Historisk arkiv

Ulvik kommune - kommuneplanens arealdel - område lagt ut til akvakulturanlegg i Ulvikapollen ved Rondestveit (akvakultur - låssettingsplass/brislingfiske)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 10. august 2005

Ulvik kommune – motsegn mot del av arealdel til kommuneplanen for eit område lagt ut til akvakulturanlegg i Ulvikapollen ved Rondestveit

Vi viser til fylkesmannen sitt brev hit av 16. mars 2004.

Departementet godkjenner Ulvik kommune sitt vedtak i møte den 20. mars 2003 om arealdel til kommuneplanen når det gjeld det området som i planen er lagt ut til akvakulturanlegg i Ulvikapollen ved Rondestveit. Motsegna frå Fiskeridirektoratet region Hordaland er dermed ikkje teken til følgje.

Bakgrunn for saka

Ulvik kommune har tidlegare ikkje teke med sine sjøareal i arealdelen til kommuneplanen. I samband med revisjonen av kommuneplanen gjer kommunen framlegg om å leggje ut eit sjøareal i Ulvikapollen ved Rondestveit til område for akvakulturanlegg (oppdrett av skalldyr). Frå tidlegare er det i same område registrert ein låssetjingsplass for brisling.

Fiskeridirektoratet region Hordaland si motsegn av 9. oktober 2002 er grunngjeve med omsynet til låssetjingsplassen for brisling. Det vert peika på at låssetjingsområdet ved Rondestveit er av nasjonal verdi. Når brislingfisket "slår til" i Hardangerfjorden deltek det fiskarar frå heile landet. I fylkesplan for kystsona i Hordaland, som vart vedteken av fylkestinget 13. mars 2001, er det tatt inn ei retningsline om at registrerte kaste- og låssetjingsplassar for brislingsfiske i Hardangerfjorden skal ha prioritet framfor anna konkurrerande verksemd.

Ulvik kommunestyre handsama kommuneplanen i møte den 20. mars 2003 og vedtok der planen med unntak av det omstridde området. Når det gjeld sjøareala ved Rondestveit vert det i tilrådinga for kommunestyret vist til at dersom nye næringar skal nå fram må fleire grunnleggjande faktorar vere til stades samstundes. Ein hovedfaktor vil vere tilgang til dei "beste" sjøareala, der element som vassutskifting, mattilgang, temperatur, skjerming for "vær og vind" m.v. må vere til stades. Det same vil langt på veg gjelde for låssetjingsplassar. Skal akvakultur som næring ha ei framtid vil det vere avgjerande at ein får til løysingar/ kompromiss med brislingfiskarane.

Mekling i saka vart halde den 16. desember 2003. Ulvik kommune viste til at det frå kommunen si side var eit sterkt ønskje om tilleggsnæringar for landbrukseigedomane i bygda, og dette låg til grunn for den aktuelle lokaliseringa av akvakulturområdet. Skjeldyrkarane er ikkje samde med Fiskeridirektoratet sitt regionkontor om at det er flust med andre lokalitetar for oppdrett. Fiskeridirektoratet region Hordaland såg på dette som ei prinsippsak, og opplyste at dei tidlegare har gitt avslag på ein konkret søknad om plassering av akvakultur i dette området. Meklinga vart avslutta utan semje.

Fylkesmannen har i sitt oversendingsbrev til departementet vist til at saka synleggjer ein konflikt mellom omsynet til lokal næringsutvikling og etablert fiskeriverksemd. Den retningsgjevande fylkesdelplanen for kystsona vektlegg både utviklingsmogelegheiter innan havbruk og forvaltning av ei konkurransedyktig fiskerinæring.

Fylkesmannen har i si høyringsfråsegn til planframlegget, uttalt seg sterkt kritisk til oppdrett av skjel i Ulvikapollen. Det er vist til konfliktpotensialet med anna arealbruk, og dels også til landskapsomsyn og naturverninteresser. Fylkesmannen har ikkje føresetnader for å uttala seg om i kva grad det ligg føre alternative lokaliseringar av oppdrettsanlegg for skjel.

På bakgrunn av ovannemnde rår fylkesmannen til at motsegna i dette tilfelle vert teken til følgje.

Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) ga i brev av 28. mai 2004 til Miljøverndepartementet uttale i saka. Ut frå ei samla vurdering ba FKD om at motsegna vart teken til følgje.

I nytt brev av 20. juni 2005 opplyste Fiskeri- og kystdepartementet at dei ut frå fornya vurdering fann å ville endre den tilråing som ble framsatt i brevet av 28. mai 2004. Etter nærare vurdering tilrådde FKD nå at kommunen sitt planframlegg vart godkjend slik at det omstridde areal vert lagt ut til område for akvakultur.

Miljøverndepartementet si vurdering

Konflikta i denne saka gjeld forholdet mellom akvakultur (oppdrett av skalldyr) og eksisterande låssetjingsplass for brisling.

Departementet si rolle i motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det ligg føre konflikt mellom kommunen og fylkeskommunen eller statleg sektorstyresmakt. Det må liggje føre nasjonale eller viktige regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei lokalpolitiske prioriteringane.

Frå fiskeristyresmaktene blir det peika på at brislingfiske i Hardangerfjorden er viktig både nasjonalt og regionalt, og at det i den samanheng er viktig at det finns tilstrekkeleg med gode låssetjingsplassar.

Kommunen ønskjer på si side gjennom etablering av oppdrett av skalldyr å leggje til rette for ei tilleggsnæring for landbrukseigedomane i bygda.

I denne saka der konflikten gjeld forhold som ligg inn under FKD sitt ansvarsområde og saka ikkje gjeld andre nasjonale eller viktige regionale hensyn, legg Miljøverndepartementet avgjerande vekt på FKD sitt standpunkt.

Departementet finn derfor at kommunen sitt framlegg om utleggjing av område i Ulvikapollen ved Rondestveit til avkvakulturanlegg kan godkjennast.

Vedtak

I medhald av § 20-5 femte ledd i plan- og bygningslova godkjenner Miljøverndepartementet arealdelen til kommuneplan for Ulvik kommune når det gjeld eit område for akvakulturanlegg ved Rondestveit i Ulvikapollen.

Øvrige deler av arealdelen til kommuneplan er eigengodkjend med rettsverknad av Ulvik kommune i møte den 20. mars 2003.

Vi føreset at kommunen rettar opp arealplanen i samsvar med ovannemnde vedtak.

Om kunngjering av departementet si godkjenning av del av arealdel til kommuneplan viser vi til reglane i § 20-5 åttande ledd i plan- og bygningslova.

Kommunen er gjort kjend med departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.

Med helsing
Knut Arild Hareide

Vedlegg:
Saksdokumenta

Kopi:
Ulvik kommune
Hordaland fylkeskommune
Fiseridirektoratet region vest
Fiskeridepartementet