Historisk arkiv

Umyndige arvingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Orientering til arvingar

Denne orienteringa er til deg som treng å vite litt om dei reglane som gjeld når ein umyndig blir arving. Alle som er under 18 år, er umyndige og elles andre som har blitt umyndiggjorde ved dom.

Orientering til arvinger

Umyndige arvingar

April 2005

Denne orienteringa er til deg som treng å vite litt om dei reglane som gjeld når ein umyndig blir arving. Alle som er under 18 år, er umyndige og elles andre som har blitt umyndiggjorde ved dom.

Arv som legatar eller lotteigar
Rolla til overformynderiet
Rolla til verja
Skifte
Uskift bu
Forenkla skifte
Arveavgift
Minstearv
Blanketter


Arv som legatar eller lotteigar

Det er to måtar å arve på - i det eine tilfellet som "legatar", i det andre som "lotteigar". Dersom ein person er tilgodesett med bestemte gjenstandar eller eit visst beløp som er nemnt i testamentet til den døde, arvar vedkomande som legatar. Andre arvingar skal då dele resten av dødsbuet.

Arv som lotteigar vil seie at arvingen blir deleigar i dødsbuet, anten som slektsarving til den døde - etter lova, eller som ein av hovudarvingane til den døde - etter eit gyldig testament.

Arvar den umyndige som legatar, har korkje den umyndige sjølv eller verja nokon rett til å delta under dødsbuskiftet. Men dersom testamentet er gyldig og dødsbuformuen er slik at legatet til den umyndige arvingen kan dekkjast, må denne arven utbetalast frå dødsbuet snarast mogleg. Det gjeld anten dødsbuet blir skift privat eller av skifteretten.

Lotteigarar deler som arv alt det som dødsbuet eig når all gjeld etter den døde, alle utgifter for dødsbuet og eventuelle legatarar er dekte fullt ut. Fordelinga skjer etter reglane for slektsarv i arvelova eller etter testament frå den døde.


Rolla til Overformynderiet

All arv i kontantar eller i verdipapir til den umyndige, anten den umyndige arvar som legatar eller lotteigar, skal vanlegvis til forvaltning i overformynderiet i den kommunen der den umyndige bur. Men overformynderia har ikkje plikt til å ta hand om mindre beløp for umyndige personar. For tida er grensa kr 75 000. Mindre beløp må verja til den umyndige oppbevare på forsvarleg måte for den umyndige, helst ved innskot i bank. Dersom arven til den umyndige blir under kr 75 000, skal arven berre sendast til overformynderiet til forvaltning dersom den umyndige allereie frå før har verdiar i overformynderiet slik at desse verdiane saman med arven utgjer kr 75 000 eller meir.

Dersom det kan bli aktuelt å gjere gjeldande odelsrett eller annan løysingsrett på vegner av ein umyndig under eit arveskifte, må det innhentast samtykke frå overformynderiet. Det same gjeld dersom det blir aktuelt å fråfalle ein slik rett, eller dersom det blir aktuelt for den umyndige åleine eller saman med andre å overta fast eigedom med pantegjeld eller næringsverksemda etter den døde. Også dersom det er aktuelt å pantsetje gjenstandar som tilhøyrer ein umyndig, må det innhentast samtykke frå overformynderiet.

Som ein hovudregel står verja under tilsyn av overformynderiet, og verja skal så langt det er mogleg rådføre seg med overformynderiet i tvilsspørsmål eller i spørsmål som er av særleg stor økonomisk verdi for den umyndige.


Rolla til verja

Når ein arving er umyndig, er det alltid verja til den umyndige som handlar på vegner av arvingen i skifte- og arvesamanheng. Dersom den umyndige og verja er lotteigarar i det same buet, blir verja inhabil. Då må det oppnemnast ein avløysar, ei såkalla varaverje. Det gjeld for eksempel når den eine av foreldra døyr, og den andre av foreldra og barna deira arvar.

For mindreårige er den eller dei som har foreldreansvaret, verje eller verjer. Dette gjeld heilt til arvingen fyller 18 år. I sjeldne tilfelle hender det at ingen har foreldreansvaret for ein mindreårig arving. I slike tilfelle må det oppnemnast verje for arvingen. For personar som blir umyndiggjorde, blir det alltid oppnemnt verje.

Ei verje må opptre personleg som representant for den umyndige. Verja har altså ikkje høve til å gje ein annan person fullmakt til å møte i sin stad på skiftesamlingar, arvemøte og lignende som verje for den umyndige. Dersom verja er hindra frå å vareta interessene til den umyndige, kan det oppnemnast ei hjelpeverje eller varaverje for den umyndige for ei viss tid eller for visse saker. Dette gjeld også dersom verja meiner at den umyndige i enkelte saker kan vere betre tent med ei anna verje.

Verja har krav på å få dekt nødvendige utgifter av midlane til den umyndige. Har plikta som verje (verjemålet) vore særleg arbeidskrevjande, kan overformynderiet godkjenne eit passande vederlag til verja, eventuelt godtgjersle for tapt arbeidsforteneste. Vederlaget blir vanlegvis dekt av midlane til den umyndige.

Verjer og varaverjer blir gjerne oppnemnde av overformyndarane og skifterettsdommaren på heimstaden til den umyndige. I enkelte større byar er det tilsett leiar for overformynderiet. I slike tilfelle går vedkomande inn i staden for skifterettsdommaren ved oppnemninga.


Skifte

Offentlig eller privat?

Tidlegare var det ein regel utan unntak at dødsbuet måtte skiftast offentleg når ein lotteigar var umyndig. Skifteretten var dermed alltid inne i biletet. No er det høve til privat skifte av eit dødsbu sjølv om arvingane er umyndige. Kravet er at verja til den umyndige gjev skriftleg samtykke. Dersom alle lotteigarane i eit dødsbu er umyndige, kan buet skiftast privat dersom verjene tek over solidaransvar for gjelda til den døde.

Vilkår for privat skifte

Når ein eller fleire av arvingane er umyndige, blir desse krava stilte for at eit dødsbu skal kunne skiftast privat:

1. Minst ein av dei myndige lotteigarane i dødsbuet må overfor skifteretten påta seg fullt og udelt ansvar for gjelda til den døde.

2. Verja til umyndige lotteigarar må samtykkje.

Dersom alle arvingane er umyndige, blir desse krava stilte for at eit dødsbu skal kunne skiftast privat:

1. Verja(-ene) må overta ansvaret for at gjelda til den døde blir dekt fullt ut.

2. Er det fleire verjer, hefter dei fullt og solidarisk for gjelda.

Under skiftebehandlinga representerer verja den umyndige og har på vegner av ho/han dei rettane som tilkjem ein lotteigar.

Skifteretten skal varsle overformynderiet om at buet blir skift privat. Overformynderiet har rett til å krevje offentleg skifte av buet. Dette kan skje sjølv om privat skifte er avslutta, dersom overformynderiet finn at beløpet som kjem inn som arv til den (dei) umyndige arvingen (-ane) ikkje er tilfredsstillande.

Avgrensa gjeldsansvar

Ein umyndig kan aldri bli ansvarleg for den gjelda i dødsbuet som er over det beløpet som vedkomande måtte ha fått som arv.

Oppgåva til verja under skiftet

Verja til den umyndige må vere med på vegner av den umyndige under skiftet og vareta interessene til ho eller han. Dette gjeld utan omsyn til om skiftet skjer i skifteretten eller privat. I verjemålslova er det uttrykkeleg bestemt at verja skal høyre kva ein umyndig over 14 år har å seie før det blir fatta vedtak om økonomiske forhold.

Buoppgjeret

Når alt er ordna etter den døde og skiftet skal avsluttast, må det setjast opp eit buoppgjer som viser kva slags midlar og kva slag gjeld buet har hatt. Oppgjeret skal også vise korleis nettoen i buet skal fordelast mellom arvingane. Det skal også kome klart fram kva kvar arving overtek i form av gjenstandar, fast eigedom, verdipapir og kontantar. Oppgjeret skal setjast opp etter at gjeld er betalt, verdiar fordelte eller selde osv.

Ved offfentleg skifte er det skifteretten som ordnar buoppgjeret. Det blir då alltid sendt verja og overformynderiet til orientering. Sjølve arven til den umyndige skal sendast til overformynderiet, eventuelt verja, slik det er nemnt tidlegare i avsnittet om rolla til overformynderiet.

Ved privat skifte skal verja sjå til at det blir ordna med eit korrekt buoppgjer snarast mogleg. Det er då verja som har ansvaret for å passe på at overformynderiet får tilsendt buoppgjeret til orientering. Verja får også eit særlig ansvar for at arv som skal forvaltast av overformynderiet, blir sendt overformynderiet så snart buoppgjeret er klart.


Uskift bu

Ektemaken etter ein som er død kan behalde buet utan å skifte, såkalla uskifte. Dette gjeld sjølv om ein eller fleire av arvingane til den døde er umyndige. Det viktigaste unntaket gjeld når den umyndige var særskild livsarving etter den døde, altså son eller dotter av den døde men ikkje av den attlevande ektemaken. I slike tilfelle kan ektemaken berre få høve til uskifte dersom overformynderiet samtykkjer, og det er til gagn for den umyndige særkullsarvingen. Gjev ikkje overformynderiet samtykke, må dødsbuet skiftast slik at arven til særkullsarvingen blir utbetalt. Attlevande ektemake kan behalde resten av buet i uskifte.

Kva uskifte inneber

Uskifteordninga går ut på at attlevande ektemake stort sett har ein eigars frie råderett over buet. Den einaste grensa for denne frie råderetten er at attlevande ikkje må gje gåver som står i misforhold til formuen i buet. Ho eller han kan heller ikke gje gåver i form av fast eigedom. Arving eller verje kan berre krevje uskiftebuet skift dersom den attlevande ektemaken forsømer oppfostringsplikta si eller fullstendig vanstyrer formuen. Det seier seg sjølv at det sjeldan blir aktuelt for ei verje eller varaverje å krevje eit bu skift av slike grunnar.

Derimot har attlevande ektemake sjølv når som helst rett til å krevje uskiftebuet skift. Attlevande ektemake mistar dessutan retten til å behalde buet uskift dersom han eller ho inngår nytt ekteskap. Verja til den umyndige har då plikt til å sørgje for at uskiftebuet blir skift.


Forenkla skifte

Skiftelova gjer det mogleg med ei enkel form for offentleg skifte når ein attlevande ektemake skal skifte med arvingane etter den døde ektemaken.

Eit slikt skifte kan ordnast utan registrering, proklama eller taksering av eigedomane i buet. På ei skiftesamling må ektemaken leggje fram ei summarisk oppgåve over buet, og alle arvingane eller verjene deira må vedta at oppgåva er rett. Skifteretten ordnar deretter buoppgjeret på vanleg måte. Eit slikt summarisk skifte ved skifteretten er friteke for rettsgebyr.


Arveavgift

Det skal som hovedregel betales arveavgift til staten av all arv. I 2005 er det et fribeløp på 250.000 kroner. De videre satsene øker med verdien av gaven. Fribeløpet og avgiftssatsene bestemmes årlig i forbindelse med statsbudsjettet. Meir informasjon finn du på Skatteetaten sin nettside.


Minstearv

Minstearven for attlevande ektemake er på 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda dersom det er livsarvingar etter den døde, og elles 6 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Det fører til at ektemaken blir einearving etter den døde dersom formuen til den døde ikkje er større enn at alt går med til minstearven. Har ein attlevande ektemake overteke som einearving i slike tilfelle, men verja eller overformynderiet meiner at formuen til den døde var større enn minstearven, kan dei krevje offentleg skifte av dødsbuet. Kravet blir teke til følge dersom skifteretten finn det sannsynleggjort at buet er større enn minstearven.


Dette er ei enkel oversikt over dei viktigaste reglane for dødsbu med umyndige arvingar. For fleire detaljar sjå verjemålslova, arvelova og skiftelova.

Skifteretten(for Oslo domssogn Oslo skifterett og byskriverembete, for Bergen domssogn Bergen byfogdembete og for Stavanger domsogn Stavanger byfogdembete.) kan i ei viss utstrekning gje deg orientering om dei lovreglane som kan bli aktuelle for deg. Ønskjer du meir direkte juridisk hjelp, må du rådføre deg med ein advokat.



Orientering til arvingar: