Statistikk for barnebortføringar 2005–2019

I 2019 er 75 barn (47 saker) registrert bortført frå Noreg til utlandet, og 11 barn (11 saker) registrert bortført frå utlandet til Noreg.

Til samanlikning vart det i 2018 registrert 71 barn (39 saker) bortført frå Noreg til utlandet, og 24 barn (16 saker) bortført frå utlandet til Noreg.

Tabellane nedanfor inneheld ei oversikt over tala på barnebortføringssaker og tala på barn i barnebortføringssaker per år i perioden 2005–2019, totalt og fordelt etter land.

Tabellar:

Slik blir statistikken ført

Statistikken viser ei samanstilling av sivile internasjonale barneborføringssaker til eller frå Noreg, som Justis- og beredskapsdepartementet og Utanriksdepartementet har registrert. Nytt av 2017 er at statistikken òg inneheld saker registrerte av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet under Haagkonvensjonen av 1996, som tredde i kraft i Noreg 1. juli 2016. Sakene blir registrert i statistikken det året norske myndigheiter blir involvert i saka.

For saker etter Haagkonvensjonen 1980 skjer registreringa fyrst når det kjem inn ein søknad. For saker etter Haagkonvensjonen 1996 skjer registreringa når førespurnad om bistand til retur av eit bortført barn kjem inn til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Dette vil i hovudsak skje i form av ein førespurnad om anerkjenning og fullføring av tiltak. Utanriksdepartementet registrerer alle saker mottekne i form av ei oppmoding om bistand eller liknande som gjeld barn bortført frå Noreg til eit land utanfor konvensjonssamarbeidet. Sjå landoversikta for kva land som er tilslutta konvensjonen.

Det kan vera barnebortføringssaker der ingen av dei offentlege verksemdene vert involvert, og desse vil ikkje være omfatta av statistikken.   

Politi og påtalemyndigheit kan ha vore involvert i nokre av sakene som er registrert i samanheng med etterlysingar og/eller melding for straffbart forhold. Dette går ikkje fram av statistikken. 

Ikkje-avslutta og avslutta saker

Tabellen over status i barnebortføringssaker viser tal på saker som er i gang eller som er avslutta. Barnebortføringssaker er avslutta når barnet/barna er ført attende til bustadlandet basert på ei avgjerd etter ein av Haagkonvensjonane, at det finst rettskraftig avgjerd om at barnet ikkje skal sendast tilbake, at foreldra er blitt einige om kvar barnet skal bu, eller ved at bortførar vel å reise heim frivillig.

Statistikken baserer seg på manuell teljing, og det kan finnast feil. Vi oppmodar difor om varsam bruk av talmaterialet.