Høringssvar fra Stavanger Kommune

Høyringssvar frå Stavanger kommune

Dato: 25.07.2016

Svartype: Med merknad

Etter vedtak i formannskapet 9.6.2016 gir Stavanger kommune følgjande høyringsfråsegn:

Elever sin rett til «eit godt og trygt skulemiljø» og nulltoleranse mot krenkingar og mobbing: Stavanger kommune støttar forslaget om å endre lovteksten til å sikre elevane eit ‘godt og trygt skulemiljø’. Når det gjeld ‘nulltoleranse’, støttar Stavanger kommune intensjonen bak dette forslaget, og ser som departementet på dette som at gjeldande rett blir presisert. Stavanger kommune vurderer det likevel slik at omgrepet ‘nulltoleranse’ kan vere vanskeleg å operasjonalisere, og omgrepet passar betre som ein overordna visjon enn i ein lovtekst, der det skal kunne etterprøvast om skulane oppfyller lovkravet.

Utvida aktivitetsplikt som erstatning for einskildvedtak: Når ein elev opplever eit ikkje tilfredsstillande skulemiljø, er det viktig å komme tidleg i gang med gode tiltak. Stavanger kommune vurderer det ikkje slik at plikta skulane i dag har til å fatte einskildvedtak i 9A-saker står i vegen for å gripe inn tidleg og setje inn gode tiltak. Ordninga med einskildvedtak tar vare på og rammar inn både skulen og elevane sine interesser som part i ei sak etter 9A. Stavanger kommune vurderer det som usikkert i kva grad den nye aktivitetsplikta og handhevingsordninga kan erstatte denne ramma på ein måte som er føreseieleg for alle partar, og som i sum gir ei kvalitativt betre ordning for å sikre gode skulemiljø samanlikna med ordninga vi har i dag.

Stavanger kommune er positiv til å spesifisere innhaldet i skulane si aktivitetsplikt. Som skuleeigar er det derimot eit viktig spørsmål kva ein rimeleg kan forvente av skulane, til dømes når departementet vil gi skulane ‘plikt til å følgje med’, uavhengig av konkret kjennskap eller mistanke om krenkingar eller mobbing. Også når det når det gjeld det skjønnsmessige i varsling av skuleleiinga og skuleeigar, vurderer Stavanger kommune det som uavklart på kva nivå forventningane til skulane vil ligge.

Ut over dette støtter Stavanger kommune dei andre endringane i aktivitetsplikta som departementet føreslår, inkludert å skjerpe aktivitetsplikta i tilfelle der det er tilsette som krenker elevar.

Ny ordning for å handheve brot på aktivitetsplikta: Forslaget til ny handhevingsordninga heng nært saman med endringane i aktivitetsplikta og retten til einskildvedtak. I følgje departementet er målet at den nye ordninga skal vere meir tilgjengeleg, mindre utmattande og konfliktskapande, og i større grad endre skulekvardagen til elevar som klagar. Fylkesmannen skal ved klage kontrollere om skulane har følgt aktivitetsplikta, og kan deretter gi skulane pålegg om eller retting av tiltak.

Den nye handhevingsordninga verkar mest å vere innretta mot skular som unngår å handle i skulemiljøsaker. Slik Stavanger kommune ser det, er det derimot sjeldan uvilje mot å gripe inn frå skulen si side som gjer at saker ikkje blir løyste. Derimot handlar dei fleste skulemiljøsaker om at skulen i samarbeid med eleven, foreldra og eventuelle andre instansar må finne dei rette tiltaka. Sakene krev ofte langsiktig jobbing med relasjonar i ei elevgruppe.

Stavanger kommune vurderer det som usikkert at departementet sitt forslag vil oppfylle måla med den nye ordninga. Skulemiljøsaker er ofte komplekse. Fylkesmannen som handhevingsorgan vil få ei vanskeleg og tidkrevjande oppgåve med å skaffe seg oversyn over dei faktiske tilhøva i klagesaker. Stavanger kommune meiner derfor departementet undervurderer spørsmålet om sakshandsamingstid med den nye handhevingsordninga.

Stavanger kommune vurderer det som svært usikkert om den nye aktivitetsplikta og den nye handhevingsordninga som departementet skisserer, vil føre til ei forbetring av noverande praksis i skulemiljøsaker, både med omsyn til skulane og elevane, og vil derfor tilrå at ein held fram med ordninga som gjeld i dag.

Reaksjonar mot skuleeigarar: Stavanger kommune vurderer at ei ordning med å gi tvangsmulkt til skuleeigarar som ikkje følgjer pålegg frå handhevingsorganet er lite formålstenleg. Slik forslaget er skissert, ser Stavanger kommune at det berre heilt unntaksvis vil vere grunnlag for å gi skuleeigarar ei slik mulkt. Ei meir målretta løysing er å etablere eit system der skulen får spesiell oppfølging, til dømes av Utdanningsdirektoratet. Ein kvar seriøs skuleeigar vil unngå å komme i ein slik situasjon. Ei løysing der skular blir tett følgde opp er etter Stavanger kommune sitt syn ei meir målretta og konstruktiv innramming av skular som slit med å få til eit godt skulemiljø.

Andre endringar i kapitlet og elevane sitt skulemiljø: Stavanger kommune støttar dei resterande endringane som ligg i departementet sitt forslag. Forslaga fører etter Stavanger kommune sitt syn i liten grad med seg store praktiske endringar for skulane. Dette gjeld også plikta skulane kan få til å informere elevar og foreldre om reglane i kapitlet om skulemiljø.  

Økonomiske og administrative konsekvensar: Departementet estimerer at endringane som er føreslått ikkje fører med seg auka økonomiske og administrative kostnadar for skuleeigar. Stavanger kommune er ueinig i denne vurderinga. Stavanger kommune vil peike på at krava til skulane om å dokumentere kva som har blitt gjort i arbeidet med skulemiljøet i praksis kan bli skjerpa med departementet sitt forslag. Både når det gjeld plikta til å følgje med, til å undersøke og vurderingane som ligg bak om skuleleiar/skuleeigar skal varslast eller ikkje, vil det i praksis truleg følgje med eit auka krav om dokumentsjon. Dette vil langt overstige dei administrative ressursane som einskildvedtak bind opp på skulane i dag.