Høringssvar fra Nissedal kommune

Høyringssvar frå Nissedal kommune på NOU 2015 Å høre til - virkemidler for et trygt psykososialt miljø

Dato: 01.06.2016

Svartype: Med merknad

Nissedal kommune stiller seg bak arbeidet utvalet har foreteke i arbeidet med verkemedel for eit trygt psykososialt miljø. Me er samde i at det er rett å auke rettstryggleiken til elevane. Skulen og skuleeigar støtter at skulen skal stillast til ansvar for mangelfull oppfølgjing av krenkjingar.

Me stillar store spørsmålsteikn ved at skulen skal ha dette ansvaret åleine. Me har tru på at dei fleste sakar løyser ein best inært samarbeid med heimen. Slik det er nå er det framstilt som om skulen sit med det totale ansvaret åleine. Det kjem ikkje fram av høyringsforslaget at foreldra har plikter eller kan bli sanksjonerte dersom dei ikkje bidreg til løysing. Dersom heimen motarbeidar skulen i å finne ei god løysing, bør det vere ein klar sanksjon med å melde til barnevernet. Barnevernet bør på si side arbeide med slike problemstillingar på lik linje med sakar som gjeld t.d. omsorgssvikt. Det finst døme på tilfelle der heimane er så i konflikt med kvarande, at skulen åleine ikkje kan løyse opp i dette. Då bør ein kunne forlange at heimane møter i konfliktrådet.

3.4. Forslag til individuell rett: Me er samde i at det skal stå "Trygt" i ordlyden, men undtrast på om det då likevel skal stå "godt". Kan det vere tilstrekkeleg at det står "Alle elevar har rett til eit trygt skolemiljø...". Me er samde med Djupedalsutvalets innstilling, s. 8.

Skulen har eit opplagt og klart ansvar for å stoppe uønskja hendingar i skuletida. Det er problematisk at skulen skal vere ansvarleg for hendingar som har rot i det som skjer på fritida. Dette kan opplevast som ei sovepute for foreldra. Foreldras ansvar må kome klart fram og dei må ha klare pliktar i slike situasjoner.

Me er samde i pressiseringane i 4.3.9 om når skulen sin aktivitetsplikt er oppfylt. Det er viktig at det blir tydeleg for foreldre og omverdenen at skulen sin aktivitetsplikt er oppfylt når man har gjort alt som med rimelegheit kan krevast. Det må ikkje halde fram med å oppfattast slik at skulen må bli kjemisk fri for uønskja hendingar. Det kan me ikkje klare. Ei slik idealistisk verd lever me ikkje i og det vil då bli eit stort fall for elevane etter endt grunnutdaning om dei ikkje er rusta til å takle sider ved livet som er vanskelege. Dette betyr ikkje at me vil fråskrive oss ansvaret på nokon måte, men det handlar om at skulen og foreldra saman må ruste elevane til å takle livet. Dette siste gjeld sjølvsagt ikkje i dei alvorlege mobbesakene.

Me er samde i at vedtakspliken opphøyrer. Det er mykje viktigare å nytte ressursar og kreftar på å handle raskt.