Høringssvar fra Helse Fonna HF

Dato: 01.11.2019

Helse Fonna har hatt høyring om tilgjengeleggjering av helsedata (endringar i helseregisterlova m.m.) på høyring i organisasjonen hos m.a. personvernombod, føretaksadvokat og leiar for forsking og innovasjon. Helse Fonna støttar forslaga i høyringa. Det er positivt at det blir gjort ei harmonisering av reglar for tilgjengeleggjering og samanstilling av helseopplysningar, og at det blir gjort tiltak for å gjere analyser, statistikk, kvalitetsforbetring og forsking med grunnlag i helsedata enklare. Vi ser det som særleg positivt at Reseptregisteret ikkje lenger skal vere eit pseudonymt register. Helse Fonna støttar vurderinga av at forslaga i høyringa vil bidra til at potensialet i helseregistera for å auke kunnskap om helse og sjukdom i større grad blir nytta.