Høringssvar fra Møre og Romsdal fylkeskommune

Høyringssvar frå Møre og Romsdal fylkeskommune på endringar i opplæringslova om læringsmiljø

Dato: 20.06.2016

Svartype: Med merknad

Møre og Romsdal fylkeskommune har følgjande innspel til høyringa:

Basert på det ein veit frå forsking på læringsmiljø og på lokale tal blant anna på enkeltvedtak etter §9a i Møre og Romsdal (UD 23-/16 m.fl.) kan det sjå ut til å vere behov for å endre lovverket på dette området. Det kan for eksempel sjå ut til at definisjonen på mobbing kan ha vore eit hinder for å både varsle og sette inn tiltak. Difor er også ei språkendring til at skolemiljøet skal vere trygt og godt fornuftig.

Departementet foreslår å endre kravet om enkeltvedtak til ei aktivitetsplikt utan dokumentasjonskrav. Ved å ikkje ha dokumentasjonskrav knytt til aktivitetsplikta stiller fylkeskommunen spørsmål ved om dette vil kunne føre til at både skoleeigar og klagar står svakare i ei rettssak knytt til §9a. Fylkeskommunen foreslår difor at det i lovendringa blir eit dokumentasjonskrav knytt til når skolen finn hendingar eller får henvendingar om læringsmiljøet. Nivået på dokumentasjonen kan vere opp til kvar enkelt skoleeigar. Forslaget om å gå vekk frå kravet om enkeltvedtak kan vere eit godt grep om å flytte arbeidet med læringsmiljø frå skrivebordet til klasserommet og ut til elevane sin kvardag.

Ved å flytte ordensreglementet til kapittel 9 kan vere med å gjere knytinga mellom reglement og sanksjonar tettare. Fylkeskommunen støttar dette forslaget.

I forslaget ønskjer departementet å fjerne regelen om at skoleleiinga skal informerast ved §9a-saker. Fylkesrådmannen ønskjer å behalde denne ordninga da ein vil unngå at lærarar står åleine i saker og at det i følgje forskninga er viktig å bygge felles kultur på skolane om handteringa av slike saker.

Høyringssvaret er behandla politisk i Utdanningsutvalet 12.5.2016 og i Ungdomspanelet 14.6.2016.