Val av formannskap/fylkesutval, ordførar/fylkesordførar, varaordførar m.m.

Til kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn

Innleiing

Kommunar og fylkeskommunar skal i haust velje ei rekkje organ.
Kommunelova § 17 omhandlar det første møtet – det konstituerande møtet - i dei nyvalde kommunestyre og fylkesting. Nokre val skal haldast i dette møtet. Andre kan haldast i dette møtet, eller i eit seinare møte. 

Departementet vil i dette rundskrivet orientere om dei lovreglane som gjeld for val av folkevalde organ.

Last ned rundskrivet (pdf)

Med helsing
Siri Halvorsen (e.f.)
avdelingsdirektør

Steinar Dalbakk
rådgjevar

Kapittelinndeling

I kapittel 1 er innhaldet i kommunelova § 17 nærare omtala. Val av formannskap og fylkes-utval og reglane om framgangsmåten ved valet blir omtala i kapittel 2. I kapittel 3 blir reglane for val av (eventuelt) kommuneråd og fylkesråd omtala, saman med reglane om utpeiking av leiar og medlemmer av rådet. Kapittel 4 tar for seg val av ordførar eller fylkesordførar og varaordførar. I kapittel 5 blir omtala val av kontrollutval. Kapittel 6 omtalar reglane for val av andre folkevalde organ. Kapittel 7 gjeld val av komitear på kommunalt og fylkeskommunalt nivå. Kapittel 8 omhandlar reglane i kommunelova § 80 a om val av styre for kommunale og fylkeskommunale aksjeselskap omtala. I dette kapittelet blir óg reglane om inhabilitet for styremedlemmer omtala. Kapittel 9 omhandlar spørsmålet om kva for verknader det får når eit vedtak er gjort av eit organ som ikkje er samansett i samsvar med reglane om kjønnsbalanse i kommunelova. Kapittel 10 innheld ei orientering om reglane i kommunelova som gjeld møte-offentlegheit. I kapittel 11 blir føresegnene om delegeringsreglement og innstillingsrett omtala. Kapittel 12 gir ei orientering om prosedyrane rundt val og konstituering av nytt kommunestyre ved samanslåing av kommunar.
Val skal haldast som forholdsval dersom ein medlem av kommunestyret/fylkestinget krev det, og elles som avtaleval, jf. kommunelova § 8 nr. 2 og § 35 nr. 4. Dei nærare reglane om gjennomføringa av vala finn ein i kommunelova §§ 36–37 og § 38a.

Som vedlegg 1 i rundskrivet er det tatt inn kopi av dei føresegnene i kommunelova som gjeld val av folkevalde organ, saman med føresegnene om møteoffentlegheit og andre viktige føresegner i kommunelova.
I vedlegg 2 er det tatt inn døme på valoppgjer ved forholdsval.