Vedlegg 3 til M-43/1995

Vedlegg 3

Delegasjon til kommunen fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen og statens landbruksbank. Forskrift om saksbehandling i kommunen og om intern arbeidsdeling mellom fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen i saker etter lov 31. Mai 1974 nr. 19 (konsesjonslova), lov 28. Juni 1974 nr. 58 (odelslova) og lov 12. Mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

(Gitt av Landbruksdepartementet 6. juni 1995. Delegasjonsføresegnene er gitt med heimel i kongeleg resolusjon av 13. desember 1974, kongeleg resolusjon av 19. desember 1975 og kongeleg resolusjon av 12. mai 1995. Jf konsesjonslova §§ 2 og 21, odelslova §§ 27 a, 29 og 31 og jordlova § 3. Forskriftene er gitt med heimel i § 21 i konsesjonslova, jf kongeleg resolusjon av 13. desember 1974 o § 3 jordlova, ff kongeleg resolusjon av 12. mai 1995.)

Kapittel 1. Delegasjon til kommunen

§ I -I (om når kommunen kan ta avgjerd)
Kommunen får fullmakt til ta avgjerd om søknader som gjeld:

  1. konsesjon på areal som er ein del av byggeområde som nemnt i plan- og bygningslova, §§ 20-4 første ledd nr. I og 25 første ledd nr. 1.
  2. konsesjon på ei enkelt bustadtomt eller tomt for fritidsbustad som det ikkje er bygd på jf konsesjonslova § 5 første ledd nr. 1, dersom tomta ikkje er større enn 2 dekar.
  3. konsesjon på eigedom der konsesjonsfridomen er avgrensa eller sett ut av kraft med heimel i konsesjonslova § 5 tredje ledd. Dette gjeld og kommunar der det er innført forskrift etter § 5 tredje ledd slik paragrafen var før lovendringa av 3. juni 1983.
  4. konsesjon på utbyggingskontrakter som nemnt i konsesjonslova § 3.
  5. konsesjon på eigedom som går inn under unntaket i konsesjonslova § 5 første ledd nr. I og 2, men der utanlandsbuande må ha konsesjon, j£ konsesjonslova § 5a.
  6. fritak frå bu- og driveplikta,for inntil 5 år etter odelslova § 27a og konsesjonslova § 6 andre ledd. Det er eit vilkår at det ikkje er gitt slik utsetjing tidlegare.
  7. omdisponering og frådeling etter §§ 9 og 12 i jordlova av enkelttomter ikkje over 2 dekar som det ikkje er bygd på.
  8. omdisponering og frådeling etter §§ 9 og 12 1 jordlova av areal som grensar til og skal leggjast til tidlegare frådelt tomt med eller utan bygningar, inntil tomt og tilleggstomt til saman er 2 dekar.
  9. frådeling etter § 12 i jordlova av tomter ikkje over 2 dekar som det er bygd på. Unntatt frå dette er våningshus, kårhus og driftsbygningar.
  10. frådeling etter § 12 i jordlova av eigedomen sine bygningar med tomt inntil 5 dekar dersom det ligg føre avtale om sal av restarealet som tilleggsjørd.
  11. omdisponering av dyrka jord etter § 9 i jordlova til skogsmark for areal ikkje over 50 dekar.
  12. fordeling av eigedomar som staten har teke over ved friviljug sal og forkjøp i samsvar med reglane i jordlova.

Kommunen kan likevel ikkje ta avgjerd i saker der kommunen er eigar eller overdragar av eigedomen, eller har annan tilknyting til han. I slike høve skal saka sendast til avgjerd hos klageorganet etter vanleg førebuing, jf. § 1-2.

§ 1-2 (om kommunen si saksførebuing m. v.)
I alle saker etter jordlov, konsesjonslov og odelslov har kommunen ansvaret for å hente inn naudsynte opplysningar og tilretteleggje saka. Saker etter jordlova og odelslova samt saker etter konsesjonslova som gjeld landbrukseigedom skal leggjast om den i kommunen som har landbruksfagleg kompetanse til uttale, jf. jordlova § 4. Dersom kommunen ikkje sjølv er tillagt avgjerdsmyndigheit, skal kommunen gi tilråding om avgjerd av saka.
Kommunen må hente inn dei statistiske opplysningar departementet ber om.
I arbeidet med saksførebuing og innhenting av statistikk skal kommunen nytte dei edbsystem Landbruksdepartementet stiller til rådvelde.

Kapittel 2. Delegasjon til fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen

§ 2-1 (om nå rfylkeslandbruksstyret kan ta aygjerd)

Fylkeslandbruksstyret far fullmakt til å ta avgjerd i saker som gjeld:

  1. vedtak om oreigning m.m. etter § 8 femte ledd og § 13 jf § 15 i jordlova.
  2. vedtak om avløysing av bruksrettar m.m. etter § 16 i jordlova.
  3. pålegg om tiltak for dyrka jord etter § 8 tredje og fjerde ledd i jordlova.
  4. vedtak om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord etter § 9 i jordlova der kommunen ikkje kan ta avgjerd.
  5. vedtak om deling etter § 12 i jordlova der kommunen ikkje kan ta avgjerd.
  6. spørsmålet om ein eigedom med fleire registememningar må reknast som ei driftseining etter § 12 fjerde ledd i jordlova.
  7. søknad om konsesjon på eigedom der kommunen ikkje kan ta avgjerd.
  8. bruk av staten sin forkjøpsrett. Dette gjeld ikkje saker der føremålet med forkjøpet er å tilgodesjå naturvern- og friluftsføremål.
  9. unntak frå bu- og driveplikta heilt ut eller for ei viss tid etter odelslova § 27 a og konsesjonslova § 6, andre ledd der kommunen ikkje kan ta avgjerd.
  10. pålegg om å søke konsesjon etter odelslova § 29, andre ledd og konsesjonslova § 20, tredje ledd, andre alternativ.
  11. odelsfrigjering etter odelslova § 31.
  12. å krevja vederlaget fastsett ved skjønn etter konsesjonslova § 14 andre ledd første punktum.

§ 2-2 (om når fylkesmannen kan ta avgjerd)
Fylkesmannen får fullmakt til å gjere vedtak om å krevja fjerna anlegg eller byggverk etter jordlova § 9 femte ledd.
Fylkesmannen kan avgjere at dei formelle vilkåra for odelsfrigjering etter odelslova § 31 ligg føre.

Kapittel 3. Klage

§ 3-1 (om klage til fylkesmannen)
Kommunen sine avgjerder etter § 1 -1 nr. 1, 2, 4 og 5 kan klagast inn for fylkesmannen.

§ 3-2 (om klage til fylkeslandbruksstyret)
Kommunen sine avgjerder etter § 1-1 nr. 6 til 12 kan klagast inn for ylkeslandbruksstyret.

§ 3-3 (om klage til Statens Landbruksbank)
Fylkeslandbruksstyret sine avgjerder etter § 2-1 nr. 5 kan klagast inn for Statens Landbruksbank dersom saka gjeld deling av eigedom slik at tomt med våningshus, kårhus Og driftsbygning vert skilt frå landbruksareala. i samband med dette kan Landbruksbanken og treffe avgjerd etter § 9 i jordlova..

§ 3-4 (om klage til departementet)
Kommunen si avgjerd etter § 1 -1 nr. 3 kan klagast til departementet.
Fylkesmannen sine avgjerder etter § 2 første ledd kan klagast inn for departementet.
Fylkeslandbruksstyret sine avgjerder etter §§ 2-1 nr. 1 til 11 kan klagast inn for departementet så langt Statens Landbruksbank ikkje kan ta avgjerd.

Kapittel 4. Intern arbeidsdeling mellom fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen

§ 4-3 (om arbeidsdeling mellom fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen)
Fylkeslandbruksstyret kan overlate til fylkesmannen å ta avgjerd og gi fråsegn på vegne av styret.
Fylkesmannen kan og i andre saker der styret har uttalemyndigheit ekspedere saka vidare utan at ho er lagt fram for styret. Vilkåra for dette er at det ligg føre særlege omsyn som inneber at saka bør handsamast raskt og at fylkesmannen ikkje er i tvil om at han bør handsame saka. Slike saker skal refererast på første møte i fylkeslandbruksstyret.

Kapittel 5. Retningsliner

§ 5-1 (om retningsliner)
Landbruksdepartementet kan fastsetje retningsliner for kommunen, fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen og Statens Landbruksbank si utøving av myndigheit etter desse føresegnene.

Kapittel 6. Ikraftsetjing. Oppheving av tidlegare føresegner

§ 6-1 (ikraftsetjing)
Desse føresegnene vert sett i kraft 1. juli 1995 .

§ 6-2 (oppheving)
Forskrift 29. desember 1993 om delegasjon til kommunen og fylkeslandbruksstyret og om saksbehandling i kommunen og om intern arbeidsdeling mellom fylkeslandbruksstyret og fylkesmannen i saker etter lov av 18. mars 1955 nr. 2 om tilskiping av jordbruk (jordlova), lov av 31. mai 1974 nr. 119 (konsesjonslova) og lov av 28. juni 1974 nr. 58 (odelslova) med endringar av 23. desember 1994 og 3. februar 1995 vert oppheva.