Historisk arkiv

Tilskotsordningar for 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og internasjonale miljøtiltak

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern, forureining og internasjonale miljøtiltak

Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagens miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar, private verksemder og privatpersonar. Rundskrivet gir orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskingsorganisasjonar. 

Rundskrivet gir omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å kontakte fylkesmannen og fylkeskommunen.

Frå og med 2010 er det eit krav at søknader om tilskot til vilttiltak, til førebyggjande og konfliktdempande rovvilt-tiltak og søknader om tilskot til lokale fisketiltak (gjeld ikkje kalkingsmidlar) fremjast i det nettbaserte søknadssystemet til Direktoratet for naturforvaltning.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.

 

Oslo, oktober 2009

Med helsing

Miljøvernministeren

Du kan og laste ned rundskrivet (pdf)