Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

U-4/2002

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Opplegg for registrering og kontroll av tal på psykisk utviklingshemma i kommunane pr. 1. januar 2002

Opplegg for registrering og kontroll av tal på psykisk utviklingshemma i kommunane pr 1. januar 2002

U-4/2002

Til landets kommunar
Vår ref: 02/01286
Dato: 18.03.2002

1. Generelt

Vi viser til SHD sitt rundskriv I-14/2001 der det ble gjort greie for registrerings- og kontrollopplegg i samband med kriteria i inntektssystemet:

  • tal på psykisk utviklingshemma 0-15 år og
  • tal på psykisk utviklingshemma 16 år og over

Dette rundskrivet erstattar rundskriv I-14/01, men opplegget for 2002 er hovudsakleg som opplegget i 2001.

Tal på registrerte psykisk utviklingshemma pr. 01.01.2002 dannar grunnlag for utrekningar i inntektssystemet for 2003.

Alle kommunar skal fylle inn nødvendige opplysningar om tal på psykisk utviklingshemma i eige skjema (Vedlegg). Departementet vil sende ut nytt rundskriv som gjeld kontrollopplegg for 2002 saman med rapporteringsskjema for kommunerevisjonen og liste over kommunar som skal kontrollerast i 2002.

2. Opplegg for registrering og kontroll

  1. Kommunane sine administrasjonar skal for interne formål ha eit register (liste) over alle psykisk utviklingshemma som er tildelt tenester (enkeltvedtak) av kommunen med heimel i Lov om sosiale tenester §§ 4-2 eller 4-3 og/eller Lov om helsetenesta i kommunane § 1-3 andre lekk nr. 3 og 5 (heimesjukepleie, sjukeheim og buform med heildøgn pleie og omsorg). Det er ikkje avgjerande når enkeltvedtaka er fatta, men at dei gjeld 01.01.2002.

I tillegg skal heimkommunen (ikkje opphaldskommunen) registrere psykisk utviklingshemma som er tildelt tilsvarande tenester innafor eit totaltilbod der kommunen ikkje sjølv yter tenestene, men betaler for heile eller deler av tilbodet til private tenesteleverandørar i andre kommunar (eks. Solveigs hus og Nøkkelbo i Andebu, Conrad Svendsen Senter i Oslo). Psykisk utviklingshemma som er bebuarar ved ein av Landsbystiftelsen sine institusjonar skal ikkje registrerast.

  1. Registeret innehalde informasjon om (kolonner):

Kolonne 1: fødselsmånad og år

Kolonne 2: Alder 0-15 år

Kolonne 3: Alder 16 år og over

Kolonne 4: Saksnummer i kommunen sitt arkivsystem for enkeltvedtak etter Lov om sosiale tenester §§ 4-2 eller 4-3 og/eller Lov om helsetenesta i kommunane § 1-3 andre lekk nr. 3 og 5. Saksnummer knytt til personar som elles fell inn under punkt 2 a).

  1. I saksmappa til den enkelte tenestemottakar, men ikkje nødvendigvis i enkeltvedtaket, skal det framgå at personen er psykisk utviklingshemma.

Kontrollinstansen (kommunerevisjonen) må på ein enkel måte kunne sjå kven som har konstatert at vedkommande er psykisk utviklingshemma, slik at ein eventuelt kan innhente uttale frå denne instans.

  1. Det kan være fleire saksmapper og saksnumre knytt til den enkelte psykisk utviklingshemma (fleire enkeltvedtak). I registeret er det tilstrekkeleg å ha referanse til eit enkeltvedtak.
  1. Det er opphaldskommunen som skal registrere den psykisk utviklingshemma som mottar tenester etter sosialtjenesteloven og/eller kommunehelsetjenesteloven. (Unntak sjå pkt. 2a) Den psykisk utviklingshemma skal motta tenester frå opphaldskommunen i samsvar med sosialtjenestelova § 10-1 om opphaldskommunen sitt ansvar. Psykisk utviklingshemma som har opphald på statlege eller fylkeskommunale langtidsinstitusjonar skal ikkje reknast med i nokon kommune sitt register over tal på utviklingshemma, med mindre dei kjem inn under omtalen ovafor, jf. punkt 2 a) andre avsnitt.

Dersom heimkommunen kjøper plass for psykisk utviklingshemma i ein annan kommune (opphaldskommunen), er det framleis opphaldskommunen som skal registrere vedkomande. Heimkommunen kan unntaksvis registrere vedkomande dersom det ligg føre ein avtale mellom kommunane der det går fram at det er heimkommunen og ikkje opphaldskommunen som skal registrere vedkomande.

  1. Dei kommunar som mottar vertskommunetilskot skal ikkje taka med i sine register dei utviklingshemma som dannar grunnlaget for vertskommunetilskotet.

Alle kommunene skal sende inn vedlagde skjema i utfylt stand til Sosialdepartementet innan 05.04.2002. Vi vil presisere at det er viktig med nøyaktigheit i rapporteringa, då tallmaterialet gir grunnlag for utrekningar i inntektssystemet. Det er ikkje nødvendig med eige følgjebrev til skjemaet dersom ikkje kommunen har spesielle merknader.

Rundskriv om kontrollopplegg vil bli sendt ut medio april. I kommunar som blir valt ut til kontroll, skal kommunerevisjonen etter gjennomført kontroll sende inn rapport til departementet med kopi til kommunane som er kontrollerte. I 2001 låg følgjande til grunn ved val av kommunar til kontroll

  • alle kommunar som ikkje hadde sendt inn skjema i tide
  • kommunar der det var store endringar i registrerte tall i forhold til året før
  • tilfeldig valte kommunar

Kontaktperson i departementet er Kurt Løvoll (e-post: kal@sos.dep.no, tlf. 22 24 85 70).

Med helsing

Jo Flydal e.f.
ekspedisjonssjef

Ketil Østvedt
avdelingsdirektør

Vedlegg

Kopi:
Sosial- og helsedirektoratet
Kommunerevisjonen/distriktsrevisjonen
Kommunenes Sentralforbund
Fylkesmennene
Norsk Forbund for Utviklingshemmede
LUPE
Vertskommunesammenslutningen