Forvaltningstiltak i verdsarvområde

Målgruppe

Målgruppa er i hovudsak stiftingane Vegaøyan verdsarv, Geirangerfjorden verdsarv og Nærøyfjorden verdsarvpark.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning søknadssystem på internett skal nyttast.. Søknader skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning. Søknadsfrist er 15. januar 2013.

Del 2. Forvaltningstiltak i kulturlandskapsområde

Målgruppe

Målgruppa er grunneigarar og lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. Privatpersonar, landsdekkande organisasjonar, kommunar og institusjonar kan også søke om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot i kulturlandskapsområde

Tiltak som kan få tilskot er:

- Skjøtsel

- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk

- Restaurering

- Gjerding

- Tiltak for å halde nede framande organismar

- Informasjon

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein  skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioriterte, under dette dei nasjonalt verdifulle kulturlandskapa. Det blir oppmoda til samfinansiering, til dømes med miljøtiltak i landbruket, der dette er mogleg.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning søknadssystem på internett skal nyttast. Søknader adresserast til fylkesmannen i det fylket der tiltaket skal gjennomførast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. mars 2013. Alle søkarar skal få svar innan 1. mai 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt (Kap. 1427 post 72)

Mål for ordninga

Målet for ordninga er å sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskader på husdyr og tamrein. Erstatningar blir utbetalte i samsvar med ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsatt 2. juli 1999 og ”Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt”, fastsatt 4. mai 2001.

Målgruppe

Målgruppa er eigarar av husdyr og tamrein.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning søknadssystem på internett skal nyttast. Søknadsfrist for tamrein er 1. april 2013, og søknadsfrist for husdyr er 1. november 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller kravet til innhald i søknaden.

Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga (Kap. 1427 post 73)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Ordninga skal også  medverke til å dempe konfliktar .

Del 1. Førebyggjande tiltak

Målgruppe

Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokalsamfunn.

Kva for tiltak kan få tilskot

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som t.d. omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan støttast økonomisk. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli  prioritert for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning.  For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning. 

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og nærare føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett  oppfyller krava til innhald i søknaden. For hjelp til utfylling kan fylkesmannen kontaktast.

Del 2. Konfliktdempande tiltak

Målgruppe

Målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokalsamfunn. Lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar kan òg søkje om tilskot.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artane kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge skal prioriterast. Tilskot kan også gis til evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknader som omfattar den einskilde region adresserast til fylkesmannen i det fylke der søkjaren har bustad. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning. 

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og nærare føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden. For hjelp til utfylling kan fylkesmannen kontaktast.

Tilskot til nasjonalparksenter og andre naturinformasjonssenter (Kap. 1427 post 76)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å medverke til etablering og drift av nasjonalparksenter og naturinformasjonssenter. Førebels er nasjonalparksenter, rovviltsenter og våtmarkssenter inkludert i ordninga. Sentra skal spreie kunnskap og merksemd om naturmangfaldet og medverke til berekraftig verdiskaping og annan berekraftig aktivitet i og utanfor verneområde. Enkelte senter er i tillegg knutepunkt i den lokale modellen for forvaltning av verneområde.

Målgruppe

Tilskot blir hovudsakeleg gitt til autoriserte nasjonalpark- og naturinformasjonssentra. Det kan bli lyst ut tiltaksmidlar som også andre aktørar kan søke på.

Kva for tiltak kan få tilskot

Autoriserte naturinformasjonssenter kan søke om eit årleg grunntilskot. Dette tilskotet skal dekke fortløpande aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.v. Grunntilskotet i 2013 er på 800 000 kr pr. senter.

Ordninga opnar i tillegg for å søke om ekstra tilskot til nye utstillingar og informasjonstiltak. Det kan også søkast om midlar for å etablere ekstra tilbod for publikum for sentre som har stort potensiale for stor publikumstilstrøyming og samarbeid med reiselivet.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Autoriserte sentre vil bli orienterte om søknadsfristar frå Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1.februar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett  oppfyller krava til innhald i søknaden.

Tilskot til prioriterte arter og utvalte naturtypar (Kap. 1427, post 82) med følgjande underpostar:

Tilskot til tiltak for prioriterte artar (kap. 1427 post 82, underpost 1)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak som sikrar prioriterte artar og til aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som medverkar til å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte artar. I tillegg er det lagt inn spesielle midlar til tiltak for å ta vare på hubro knytt til trugslar frå kraftleidningsnettet.

Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar (t.d. museum, universitet, landbruksforetak, forskingsinstitusjonar) søkje om tilskot. For hubro er målgruppa i første rekke eigarar av straumnett.

Det kan søkast om tilskot til tiltak retta mot følgjande artar 

- Pattedyr: Fjellrev

- Fuglar:  Dverggås, hubro, svarthalespove

- Amfibium: Storsalamander

- Insekt: Elvesandjeger, eremitt, klippeblåvinge

- Bløtdyr: Elvemusling

- Kreps: Edelkreps

- Karplantar: Dragehode, honningblom, rød skogfrue, jærtistel, skredmjelt, strandtorn, svartkurle, dvergålegras

- Mosar: Trøndertorvmose

- Lav:  Narreglye

- Sopp: Storpora flammekjuke

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Skjøtsel, som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, inkludert utarbeiding av plan for de nevnte tiltaka

- Biotopforbetrande tiltak; som t.d. graving av dam, masseuttak, planting, revegetering, tilretteleggje vandringskorridorar, lage overvintringsplassar

- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting

- Restaurering    

- Gjerding

- Innsamling og utsetting, t.d. flytting, reintroduksjon, innsamling av frø, osv.

- Informasjon retta lokalt/regionalt, t.d. informasjon retta mot lokal målgruppe eller informasjon om spesifikke lokalitetar/ førekomstar

- Kartlegging i samband med tiltak,  t.d. detaljkartlegging i ein lokalitet der ein veit ein aktuell prioritert arten finnast, og kartlegginga er naudsynt for å treffe best mogleg med tiltaket en søkjer om midlar til.

- Når det gjeld hubro skal tiltaka vere retta mot elektrokusjon (at det store vingespennet gjer at dei døyr ved straumgjennomgang som følgje av samtidig kontakt med fleire straumførande leidningar). For hubro-tiltak stillast det normalt krav om medfinansiering frå aktuell samarbeidspart (søkar)

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan, vil bli prioriterte.

Det oppmodast til samfinansiering, t.d. med miljøtiltak i landbruket der dette er mogleg.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknaden skal adresserast til fylkesmannen i det fylket søknaden gjeld.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Søkjarar får svar innan 1. april 2013.

Krav til innhald i søknaden

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Rett utfylling i dette systemet oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde. Fylkesmannen kan kontaktast for hjelp til utfylling.

Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på godkjent skjøtselsplan, eller kan stille som vilkår at plan blir utarbeidd. 

Tilskot til tiltak for utvalde naturtypar (kap. 1427 post 82, underpost 2)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak og aktiv skjøtsel for å ta vare på utvalde naturtypar og mangfaldet av artar som kjenneteiknar den einskilde naturtypen.

Målgruppe

Målgruppe for ordninga er grunneigarar, lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. I tillegg kan privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar kan søkje om tilskot.

Det kan søkast om tilskot til tiltak retta mot følgjande naturtypar:

- Hule eikar

- Kalksjøar

- Kalk-lindeskog

- Kystlynghei

- Slåttemark, inkludert lauveng

- Slåttemyr

- Høstingsskog (styva trær eller stubbelauva hassel)

- Kystlynghei

- Ålegraseng

Det kan søkast om tilskot til tiltak retta mot open kalkmark i Oslofeltet dersom denne naturtypen blir vedteken som utvald naturtype våren 2013.

Kva for tiltak kan få tilskot

Tiltak som kan få tilskot er:

- Skjøtsel, som t.d. rydding, hogst, slått, brenning, trepleie, ringbarking, lauving, inkludert plan for dette

- Tilpassa driftsform i jord- og skogbruk, tilpassa beiting

- Restaurering, som t.d. rydding av buskoppslag og trær

- Gjerding

- Tiltak som fjernar og hindrar spreiing av framande artar

- Informasjon lokalt og regionalt

- Kartlegging i samband med tiltak

Ordninga gjeld ikkje innafor verna område. Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioriterte.

Det oppmodast til samfinansiering, t.d. med miljøtiltak i landbruket, der dette er mogleg.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknaden skal adresserast til fylkesmannen i fylket der tiltaket skal gjennomførast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Ordinær søknadsfrist er 15. januar 2013. Dersom open kalkmark i Oslofeltet blir vedteken som utvald naturtype våren 2013, vil dette bli kunngjort på fylkesmannens og Direktoratet for naturforvaltning sine heimesider.

Fylkesmannen handsamar søknadane innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning. Fylkesmannen skal i si handsaming drøfte prioritering av søknadane med kommunane det gjeld. Fylkesmannen skal vurdere søknadane etter naturmangfaldloven Kap II.

Storleiken på tilskotet vert fastsett etter ei skjønn­s­messig vurdering av kvar søknad og det totale søknadsvolumet sett i samanheng med tilgjengelege midlar.

Søkjarar frå den ordinære søknadsrunda skal få svar innan 1. april 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til kva søknaden skal innehalde. Fylkesmannen kan kontaktast for hjelp til utfylling.

Fylkesmannen kan krevje at søknaden er basert på godkjent skjøtselsplan, eller kan stille som vilkår at plan blir utarbeidd.

Tilskot til naturfaglege organisasjonar (Kap. 1427 post 83)

Mål for ordninga

Målet med ordninga er å gi grunntilskot til demokratisk oppbygde, landsomfattande naturfaglege organisasjonar for å sikre frivillig engasjement og styrke medverknaden i slike spørsmål lokalt, regionalt og sentralt basert på fagleg innsikt.   

Målgruppe

Det er rekna med tilskot til:

- Foreningen Våre Rovdyr

- Norsk Biologforening

- Norsk Botanisk Foreining

- Norsk Entomologisk Foreining

- Norsk Ornitologisk Foreining

- Noregs Sopp- og nyttevekstforening

- Norsk Zoologisk Forening

Kva for tiltak kan få tilskot

Tilskot blir gitt som grunntilskot/driftstilskot. For 2013 er det rekna med tilskot til dei nemnde mottakarane på same nivå som for 2012.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden.


Tilskot til friluftslivsaktivitet

Alle søknader skal fremjast gjennom Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett. Unntak er  søknader om tilskot til drift for interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv og tilskot til drift og investering i Skjergardstenesta.

Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde (Kap. 1427 post 30)

Mål for ordninga

For å sikre område til friluftsliv skaffar det offentlege til veie areal ved erverv av eigedomsrett eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale). Det viktigaste føremålet med statlege midlar til sikring av friluftslivområde, er at friluftslivet skal styrkast som en helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg fritidsaktivitet. Sikring av område for friluftsliv i nærområde er eit viktig verkemiddel for å nå grupper som er lite aktive.

Målgruppe

Ordninga rettar seg mot kommunar  og interkommunale friluftsråd. Lokale lag og organisasjonar m.v. kan gjerne ta initiativ overfor kommunar og friluftsråd om å fremje sikringssøknad.

Kva for tiltak kan få tilskot

Statlege midlar vil særleg bli prioritert ved sikring av areal i nærleiken av bustadområde som kan nåast utan bruk av bil eller båt. Område som kan brukast av store folkegrupper (som t.d. allment tilgjengelig grønstruktur i byar og tettstader) er særleg prioriterte. Også landfaste område i kystsona har høg prioritet.

Søknader som er handsama og prioriterte i ein kommunal prosess etter plan- og bygningslova vil bli prioriterte. Dette aukar sjansane for at ulike interesser er ivaretekne og at sikring av friluftslivsområde skjer som ledd i ein plan for utvikling av friluftslivtilbodet i kommunen, og at ein regional eller nasjonal samanheng er vurdert. Ordninga rettar seg særleg mot areal som blir/vil bli intensivt nytta, og som bør leggjast til rette for friluftslivsføremål. Sikring av område for friluftsliv skal ikkje vere ein erstatning for ivaretaking av friluftsliv gjennom kommunale arealplanar, men vere eit supplement til slike planar.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjeld. Fylkeskommunen sender søknadene vidare til Direktoratet for naturforvaltning med ei tilråding.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013. Frist for fylkeskommunen til å sende  søknadene vidare til Direktoratet for naturforvaltning med ei tilråding er 1. april 2013. Direktoratet for naturforvaltning handsamar søknadene og skal gje melding til søkjar om utfallet innan 1. juli 2013.


Statlege midlar til føremålet vert tildelt over statleg investeringspost, og det er ingen klagerett på tildelingar.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden. For rett utfylling av søknadsskjema på internett er det utarbeidd rettleiing med link frå søknadssenter.

Tilskot til friluftslivstiltak (Kap. 1427 post 74)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å medverke til stimuleringstiltak og haldningsskapande arbeid for friluftsliv, med vekt på å styrkje allmenta sine interesser. Innsatsen vil i første rekkje rettast inn mot barn, unge, funksjonshemma og etniske minoritetar.

Målgruppe

Målgruppa for ordninga er lokale lag og organisasjonar, dei regionale nettverka ”Forum for natur og friluftsliv”, Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) og eventuelle andre samskipnader av landsdekkjande, frivillige organisasjonar med friluftsliv som arbeidsområde.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal nyttast til arbeid med og konkrete tiltak til fremje av friluftslivet som utgangspunkt for gode helsevanar, auka livskvalitet og miljøhaldningar. Kvalifiserte tiltak er t.d.:

- Tiltak retta mot barn, unge og barnefamiliar

- Tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, t.d. personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg

- Tiltak som legg til rette for lavtersketilbod for grupper som ikkje allereie er aktive.

- Tiltak som fremmer innlandsfiske som friluftsaktivitet

- Tiltak som bidrar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminnevern

Søknader om støtte til tiltak i og ved byar og tettstader vil bli prioriterte ved tildeling av midlar.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknader frå organisasjonar og lag på kommune- og fylkesnivå skal adresserast til fylkeskommunen i det fylket søknaden gjelder. Søknader frå sentralorgan i landsdekkjande organisasjonar skal adresserast til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013. Alle søkjarar skal få svar innan 1. april  2013.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett oppfyller krava til innhald i søknaden.

Tilskot til friluftsområde, interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv (Kap. 1427 post 78)

Mål for ordninga

Målet med tilskotsordninga er å styrke allmentas interesse for og deltaking i friluftslivet gjennom det arbeidet som skjer i dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar. Vidare skal ordninga gi økonomisk tilskot til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde og til drift av skjergardstenesta.

Ordninga skal dekke følgjande tilskotsformål:
1. Drift av interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv
2. Tiltak i statleg sikra friluftsområde
3. Drifts- og investeringsmidlar til Skjergardstenesta

Del 1. Interkommunale friluftsråd og landsomfattande samarbeidsorgan for friluftsliv

Målgruppe

Ordninga skal gi grunnstøtte til Friluftsrådenes Landsforbund (FL), dei interkommunale friluftsråda, Forum for natur og friluftsliv (FNF) og Friluftslivets Fellesorganisasjon (FRIFO). Midlane skal nyttast til drift, praktiske friluftslivstiltak og friluftsaktivitet i deira regi. Ordninga skal også nyttast til friluftstiltak retta mot fysisk aktivitet og folkehelse.  

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal medverke til at FL og dei interkommunale friluftsråda kan vidareføre arbeidet med rettelegging og skjøtsel av friluftslivsområde, og gjennomføre tiltak for auka friluftsaktivitet. Midlane skal vidare medverke til FRIFO sitt arbeid innafor friluftsliv, og til at samarbeidsforum mellom natur- og friluftsorganisasjonar (FNF) på fylkesnivå blir halden oppe  slik at arbeidet med å ivareta natur- og friluftslivsinteressene i fylka styrkast.

Kor skal søknaden sendast

Søknadssenteret skal ikkje nyttast her. FL og FRIFO sender søknad per post eller e-post til Direktoratet for naturforvaltning. Friluftsråd som ikkje er medlem av FL sender søknad om driftsstøtte direkte til Direktoratet for naturforvaltning.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013. Alle søkjarar skal få svar innan 1. april 2013.

Det er klagerett på generell tildeling, eller mangel på tildeling frå denne ordninga. Klagen skal fremjast skrifteleg til Direktoratet for naturforvaltning. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke.

Krav til innhald i søknaden

Søknaden skal gi ein orientering om planar for drift og aktivitetar i 2013.

Del 2. Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde

Målgruppe

Midlane skal nyttast i varig sikra friluftsområde. Det vil seie friluftsområde som er sikra med statleg medverknad til erverv eller bruksrett (www.naturbase.no). Midlane skal i all hovudsak nyttast til friluftsområde som blir intensivt brukt og som kommer store delar av befolkninga til gode. Nærområde og turvegar i og ved byar og tettstader, og område som har nasjonal eller regional betyding (hovudvekta av brukarar er busette utanfor kommunen) blir derfor prioriterte.

Berre kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje om midlar, men ein frivillig organisasjon kan ta hand om den daglege drifta av friluftsområdet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane på posten skal nyttast til opparbeiding av området, tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftsområdet. Tilrettelegginga har to hovudformål:

- Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftsaktivitet for alle
- Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring på plante- og dyrelivet,  kulturminne og kulturmiljø
- Tiltak som synleggjer kulturminne
- Tiltak som fremjar fritidsfiske

Aktuelle tiltak er t.d. informasjonstavler, tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, opparbeiding av turvegar og turstigar, plassar for parkering, fiskeplassar, toalett og renovasjonsordning, badebryggje, tilplanting og liknande. DN-handbok nr. 27 – 2006 «Naturvennlig tilrettelegging for friluftsliv» og DN-handbok 16 «Friluftsområder – offentleg sikring og forvaltning» gir rettleiing, idear og tips om arbeidet. Fylkeskommunen kan òg gi rettleiing om aktuelle tiltak.

Midlane skal ikkje nyttast til drift av friluftslivsområdet.

Det blir stilt krav om at kommune/friluftsråd har utarbeid forvaltningsplan for friluftslivsområdet. Planen skal følgje  ”Mal for forvaltningsplan”, vere godkjent av fylkesmannen og vere innanfor planperiode.

Kor skal søknaden sendast

Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett skal nyttast. Søknaden skal adresserast til fylkeskommunen i det fylke søknaden gjeld.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 15. januar 2013. Alle søkjarar skal få svar innan 1. april 2013..

Det er klagerett på generell tildeling, eller mangel på tildeling frå denne ordninga. Klagen skal fremjast skrifteleg til fylkeskommunen. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling i Direktoratet for naturforvaltning sitt søknadssystem på internett  oppfyller krava til innhald i søknaden.

Del 3. Drift og investering i Skjergardstenesta

Målgruppe

Midlane skal nyttast til drift  og investeringar  til Skjergardstenesta, og gjeld berre for dei faste einingane i Skjergardstenesta langs kysten frå Halden til og med Bergen.

Driftsområdestyre (i Oslofjorden til og med Telemark), kommunar med eiga driftseining i Skjergardstenesta (kystkommunar i Aust- og Vest-Agder) og dei 4 interkommunale friluftsråda i Vestkystparken (driftseiningar i Skjergardstenesta) kan søkje om midlar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Midlane skal gå til driftstilskot til Skjergardstenesta, og til den statlege delen av investeringskostnader knytt til kjøp av nye arbeidsbåtar, jf prioritering i den vedtekne investeringsplanen. Nokre midlar vert også nytta til statleg dekning av store reparasjonskostnadar etter særskilt avtale med Statens naturoppsyn.

Kor skal søknaden sendast

Søknadar om driftsmidlar skal adresserast til fylkesmannen i det fylke søknaden gjeld (i Rogaland og Hordaland til Fylkesmannen i det fylket som har sekretariatet for Vestkystparken).

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1.februar 2013 for søknad om driftstilskot. Alle søkjarar skal få svar innan 15. april 2013. Direktoratet for naturforvaltning/Statens naturoppsyn kan sette vilkår til bruk av dei statlege driftsmidlane.

Det er ikkje ein eigen søknadsfrist for søknader om investeringsmidlar til nye båtar. Denne tildelinga følgjer ein felles vedteke investeringsplan, og den einskilde driftseining mottek melding frå Statens naturoppsyn etter kvart som det vert aktuelt å starte opp å planleggja innkjøpet. Innkjøpet skjer vidare i samarbeid mellom lokal driftseining og Statens naturoppsyn og fylgjer ein fastsett prosedyre. Direktoratet for naturforvaltning/Statens naturoppsyn kan sette som  vilkår at Staten får ein eigardel i den nye båten.

Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store reparasjonar har heller ingen eigen søknadsfrist. Tiltaket skal om mogleg drøftast og avtalast før arbeidet tek til. Søknad sendast pr brev eller e-post til Statens naturoppsyn med kostnadsoverslag eller kopi av utgiftar som vedlegg. Tildeling skjer i samsvar med eigen fastsett nøkkel for kostnadsdeling.

Krav til innhald i søknaden

Søknad om driftsmidlar skal innehalde rekneskap og rapport for siste år, og driftsplan og budsjett for kommande år.

For kjøp av nye båtar sendast søknad som brev eller e-post direkte til Statens naturoppsyn frå den einskilde driftseining.

Søknader om statlege midlar til delfinansiering av store reparasjonar eller nye motorar sendast som brev eller e-post med eit kostnadsoverslag eller kopi av utgiftar som vedlegg til Statens naturoppsyn.


Tilskot til kulturminnetiltak

Tilskot til kulturminnetiltak (Kap. 1429 post 50, 72, 73,74 og 77)

Generell omtale

Riksantikvaren er eit direktorat for kulturminneforvaltninga og gir råd og rettleiing i faglege spørsmål til Miljøverndepartementet. Det er Riksantikvaren som forvaltar tilskotsmidlane over postane 72, 73 og 74. Sametinget forvaltar tilskotsmidlane over post 50.

Hovudføremålet for kulturminneforvaltninga er å hindre tap av kulturminne og kulturmiljø og ta vare på kulturminna som bruksressursar, og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Tilskotsmidlane må ein sjå i denne samanheng. Eigar vil som hovudregel ha ansvaret for gjennomføring av eit tiltak, men i einskilde høve kan det vere føremålstenleg at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget eller kommunane er ansvarlege i samarbeid med eigar. Der det er mogleg bør tilskotsmidlane kombinerast med ordningar for opplæring som kan heve kunnskapsnivået innan antikvarisk istandsetjing. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materiale.

Kor skal søknaden sendast

Som hovudregel skal søknaden sendast fylkeskommunen som vurderer og prioriterer før dei sender søknaden til Riksantikvaren for slutthandsaming. Ta kontakt med fylkeskommunen om det er behov for meir informasjon. Søknad om tilskot til samisk arbeid med kulturminnevern skal sendast Sametinget.

Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til dei respektive fylkeskommunane. I fylke der det ikkje finst eige søknadsskjema, skal søknaden følgje Krav til innhald i søknaden i dette rundskrivet. Det same gjeld for søknadar som skal sendast direkte til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2013. Søknadar som først skal handsamast av fylkeskommunane må sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Dei vert kunngjorde i dagspressa.

Krav til innhald i søknaden

I. Krav til identifikasjon av søkjar:

- Namn, adresse, eventuelt kontaktperson

- Telefonnummer

- Bankkontonummer, og eventuelt organisasjonsnummer i Brønnøysundregistra.

II. Krav til fagleg omtale av prosjektet/tiltaket som det blir søkt om pengar til:

- Namn eller adresse på objektet som ein søkjer tilskot til

- Kva for tiltak som planleggjast

- Framdriftsplan for prosjektet/tiltaket

- Beløp som det vert søkt om

- Korleis prosjektet/tiltaket  er planlagt gjennomført (t.d. bruk av arkitekt, handverkarar, eigeninnsats)

- Referansar frå prosjektleiar og utførande handverkarar frå liknande oppdrag

III. Krav til økonomisk omtale av prosjektet/tiltaket:

Utgifter spesifisert på:

- Løn inkl. feriepengar og arbeidsgjevaravgift

- Forbruksmateriell

- Reiser, transport, opphald

- Konsulenthjelp

- Andre utgifter (spesifisert)

Finansiering spesifisert på:

- Riksantikvaren eller fylkeskommunen (kap 1429, postane 72, 73 og 74)

- Andre departement eller direktorat

- Tilskot frå kommunen, eller tilskot frå fylkeskommunen som ikkje er statsmidlar

- Anna finansiering (spesifisert)

Det må vere samsvar mellom budsjetteringa og summen det søkast om.

Kostnadsoverslag og tilbod frå utøvande handverkar, arkitekt m.v. skal følgje søknaden. Likeeins beskriving av tiltaket med teikningar og eventuelt fotografiar. Vidare må søknaden innehalde ei utgreiing av om tiltaket eller delar av tiltaket kan gjennomførast ved mindre tilskot enn omsøkt. Dersom søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart prosjekt bli spesifisert.

Dersom søkjaren er ein organisasjon/institusjon, må søknaden fremjast av leiinga for organisasjonen/institusjonen. Dersom ei verksemd er mottakar av tilskot til drift, må ho kunne leggje fram vedtekter, statuttar e.l. og organisasjonsplan eller oversikt over styringsstrukturen i verksemda.

For anna informasjon om tilskotsordningane visast det til omtala av desse i Prop. 1 S (2012-2013) for Miljøverndepartementet. Fylkeskommunen eller Riksantikvaren kan òg gi meir informasjon.

Rapportering

Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid. Dette omfattar også ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbrev.

Omtale av dei einskilde ordningane

Tilskot til samisk arbeid med kulturminnevern (Kap. 1429 post 50)

Tilskotsordninga skal ivareta dei overordna kulturminnefaglege omsyna i arbeidet med samiske kulturminne og kulturmiljø. I hovudsak skal tildelingane gå til vedlikehalds- og restaureringsarbeid, og det er Sametinget som fastsett prioriteringane for ordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast til Sametinget, 9730 Karasjok. Tlf. 78 47 40 00. Sametinget svarer òg på spørsmål om ordninga.

Tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre private tiltak (Kap. 1429 post 72.1)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre og ta vare på kunnskap om automatisk freda arkeologiske kulturminne, jf forpliktingar omtalt i e i § 8, 9 og 10 i kulturminnelova.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot skal gjevast til heil eller delvis dekning av utgifter i samsvar med kulturminnelovas føresegn i § 8, 9 og10 og utfyllande retningsliner. Utgifter til særskilt gransking av automatisk freda kulturminne eller særskilte tiltak for å verne dei som følgje av tiltak (kml.§ 8 og 9) kan dekkjas helt eller delvis av staten. Staten dekkjer utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar når særlege grunnar ligg føre og i samband med mindre, private tiltak (i samsvar med kulturminnelova § 10). Det utbetalast også finnarlønn som blir fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.

Kor skal søknaden sendast

Det skal ikkje sendast eigen søknad om tilskot til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak. Ved handsaming av “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” er det fylkeskommunen og Sametinget som vurderer om søknaden gjeld eit mindre, privat tiltak. Utgiftene til arkeologiske undersøkingar vert i så fall heilt eller delvis dekte av staten.

Søknad om finnarløn sendast til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist.  “Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne” kan leverast heile året.

Når det gjeld finnarløn kan ein òg søkje heile året.

Tilskot til vern og sikring av freda bygningar og anlegg (Kap. 1429 post 72.2)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.

Målet er at alle freda bygningar og anlegg i privat eie skal vere satt i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Tilskotsordninga følgjer opp dei statlege pliktene i § 15a i kulturminnelova. Det vil seie å gi heilt eller delvis vederlag til private eigarar av freda kulturminne til fordyrande arbeid som følgjer av vilkår for dispensasjon, og til spesielt tyngande vedlikehaldsansvar jf §17 i kulturminnelova. Private eigarar og forvaltarar kan vere eiskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande.

Riksantikvaren kan sjølv initiere tiltak innafor særlege satsingsområde. Det er òg mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om midlar til større oppgåver for kulturminne som har nasjonal verdi.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsordninga omfattar både vedtaksfreda og automatisk freda bygningar som er mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Bygningane må være heilt eller delvis i privat eige.

Private eigarar av freda bygningar og anlegg kan få tilskot til heil eller delvis dekning av kostnader som skuldast fordyrande vilkår sett av kulturminnestyresmaktene, i samband med dispensasjon frå fredingsvedtak. Tilskot til viktige sikrings- og istandsettingstiltak tildeles etter følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring av freda bygningar og anlegg som forfell, og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av. Det meste av tilskotsmidlane blir fordelte til private eigarar og forvaltarar av freda kulturminne og kulturmiljø. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under måla for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen og Riksantikvaren innafor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og tydinga tiltaka har i høve til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Sjå under generell omtale ovafor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til mellomalderbygningar og anlegg (Kap. 1429 post 72.3)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for stavkyrkjene, til Bevaringsprogrammet for ruinar og i nokon monn til Bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige.

Tilskotsordninga skal medverke til å verne og sikre automatisk freda bygningar og ruinar frå middelalderen, under dette stavkyrkjene, slik at dei oppnår eit ordinært vedlikehaldsnivå. Målgruppa for ordninga er private eigarar og forvaltarar av disse kulturminna. Ordninga omfattar tilskot til bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sam­eige, kyrkjesokn, sokneråd, frivillige organisasjonar eller liknande. Riksantikvaren kan sjølv initiere tiltak innafor særlege satsingsområde.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane skal nyttast til større vedlikehalds- og restaureringsarbeid på bygningar og anlegg som er automatisk freda etter kulturminnelova. Dette inkluderer brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst. Tilskotsmidlane blir fordelt til private eigarar og forvaltarar av desse kulturminna. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor dei disponible budsjettmidla på underposten utføre ei samla fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og tydinga tiltaka har i høve til målet for tilskotsordninga. Det blir lagt vekt på utvikling av handverkskompetanse og bruk av tradisjonelle handverksteknikkar og materialar.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor. For ruinar stiller Riksantikvaren krav om at det skal lagast ein plan for skjøtselen. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.

Tilskot til kystkultur (Kap. 1429 post 72.4)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for freda kulturminne i privat eige.

Ordninga skal medverke til å sikre og setje i stand freda og spesielt bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Målgruppe er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt bevaringsverdige verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Private eigarar og forvaltarar kan vere einskildpersonar, stiftingar, styret i foreining/organisasjon/sameige, frivillige organisasjonar eller liknande.

Tiltak som kan få tilskot

Det blir lagt vekt på å bruke midlane til konkrete tiltak knytte til sikring og istandsetjing, og til forvaltning, drift og vedlikehald etter antikvariske retningsliner. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø det finst få av. Bygningar og anlegg som forfell, kan sikrast mellombels. Bruk av tradisjonelle materialar, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging er viktige grunnar for tildeling av tilskot. For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal fylkeskommunen og Riksantikvaren innafor dei disponible budsjettmidlane utføre ei samla fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane og tydinga tiltaka har i høve til målet for tilskotsordninga, under dette også verknader og ringverknader lokalt og regionalt. Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

Sjå under generell omtale ovafor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til freda og andre særlege verdifulle kulturmiljø og landskap (Kap. 1429 post 72.5)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø. Målgruppa for ordninga er private eigarar og forvaltarar av slike område.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane blir nytta til skjøtsel av dei utvalte kulturmiljø, som er freda etter kulturminnelova eller andre særleg viktige kulturmiljø. Tilskot skal primært nyttast til praktiske forvaltningstiltak for å setje i stand, skjøtte og sikre kulturlandskap. Tiltaka bør medverke til å utvikle prinsipp og modellar for god forvaltning. Ein vil prioritere prosjekt som gir verknad med omsyn til utvikling, samordning eller samspel, og prosjekt som har overføringsverdi. Dei freda kulturmiljøa vil bli prioriterte ved tildeling av tilskot. Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad frå private eigarar og forvaltarar av desse områda.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i forhold til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast til fylkeskommunen.

Søknadsfrist

 Sjå under generell omtale ovafor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til skjøtsel av automatisk freda kulturminne (Kap. 1429 post 72.6)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal sikre at eit utval automatisk freda arkeologiske kulturminne og bergkunstlokalitetar blir dokumentert, sikra og tilgjengelig for publikum. Målgruppe er private eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne.

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for utvalde arkeologiske kulturminne og Bevaringsprogrammet for bergkunst.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsmidlane blir fordelte etter søknad til private eigarar og forvaltarar av kulturminna. Prosjekt der det er stort lokalt engasjement og der det knyter seg særlege opplevings- og formidlingsverdiar til kulturminna vil bli prioriterte. Tilskot kan mellom anna gjevast til skjøtsel, sikring og formidling, under dette tiltak som aukar tilgjenge og som bidrar til å minske slitasje. Tilskot kan òg gjevast til tiltak som sikrar at resultata frå Bergkunstprosjektet blir nytta i skjøtsel, konservering og formidling og til metodeutvikling.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i høve til målet for tilskotsordninga. Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast fylkeskommunen som handsamar søknadane og sender dei vidare til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor. For søknader om tilskot til skjøtsel stiller Riksantikvaren krav om skjøtselsplan. Riksantikvaren kan hjelpe til med å utarbeide ein slik plan.

Tilskot til fartøyvernsentra (Kap. 1429  post 72.7)

Tilskotsmidlane er knytt til Bevaringsprogrammet for fartøy.

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra: Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter kan fungere som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av fartøy.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot skal medverke til at fartøyvernsentra kan ivareta fellestenester knytte til dokumentasjon og forsking, fagleg rådgjeving, driftstilskot for å dekkje sentra sine utgifter og oppgradering. Noko av tilskotsmidlane kan nyttast til investeringar i anlegga.

 Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen til Riksantikvaren er 15 . januar 2013.

Krav til innhald i søknaden.

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne (Kap. 1429  post 72.8)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal gå til arbeidet med Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne.

Målet er å setje i stand og vedlikehalde dei utvalde anlegga innan 2020.

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av dei utvalde anlegga. Det kan og bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer norsk industri- og teknikkhistorie.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskotsordninga skal medverke til å setja i stand og sikre forvaltning, drift og vedlikehald av dei tekniske og industrielle anlegga som er valde ut for spesiell oppfølging. Tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setja i stand dei utvalde anlegga, skal prioriterast. Det vil bli lagt vekt på at denne typen kulturminne skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.

Kor skal søknaden sendast

Søknaden skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til forvaltning og vedlikehald av kulturminne på World Heritage List, nasjonale oppgåver (Kap. 1429  post 72.9)

Mål for ordninga og målgruppe

Tilskotsordninga skal medverke til å sikre og setje i stand dei norske verdsarvområda i tråd med dei internasjonale retningslinjene frå UNESCO. Målgruppe for ordninga er private eigarar og forvaltarar av dei norske områda som er førte opp på UNESCO si verdsarvliste. Tilskot kan òg gjevast til tiltak som gir betre tilgjenge og som bidrar til å avgrense slitasje. 

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogram for verdsarven.

Riksantikvaren kan sjølv initiere viktige tiltak. Det er òg mogleg for fylkeskommunane på vegne av eigarar å søkje om midlar til større oppgåver.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot blir gitt til prosjekt for sikring, istandsetjing, overvaking og andre naudsynte tiltak i verdsarvområde, i samsvar med tilrådingar i evalueringsrapport frå ICOMOS (International Council on Monuments and Sites).

Kor skal søknaden sendast

For Bryggen i Bergen skal søknad sendast til Fylkeskonservatoren i Hordaland, og for Bergstaden Røros til Røros kommune. Søknader for Urnes stavkyrkje og bergkunsten i Alta skal sendast til Riksantikvaren. Søknader som gjeld bygningsvern på Vegaøyane, Vestnorsk fjordlandskap og Struves triangelkjede skal sendast dei respektive fylkeskommunane.

Søknadsfrist

Kommunane og fylkeskommunane har eigne søknadsfristar som ein kan få opplyst ved å vende seg dit. Sjå under generell omtale ovafor. Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til brannsikring og beredskapstiltak (Kap. 1429, post 73)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å sikre eit utval trehusmiljø og dei 28 stavkyrkjene mot brann. Midlane går til tilskot og drift av sikringsanlegg ved dei 28 stavkyrkjene, og til  brannsikring av utvalde tette trehusmiljø etter søknad. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi.

Målgruppa er private eigarar og forvaltarar av utvalde trehusmiljø og stavkyrkjar

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.

Kor skal søknaden sendast

Midlane fordelast direkte frå Riksantikvaren til særskilt prioriterte tiltak (stavkyrkjer). Andre søknadar sendast til fylkeskommunane som vidaresender søknaden til Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar  2013. For at fylkeskommunane skal rekkje å handsame søknaden før denne fristen, må søknader sendast fylkeskommunen i god tid føre dette. Fylkeskommunane kan ha ulike tidsfristar. Sjå under generell omtale ovafor.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til Fartøyvern   (Kap. 1429, post  74)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand eit utval av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtale med private eigarar om vern. Midlane på posten omfattar tilskotsmidlar til konkret istandsetjings- og vedlikehaldsarbeid på fartøy. Målgruppe for ordninga er private eigarar og forvaltarar av slike kulturminne som er nemnde ovafor.

Tilskotsordninga er knytt opp til Bevaringsprogrammet for fartøy.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot vil bli tildelt etter følgjande prioriteringar: Fartøy som er freda ved vedtak etter kulturminnelova vil få ein særskilt prioritering i dei kommande åra. Vidare vil lokalhistorisk forankring, stort lokalt engasjement og ein forutsigeleg økonomi vere viktige kriterium for tilskot. Andre viktige kriterium er særlege opplevings- og formidlingsverdiar, tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall og tiltak på fartøy det finst få av. Tilskot kan òg gjevast som støtte til driftsutgifter knytte til det laupande vedlikehaldet, t.d. til innkjøp av nødvendig forbruksmateriell, nødvendig periodisk ettersyn/service av maskineri og teknisk utstyr, fysisk sikring/ivaretaking av fartøyet, mellom anna strømoppkopling ved kai. Tilskot til drift kan gjevast etter søknad og blir tildelt etter behovsprøving ut frå faktiske behov for vedlikehald. Det blir ikkje gitt faste, årlige driftstilskott.

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot skal Riksantikvaren innafor disponible budsjettmidlar utføre ei samla fagleg vurdering av tiltaka i lys av den einskilde søknaden, og av behovet og venta miljøfaglege resultat som er synleggjort i denne. Riksantikvaren kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til Verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet  (Kap. 1429, post  77)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å fremje kulturminnebasert verdiskaping basert på erfaringane frå fase 1 av verdiskapingsprogrammet. Formålet med tilskotsmidlane er mir spesifikt å stimulere til at kulturminne og kulturmiljø blir tekne i bruk i utvikling av lokalsamfunn og som grunnlag for næringsutvikling.

Tiltak som kan få tilskot

Tilskot vil tildeles til satsingar som tydeleggjer og integrerer kulturminnefeltet i lokal og regional utvikling. Det skal leggjast vekt på prosjekt som koplar kulturarv og natur, og som involverer lokalt og regionalt næringsliv og frivillige. Det er ein føresetnad at fylkeskommunane og kommunane er aktive deltakarar. 

For å få tilskot er det ein føresetnad at tiltaket fell inn under målet for ordninga. Ved fordeling av tilskot vil arbeidet med Pilegrimsleia og Kultur og naturreisa bli prioritert.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Riksantikvaren.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Riksantikvaren er 15. januar 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Norsk kulturminnefond - Tilskot til disposisjon for kulturminnetiltak  (Kap.1432,  post  50)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å styrke arbeidet i å ta vare på bevaringsverdige kulturminne og kulturmiljø, og redusere tap av kulturminne. Ordninga skal bidra til at desse kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane frå fondet kjem som eit tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål.

Primær målgruppe for ordninga er private eigarar og frivillige organisasjonar som forvaltar av kulturminne og kulturmiljø. Kommunar kan også søkja for eigne kulturminne.

Midlane kan brukast til tiltak til bevaring av alle type faste kulturminne og kulturmiljø. Kulturminnefondet prioriterar tiltak som:

- fører til vern og sikring av kulturminne og kulturmiljø

- prosjekt som fremjar verdiskaping og aktivitet i lokalsamfunnet

- prosjekt som gir synergiverknader og løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats

Norsk kulturminnefond kan òg sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innafor særlege satsingsfelt. Sjå heimesida for nærmare informasjon.

Kor skal søknaden sendast
Søknad skal sendast Norsk kulturminnefond.

Søknadsfrist

Kulturminnefondet har ein årleg søknadsfrist for innsending av søknader: 01.11.

Krav til innhald i søknaden

Sjå heimesida til Norsk kulturminnefond Forskrift for Norsk Kulturminnefond, kapittel 4.

Oversikt over andre tilskotsordningar som er aktuelle for kulturminne og kulturmiljø

Det finst og tilskotsordningar som forvaltast av andre enn Riksantikvaren og som kan vere aktuelle å søkje om midlar frå til kulturminne- og kulturverntiltak, m.a.:

- Norsk kulturfond – kulturvern.

- Statens landbruksforvaltning – spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), under dette ivaretaking av natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap.

- ABM-utvikling – prosjektmidlar.


Tilskotsordningar på forureiningsområde

Utbetaling av pant for bilvrak (Kap. 1441 post 75)

Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall, kapittel 4, IV omhandlar utfylling av vrakmelding og utbetaling av vrakpant.

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å få bileigarane til å levere kasserte kjøretøy til godkjend oppsamlingsplass slik at bilvraka blir handsama på ein forsvarleg måte og kan gjenvinnast. Målgruppa er alle bileigarar.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt pant med kr 2.500,- for innlevering av bilvrak og beltemotorsyklar til godkjend oppsamlingsplass.

Vrakpanten blir utbetalt av Tollregion Midt-Noreg, Bodø mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend oppsamlingsplass for handsaming.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Utbetaling av vrakpant skjer fortløpande.

Krav til innhald i søknaden

Rett til utbetaling følgjer av Stortinget si løyving. Meldingar om mottekne vrak er grunnlag for utbetaling.

Refusjon av smøreoljeavgifta (Kap. 1441 post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til godkjend handsaming. Refusjon / tilskot skal bidra til å redusere prisen den som har avfall må betale for handtering av spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (for tida 20 anlegg) som har førehandstilsegn om tilskot frå Klima- og forureiningsdirektoratet.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt ein refusjon pr. liter spillolje som fyller krava for refusjon, og blir levert til godkjend handsaming. Det utbetalast refusjon for mange typar brukt smøreolje, transformatoroljer o.l. med unnatak av spillolje som kjem frå større skip i internasjonal sjøfart.

Oppfølging og kontroll

Oppfølginga blir ivareteke gjennom statistikk over årleg innsamla spillolje. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg for farleg avfall med førehandstilsegn frå Klima- og forureiningsdirektoratet. I tilsegna er det fastsett vilkår som refusjonsmottakar er forplikta til å følgje.

Utbetalingsoppmodinga blir kontrollert i høve til vilkåra.

Refusjonsordningar for trikloreten (TRI) (Kap. 1441 post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for ordninga er å hindre utslepp til miljøet av TRI frå TRI-haldig avfall. Refusjonen blir utbetalt til eigar av avfall som kan dokumentere at TRI-haldig avfall stammer frå avgiftsbelagt TRI og er levert til godkjent mottaksanlegg for farleg avfall .

Kva for tiltak kan få tilskot

Refusjonssatsen  er  på kr 25,- pr. kilo TRI. Refusjonen gjeld TRI som inngår i TRI-haldig avfall innlevert til godkjent mottak for farlig avfall  eller til godkjent verksemd som driv gjenvinning av TRI.  Berre TRI det er innbetalt avgift for gir krav på refusjon.

Kor skal søknaden sendast

Refusjonskrav kan fremjast av den som har avfall ved søknad til Klima- og forureiningsdirektoratet eller han som Klima- og forureiningsdirektoratet gjev slik mynde.

Krav til innhald i søknaden

Ved søknaden må den som har avfall leggja ved kopi av dokument som viser at det er betalt avgift for den mengde TRI som det krevjast refusjon for (jf. forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter, Kap. 3-14) og at avfallet er levert til godkjent mottakar.

Refusjon av avgift  på hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbonar (PFK) (Kap. 1441, post 76)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet med ordninga er å redusere utsleppa til miljøet av hydrofluorkarbonar (HFK) og perfluorkarbinar (PFK). Målgruppa er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.

Kva for tiltak kan få tilskot

Det blir utbetalt refusjon for den mengd HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved tidspunktet for innlevering, jf Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2. Avgifta er på kr 225 pr tonn CO2 – ekvivalentar.

Kor skal søknaden sendast

Refusjonskrav kan fremjast av den som har avfall ved søknad til Klima- og forureiningsdirektoratet.

Krav til innhald i søknaden

Det må leggjast ved analyseprøver til søknaden som viser kva slag mengd og typar av HFK og PFK som er levert til destruksjon. Søknaden skal òg innehalde dokumentasjon som viser at den mengda HFK og PFK det blir søkt om refusjon for, er levert til godkjent mottak for destruksjon. Retten til refusjon fell bort om avfallet ikkje blir oppbevart ved destruksjonsanlegget i minst to veker etter at søknad om refusjon er sendt inn. Retten til refusjon fell òg bort om avfallet i løpet av denne perioden ikkje er merka med kven som har levert avfallet, eller om avfallet ikkje er påført ein referanse til eit analyseprov.

Klima- og forureiningsdirektoratet kan fastsetje nærare reglar for utbetaling av refusjon i dei tilfella der HFK- og PFK-haldig avfall blir eksportert.

Statleg bidrag til oppryddingstiltak (Kap. 1441 post 69)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal medverke til undersøkingar og oppryddingsåtgjerder i forureina grunn og sjøbotn for å oppnå eit giftfritt miljø ved å løyse problem forårsaka av tidlegare utslepp av farlege miljøgifter. Målgruppa  er kommunar, og dei må sjølv koordinere og delfinansiere oppryddingsprosjekta.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1441 post 39 i revidert nasjonalbudsjett for 2012 (Prp. 111 S (2011-2012) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2012), samt i Prp. 1 S for 2012-2013 for Miljøverndepartementet, inneheld i det store og heile føringar som og er gjeldande for kap. 1441 post 69.

Kor skal søknaden sendast

Søknader skal sendast til Klima - og forureiningsdirektoratet. Søknader blir handsama løpande og det er ingen særskilt søknadsfrist.

Krav til innhald i søknaden

Det er viktig å få fram kva for kriterium som ligg til grunn for søknaden, jf. lista i postomtalen til kap. 1441.39. Elles er tiltak ofte så samansette og komplekse at det ofte ligg ein lengre dialog til grunn om ei sak før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med  Klima - og forureiningsdirektoratet for å klarleggje krava til den einskilde søknad  på førehand..

Statleg bidrag til oppryddingstiltak (Kap. 1441 post 79)

Mål for ordninga og målgruppe

Ordninga skal medverke til undersøkingar og oppryddingsåtgjerder i forureina grunn og sjøbotn for å oppnå eit giftfritt miljø ved å løyse problem forårsaka av tidlegare utslepp av farlege miljøgiftar. Kommunar koordinerer og delfinansierer oppryddingsprosjekta. Kommunale og interkommunale selskap / bedrifter, private bedrifter og privatpersonar er målgruppe.

Kva for tiltak kan få tilskot

Omtala av kap. 1441 post 39 i revidert nasjonalbudsjett for 2012,( Prp. 111 S (2011-2012)Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2012) og i Prp. 1 S  for 2012-2013 for Miljøverndepartementet inneheld i føringar som òg er gjeldande for kap. 1441 post 79.

Kor skal søknaden sendast

Søknader skal sendast til Klima - og forureiningsdirektoratet. Søknader blir  handsama løpande og det er ingen særskild søknadsfrist.

Krav til innhald i søknaden

Det er viktig å få fram kva for kriterium som ligg til grunn for søknaden, jf. lista i postomtalen til kap. 1441.39. Elles er tiltak ofte så samansette og komplekse at det oftast ligg ein lengre dialog til grunn om ei sak før ein søknad blir laga. Ein tilrår av den grunn kontakt med Klima - og forureiningsdirektoratet for å klarleggje krav til innhald  i den einskilde søknad på førehand.

Stipend (Kap. 1471 post 50)

Mål for ordninga

Stipendmidlane skal auke rekruttering til og kompetansen innafor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradsstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.

Utlysing av ordninga skjer i slutten av oktober kvart år med frist midt i november. Ein komité under Svalbard Science Forum vurderer søknadene og deler ut midlar.

Svalbards miljøvernfond (Kap. 1472, post 50)

Svalbards miljøvernfond blei etablert i 2005. Fondet består mellom anna av midlar frå miljøavgift for reisande til Svalbard og andre avgifter i samband med jakt og fiske.

Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak på Svalbard og som har til føremål å verne miljøet på øygruppa. Fondet har eit styre som fordeler fondsmidlane etter eksterne søknader. Sekretariatet for fondet er lagt til Sysselmannen på Svalbard.

For fristar og skjema for søknader, sjå: http://www.sysselmannen.no/, og klikk på ”Svalbards miljøvernfond” nedst  til venstre på forsida.


Tilskot til byutvikling og lokalt miljøvern

Tilskott til kommunane i Framtidas byar (kap. 1400 post 61)

Målgruppa for ordninga er deltakarkommunane i Framtidas byar. Ikkje-kommunale aktørar kan søke om midlar frå tilsvarande post 81. Framtidas byar er eit avtalebasert samarbeidsprogram for perioden 2008-2014 mellom staten, dei 13 kommunane som utgjer dei største byområda og næringslivet for å få ned klimagassutsleppa, møte klimaendringane og sikre eit godt bymiljø. Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte klimaendringar i framtida. Samtidig må byane halde fram med å utvikle eit godt fysisk miljø, betre helse for innbyggjarane og gode føresetnader for næringslivet.

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging postmottak@md.dep.no

Søknadane vurderast fortløpande gjennom året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013

Krav til innhald i søknaden

Regjeringa ønskjer i første  rekkje å stimulere arbeidet i  dei byane som vil gripe tak i klima- og miljøutfordringane på ein grunnleggjande ny måte, og er innstilte på å bruke verkemidla sine slik at dei byggjer opp under felles visjonar, mål og strategiar. Midlane på denne posten kan nyttast til kompetansebygging og andre tiltak og pilotprosjekt som er nyskapande, går på tvers av fagområda eller som utløyser andre ressursar, til dømes i næringslivet. Samarbeidsprogrammet er basert på dei 13 byanes klima- og energihandlingsprogram. Det er ein føresetnad at kommunane går inn med eigne midlar.

Tilskot til Plansatsing mot store byar (kap. 1400 post 61)

Målgruppe for ordninga

Målgruppa for ordninga er kommunane som utgjer og ligg rundt dei største byane i Noreg.

Mål for ordninga

Målet med tilskotet er at veksten i dei største byane skal møtast med betre regional planlegging for byområda, betre kollektivtransport på tvers av kommunegrensene, utvikling av gode bysenter og auka bustadbygging.. Miljøverndepartementet vil støtte kommunar som aktivt vil følgje opp måla for by- og bustadpolitikken. Det vil bli lagt særleg vekt på prosjekt som kan brukast som døme for andre byar. Det er satt av 18 mill. kr til ordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging, postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

Søknadane vurderast fortløpande gjennom året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013

Krav til innhald i søknaden

Aktuelle tiltak er:

- Omregulering til fleire bustader og aktiv bruk av  verkemiddel som strategiske tomtekjøp, urbant jordskifte, ekspropriasjon og utbyggingsavtaler.

- Samordna areal-, bustad- og transportplanlegging rundt dei største byane.

- Styrking av dei urbane kvalitetane i byane 

Dette er ei ny ordning frå og med 2013 og regjering vil komme tilbake til nærmare kriteria for ordninga.

Tilskot til miljøvennlig byutvikling i Groruddalen (kap. 1400 post 65)

Målgruppe for ordninga

Målgruppa for ordninga er etatane i Oslo kommune og bydelane i Groruddalen.

Mål for ordninga

Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ein intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016. Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Tildeling av midlar skjer på grunnlag av søknad og handlingsprogram for program 2. Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2. Det er satt av 32 mill. kr til ordninga. 30 mill. kr av dette disponerast årleg gjennom ei avtale mellom Miljøverndepartementet og Oslo kommune.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging, postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

Søknadane vurderast fortløpande gjennom året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013

Krav til innhald i søknaden

I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar som søknadane må følgje opp:

- Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.

- Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.

- Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.

Tilskot til Framtidas byar (kap. 1400 post 81)

Målgruppe for ordninga

Aktuelle mottakarar er samarbeidspartnarar i programmet Framtidas byer og andre organisasjonar som arbeider med utviklinga av betre og meir kunnskapsbasert bypolitikk og -utforming.

Mål for ordninga

Hovudmålet er å redusere dei samla utsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk, forbruk og avfall i dei største byområda. Det skal òg gjennomførast tiltak for å møte framtidige klimaendringar. Med bakgrunn i dei nasjonale måla og kommunane sine eigne mål for reduksjon av energibruk og klimagassutslepp, vil det bli utarbeidd informasjonssystem og indikatorar for å kunne følgje utviklinga. Det blir lagt vekt på utvikling og formidling av gode døme, slik at kommunane både i og utanfor programmet kan få kunnskap og inspirasjon til å gjennomføre gode og effektive tiltak. Ei samordning av tiltak og ressursar gjennom partnarskap vil venteleg føre til meir effektiv ressursbruk og raskare løysingar. Det er satt av 6 mill. kr til ordninga.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging, postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

Søknadane vurderast fortløpande gjennom året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til lokal plan- og miljøkompetanse (kap. 1400 post 81)

Målgruppe for ordninga

Målgruppa for ordninga er organisasjonar, stiftingar, faglege nettverk og interkommunale nettverk som arbeider med lokal plan- og miljøkompetanse, særleg i kommunane.

Mål for ordninga

På mange miljøområde rår kommunane sjølve over ei rekkje av dei viktigaste verkemidlane, så som plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og lovverka knytte til vatn, klima, forureining, støy og kulturminne. Kommunane sin nærleik til innbyggjarane, næringsliv og lokale organisasjonar gir gode høve til å skape forankring for miljøpolitikken. Det vil vere eit stort bidrag til den samla måloppnåinga på dette området om alle kommunar, både i rolle som produsent av tenester, utøvar av myndigheit og samfunnsutviklar, nyttar handlingsrommet fullt ut. Regjeringa vil derfor medverke til kommunane sin kapasitet og kompetanse for å handtere dei nye plan- og miljøoppgåvene. Med erfaring frå programmet Livskraftige kommunar (2006-2011) vil ein mellom anna arbeide vidare med å utvikle lokale indikatorar, rettleiing, verktøy og arbeidsformar med særleg vekt på nettverkslæring og interkommunalt samarbeid. Ein vesentleg del av midlane er knytt til arbeid med  læringsnettverk, interkommunalt samarbeid og  erfaringsformidling

Det er satt av 3 mill. kr til ordninga. Ytterligare informasjon om ordninga vil bli publisert på Miljøverndepartementets heimesider vinteren 2013.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

Søknadsfrist til Miljøverndepartementet er 15. april 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Tilskot til universell utforming (kap. 1400 post 81)

Målgruppe for ordninga

Målgruppa er kommunale og regionale forvaltningsnivå, organisasjonar og offentlege og private instansar.

Mål for ordninga

Ordninga skal stimulere til nytenking i planlegging og utforming av byggverk og uteområde slik at alle, utan omsyn til funksjonsevne, kan nytte dei på ein likestilt måte. Ordninga legg til grunn at det skal vere aktiv brukarmedverknad og formidling av resultata. Midlane er knytte til departementet sine tiltak i ny handlingsplan for universell utforming 2009-2013. Løyvinga er på 600 000 kroner årleg.

Dei er samordna med stimuleringsmidlar frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, knytte til handlingsplanen og særleg retta mot kommunesektoren.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, Avdeling for regional planlegging, postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

Søknadane vurderast fortløpande gjennom året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.


Andre tilskotsordningar

Tilskot til Den naturlege skulesekken (Kap. 1400 post 62)

Mål for ordninga og målgruppe

Målet for tilskotsordninga er å setje i gang utvikling av lokale undervisningsopplegg på den einskilde skule. Opplegga skal medverke til at elever i grunn- og vidaregåande skule som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida. Tilskot kan gis til grunnskular og vidaregåande skular, Vg1.

Kva for tiltak kan få tilskot

Den enkelte skule kan søkje på midlar til utvikling av undervisningsopplegg innafor berekraftig utvikling. Tiltak som kan få tilskot er utvikling av undervisningsopplegg som

- har høg faglig kvalitet og famnar om 2 eller fleire fag, der naturfag eller samfunnsfag må vera eit av faga

- nytter skulen sitt nærmiljø som læringsarena

- utførast i samarbeid med eksterne aktørar

- tar i bruk utforskande arbeidsmåtar

Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Naturfagsenteret gjev ut årlig. Rettleiingsmateriell for 2013 vil vere tilgjengelig frå 1. februar på http://www.natursekken.no/artikkel/vis.html?tid=1996536

Planlegging kan òg finansierast med midlar frå ein ekstern aktør, og prosjekt der ein kan oppnå samfinansiering vil bli prioriterte.

Kor skal søknaden sendast

Naturfagsenteret sitt elektroniske søknadssystem på internett skal nyttast. Naturfagsenteret kan kontaktast for hjelp til utfylling.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Søknader kan sendast frå 1. februar (ikkje tidlegare) og søknadsfristen er 15. mars 2013.

Naturfagsenteret handsamar søknadene frå skulane innafor ei budsjettramme fastsett av Direktoratet for naturforvaltning og Utdanningsdirektoratet. Sjølv godt kvalifiserte søknader kan bli heilt eller delvis avslått  grunna manglande budsjettmidlar. Alle søkjarar skal få svar innan15. mai 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå eige rettleiingsmateriell frå Naturfagsenteret.

Tilskot til nasjonale og internasjonale miljøtiltak (Kap.1400 post 76)

Del 1. Omtale om øyremerka tilskot og den delen av løyvinga som er open for søknader

Mål for ordninga

Målet for ordninga er å medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld naturmangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål innafor alle resultatområda i miljøforvaltninga. Målet med ordninga er òg å styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøvernpolitiske prioriteringar internasjonalt.

Ein stor del av midla under kap. 1400 post 76 er øyremerka bestemte føremål gjennom omtale i Miljøverndepartementet sin budsjettproposisjon. Den delen av løyvinga som ikkje er øyremerka og er open for søknader utgjer 8,4 mill. kroner. Desse midlane vil departementet mellom anna prioritere mot søknader som gjeld miljømerking og miljøsertifisering, arbeid for å fremje CO2-fangst og lagring (CCS), prosjekt som er relaterte til opprydding og førebygging av miljøgifter, avfallsrelaterte prosjekt, mellom anna arbeid med å redusere mengda mat som bli kasta, og prosjekt som medverkar til auka bruk av miljøvennlege transportformer og redusert transportbehov.

Søknader som gjeld klimatilpassing, utvikling og dokumentasjon av berekraftig skogforvaltning, og samarbeid med andre nordiske land om prosjekt retta inn mot dei internasjonale klimaforhandlingane vil òg bli prioriterte.

I tillegg er det satt av 200 000 kroner til internasjonale møter, 1 mill. kr til opplæring i naturmangfaldlova og 1 mill. kr til tiltak for å halde nede framande organismar.

Målgruppe

Målgruppa er ikkje-statlege, frivillige nasjonale og internasjonale organisasjonar. Institusjonar og private verksemder kan òg søkje.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast Miljøverndepartementet, postmottak@md.dep.no

Søknadsfrist

1. mars 2013.

Krav til innhald i søknaden

Sjå under generell omtale ovafor.

Del 2. Tilskot til Den naturlege skulesekken

Mål og målgruppe for ordninga

Det er sett av 2 mill. kr å sette i gang tiltak eller prosjekt hos lokale og landsdekkjande ikkje-statlege lag, organisasjonar og privatpersonar som støtter opp under grunnskulenes (1.- 10. årssteg og Vg1) planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i nærmiljøet.

Ein føresetnad for å få tilskot er at opplegget er i samsvar med rettleiingsmateriell som Naturfagsenteret gjev ut årlig. Rettleiingsmateriell for 2013 vil vere tilgjengelig frå 1. februar på http://www.natursekken.no/artikkel/vis.html?tid=1996536

Kor skal søknaden sendast

Søknadene skal fremjast gjennom eit nettbasert søknadssystem som vert tilgjengeleggjort på Natursekken.no 

Søknadsfrist

Søknader kan sendast frå 1. februar og søknadsfristen er 15.mars 2013.

Det er klagerett på generell tildeling, eller mangel på tildeling frå denne ordninga. Klagefristen er tre veker etter at vedtaket er motteke.

Krav til innhald i søknaden

Rett utfylling av søknaden oppfyller krava til innhald i søknaden.

Tilskot til tiltak og prosjekt for å bringe miljøvern nærmare folk (Kap 1400 post 81)

Mål og målgruppe for ordninga

Føremålet er å engasjere enkeltmenneske i ulike typar miljøspørsmål, skape debatt, oppmuntre og skape lyst og ynske om miljøvenleg åtferd. Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande skal og medverke til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap tilgjengeleg. Målgruppa for ordninga er organisasjonar, stiftingar og faglege nettverk.

Kor skal søknaden sendast

Søknad skal sendast til Miljøverndepartementet, Kommunikasjonsenheten, postboks 8013 Dep., 0030 Oslo.

Søknadsfrist og sakshandsaming

Det er ingen søknadsfrist. Det vil vere kontinuerleg handsaming av søknader gjennom heile året, men siste søknadsfrist er 15. desember 2013.

Krav til innhald i søknaden

Søknaden skal innehalde ei framstilling av prosjektet, mellom anna kva prosjektet dreier seg om, prosjektet sitt potensiale, dei samla kostnadene ved tiltaket, plan for finansiering og plan for gjennomføring. Det vil bli stilt krav til rapportering om resultat frå prosjektet.


Adresseliste

Direktorat

Direktoratet for naturforvaltning
Tungasletta 2
7485 Trondheim
tlf. 73 58 05 00
http://www.dirnat.no/
Elektronisk søknadssenter 

Klima- og forureiningsdirektoratet
Strømsvn.96, Pb. 8100 Dep.
0032 Oslo
tlf. 22 57 34 00
http://www.klif.no/

Riksantikvaren
Dronningensgt. 13, P.b. 8196 Dep.
0034 Oslo
tlf. 22 94 04 00
http://www.riksantikvaren.no/

Fylkesmenn

http://www.fylkesmannen.no/

Fylkesmannen i:

Adresse

Telefon/Telefax

Oslo/Akershus

Tordenskjoldsgt. 12
Boks 8111, Dep 0032 Oslo

22 00 35 00
22 00 35 35

Østfold

Vogtsgt. 17, 1502 Moss
Pb 325, 1502 Moss

69 24 70 00
69 24 70 01

Hedmark

Statens hus, Parkgt 36,
Pb 4034, 2306 Lillehammer

62 55 10 00
62 55 10 31

Oppland

Storgata 170, Serviceboks
Statens hus, 2626 Lillehammer

61 26 60 00
61 26 61 67

Buskerud

Fylkeshuset,
Pb 1604, 3007 Drammen

32 26 66 00
32 89 32 36

Vestfold

Statens Park, Anton Jensensgt. 6
Postboks 2076, 3103 Tønsberg

33 37 10 00
33 37 11 35

Telemark

Statens Hus,
Gjerpensgt. 14, 3708 Skien

35 58 61 10
35 52 85 90

Aust-Agder

Ragnvald Blakastads vei 1
Serviceboks 606, Fylkeshuset, 4809 Arendal

37 01 75 00
37 01 76 10

Vest-Agder

Tordenskioldsgt 65
Serviceboks 513, 4605 Kristiansand S

38 17 60 00
38 17 60 13

Rogaland

Statens hus, Lagårdsvn. 78
Pb 59, Sentrum, 4001 Stavanger

51 56 87 00
51 56 88 11

Hordaland

Statens hus, Kaigt. 9
Postboks 7310, 5020 Bergen

55 57 20 00
55 27 20 09

Sogn og Fjordane

Tinghuset, Skrivarvegen 3
6863 Leikanger

57 65 50 00
57 65 50 55

Møre og Romsdal

Fylkeshuset
6404 Molde

71 25 84 43
71 25 85 10

Sør-Trøndelag

Statens Hus
Prinsensgt. 1, 7468 Trondheim

73 19 90 00
73 19 91 01

Nord-Trøndelag

Statens Hus
7734 Steinkjer

74 16 80 00
74 16 80 53

Nordland

Moloveien 10
8002 Bodø

75 53 15 00
75 52 07 03

Troms

Strandveien 13
Postboks 6105, 9291 Tromsø

77 64 20 00
77 64 21 39

Finnmark

Statens hus,
Damsvn 1, 9815 Vadsø

78 95 03 00
78 95 03 07

Fylkeskommuner

Fylkeskommune

Adresse

Telefon/Telefax

Østfold

P.b. 220
1702 Sarpsborg 

69 24 70 00
69 11 70 70 

Akershus

P.b. 1200 Sentrum
0107 Oslo

22 05 50 00
22 05 50 55

Oslo
Bymiljøetaten, Kundedivisjonen

P.b. 9336 Grønland
0135 OSLO

02 180
23 49 30 09

Hedmark

Fylkeshuset
Parkgt. 64, 2325 Hamar

62 54 40 00
62 54 46 60

Oppland

Serviceboks
2626 Lillehammer

61 28 90 00
61 28 94 95

Buskerud

Fylkeshuset
3020 Drammen

32 80 85 00
32 80 85 08

Vestfold

Sven Foynsgt. 9
3126 Tønsberg

33 34 40 00
33 31 59 05

Telemark

Fylkeshuset
3706 Skien

35 58 42 00
35 52 99 55

Aust-Agder

Serviceboks 606
4809 Arendal

37 01 73 00
37 01 73 03

Vest-Agder

Serviceboks 517
4605 Kristiansand S

38 07 45 00
38 07 45 01

Rogaland

P.b. 130
4001 Stavanger

51 51 66 00
51 51 68 35

Hordaland

P.b. 7900
5020 Bergen

55 23 90 00
55 23 99 49

Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2
6863 Leikanger

57 65 61 00
57 65 61 01

Møre og Romsdal

Fylkeshuset
6404 Molde

71 25 80 00
71 25 87 21

Sør-Trøndelag

Erling Skakkesgt. 14
7004 Trondheim

73 86 60 00
73 86 64 80

Nord-Trøndelag

Seilmakergt. 2 
7735 Steinkjer

74 11 10 00
74 11 10 51

Nordland

Prinsensgt. 100
8048 Bodø

75 65 00 00
75 65 00 01

Troms

P.b. 6600
9296 Tromsø

77 78 80 00
77 78 80 01

Finnmark

Fylkeshuset
9815 Vadsø

78 96 20 00
78 96 23 70