Petroleumsinntektene til Staten

Petroleumsverksemda har hatt svært mykje å seie for den økonomiske veksten i Noreg og for finansieringa av det norske velferdssamfunnet. Gjennom meir enn 40 år har produksjonen på norsk sokkel bidrege med nærare 9000 milliardar kroner til Noregs BNP.

Petroleumsverksemda har hatt svært mykje å seie for den økonomiske veksten i Noreg og for finansieringa av det norske velferdssamfunnet. Gjennom meir enn 40 år har produksjonen på norsk sokkel bidrege med nærare 9000 milliardar kroner til Noregs BNP. I 2010 stod petroleumssektoren for 21 prosent av den samla verdiskapinga i landet. Verdiskapinga i petroleumsnæringa er meir enn dobbelt så stor som i landindustrien, og omkring 15 gonger den samla verdiskapinga i primærnæringane.

Verdiskaping i utvalde næringar 2011

Figur 3.1 Verdiskaping i utvalde næringar 2011
(Kjelde: Nasjonalrekneskapen, Statistisk sentralbyrå)
 

 Dei største oljeeksportørane (olje inkluderer NGL og kondensat) i 2011 og gasseksportørane i 2010

Dei største oljeeksportørane (olje inkluderer NGL og kondensat) i 2011 og gasseksportørane i 2010

Figur 3.2 Dei største oljeeksportørane (olje inkluderer NGL og kondensat) i 2011 og gasseksportørane i 2010
(Kjelde: KBC Market Services)


I dag er 70 felt i produksjon på den norske kontinentalsokkelen. Desse felta produserte i 2011 meir enn 2,0 millionar fat olje (inkludert NGL og kondensat) per dag og til saman omkring 100 milliardar standardkubikkmeter (Sm3) gass, ein produksjon av salbar petroleum på i alt 229,7 millionar Sm3 oljeekvivalentar (o.e.). Noreg er rangert som den sjuande største oljeeksportøren og den fjortande største oljeprodusenten i verda. I 2010 var Noreg den nest største gasseksportøren og den sjette største gassprodusenten i verda.

Staten får store inntekter frå petroleumsverksemda. Skatt frå utvinningsselskapa og direkte eigarskap (SDØE) sikrar staten ein stor del av verdiane som petroleumsverksemda skaper.

 

Makroøkonomiske indikatorar for petroleumssektoren 2010 

Makroøkonomiske indikatorar for petroleumssektoren 2010

Figur 3.3 Makroøkonomiske indikatorar for petroleumssektoren 2010
(Kjelde: Statistisk sentralbyrå/Finansdepartementet)



Statens inntekter frå sektoren utgjorde om lag ein firedel av dei samla statsinntektene i 2010.
Figur 3.4 viser innbetalingane frå verksemda. Verdien av petroleumsressursane som er igjen på kontinentalsokkelen, er i Revidert nasjonalbudsjett 2011 vurdert til 4124 milliardar kroner.

 

Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda 

Figur 3.4 Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda
(Kjelde: Statsrekneskapen)

 

Statens inntekter frå petroleumsverksemda blir overførte til eit eige fond, Statens pensjonsfond – Utland. I 2011 var overføringane til dette fondet om lag 271 milliardar kroner. Ved utgangen av 2011 var verdien av fondet 3312 milliardar kroner. Det svarar til meir enn 650 000 kroner per nordmann.

I 2011 stod råolje, naturgass og rørtenester for bortimot halvparten av Noregs eksportverdi. Eksporten av petroleumsvarer utgjorde nærare 500 milliardar kroner i 2010. Det er nesten ti gonger meir enn eksportverdien av fisk.

Sidan oppstarten av petroleumsverksemda på den norske kontinentalsokkelen er det investert enorme summar i leiting, utbygging av felt, transportinfrastruktur og landanlegg. Investeringane i 2010 utgjorde heile 26 prosent av dei samla realinvesteringane i landet.

 

Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda 2010

Figur 3.5 Netto kontantstraum for staten frå petroleumsverksemda 2010 (mrd. NOK)
(Kjelde: Statsrekneskapen)

Faktaboks 3.1 Ei næring for framtida

Ei sentral føresetnad for å vidareutvikla petroleumsverksemda er at vi har ein ressursbase som vi kan nyttiggjera. Etter 40 år med produksjon har vi framleis om lag 60 prosent av dei forventa utvinnbare ressursane igjen i bakken. I tillegg kjem ressursar som ligg i den del av tidligare omstridt område og områda rundt Jan Mayen.

Regjeringa la våren 2011 fram Meld. St. 28, En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten. I meldinga blir det presentert ein mogleg produksjonsgang ved ein brei satsing på norsk sokkel. For å nå måla om langsiktig forvaltning og verdiskaping frå petroleumsressursane må aktivitetsnivået haldast oppe på eit jamt nivå. Dette kan det best leggjast til rette for gjennom ei parallell og offensiv satsing på tre område:

  • Auke utvinninga frå eksisterande felt og utbygging av drivverdige funn.
  • Halde fram med ein aktiv utforsking av opne areal, både i modne og umodne område.
  • Gjennomføring av opningsprosessane for Jan Mayen og den delen av tidligare omstridt område som ligg vest for avgrensingslinja i Barentshavet sør.

Utviklinga framover

Ein ventar at petroleumsproduksjonen vil halde seg relativt stabil dei næraste åra. Produksjonen av olje og andre væsker vil gradvis bli redusert. Gassalet kjem derimot til å auke til mellom 105 og 130 milliardar Sm3 det neste tiåret. På lengre sikt blir talet på nye funn og storleiken på dei avgjerande for produksjonsnivået. Det er til no produsert omkring 43 prosent av det ein reknar med er dei samla utvinnbare ressursane på den norske kontinentalsokkelen. Dei utvinnbare ressursane som er igjen på sokkelen, utgjer eit stort potensial for verdiskaping også i mange år framover.

Investeringsnivået på norsk sokkel har lege på eit svært høgt nivå dei siste åra. I 2011 blei det investert for meir enn 125 milliardar kroner, inkludert leiting. Driftskostnadene i 2010 blei nesten 60 milliardar kroner. Ein ventar at både investeringane og driftskostnadene vil liggje på eit høgt nivå i åra som kjem. Aktiviteten på sokkelen vil vere ein stor marknad for leverandørindustrien i mange år framover.

Faktaboks 3.2 Statens pensjonsfond – Utland

Statens pensjonsfond – Utland (SPU) blei etablert i 1990 for å sikre at det blir teke langsiktige omsyn i bruken av statens petroleumsinntekter. Første overføring til fondet var i 1996. Statens samla netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blir overført til Statens pensjonsfond – Utland. I tillegg får fondet inntekter gjennom avkastning, mellom anna renter og utbytte av investeringane til fondet.

Petroleumsinntektene blir fasa gradvis inn i økonomien ved å dekkje det strukturelle oljekorrigerte underskottet i statsbudsjettet. Innfasinga skjer om lag i takt med utviklinga i den venta realavkastninga av fondet.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda
– Oljekorrigert underskott i statsbudsjettet
+ Avkastning av investeringane til fondet
= Inntekter til Statens pensjonsfond – Utland

 

Storleiken på Statens pensjonsfond - Utland per 31.12.2011 og som del av BNP

Figur 3.6 Storleiken på Statens pensjonsfond - Utland
per 31.12.2011 og som del av BNP

(Kjelde: Statistisk sentralbyrå, Noregs Bank)

Sysselsetjing over heile landet

Etterspørselen frå petroleumsnæringa har og har hatt svært mykje å seie for aktiviteten i fleire verksemder rundt omkring i landet. Statistisk sentralbyrå har analysert verknadene av denne etterspørselen, mellom anna på sysselsetjinga i Noreg. Ved å ta utgangspunkt i direkte og indirekte leveransar til petroleumsverksemda har SSB sett opp eit overslag over omfanget av sysselsetjinga som kan knytast til petroleumsnæringa. For 2009 var overslaget 206 000 sysselsette. Leveransane til petroleumsverksemda kjem frå mange delar av norsk næringsliv. Sysselsetjingseffektane dekkjer difor eit breitt spekter av næringar.


Ringverknader av petroleumsverksemda

Utbygging av nye funn skal skape størst mogleg verdiar for samfunnet og skal også gi ringverknader lokalt og regionalt.

Ved utbygging av funn er det viktig å finne samfunnsøkonomisk gode utbyggings- og driftsløysingar. Erfaringane frå utbyggingar som Skarv, Ormen Lange, Snøhvit og Goliat viser at nye, større utbyggingar gir ringverknader lokalt og regionalt, uavhengig av utbyggingsløysing. Ein viktig premiss for å oppnå gode ringverknader er at lokalt og regionalt næringsliv utnyttar det næringsmoglegheitene som ei utbygging i nærområdet gir.


Norsk leverandørindustri

Petroleumsressursane på norsk sokkel har lagt grunnlaget for ei høgkompetent og internasjonalt konkurransedyktig olje- og gassnæring. I dag leverer leverandørindustrien avansert teknologi, produkt og tenester til norsk sokkel og til internasjonale marknader. Industrien er aktiv innanfor leiteverksemd, nye utbyggingar, drift, vedlikehald, modifikasjonar og avslutningar på felt. Nokre selskap konsentrerer seg om éin av desse marknadene, medan andre har verksemder i fleire delar av verdikjeda. Den norske offshorenæringa auka omsetninga frå 195 til 248 milliardar kroner i perioden 2007 til 2009. Dette tilsvarer ein vekst på om lag 25 prosent. Petroleumsnæringa gir også sterke impulsar til innovasjon og teknologisk utvikling i anna norsk næringsliv.

Næringa lykkast internasjonalt

Fleire norske leverandørar har fått ein sterk posisjon internasjonalt det siste tiåret. Det er eit direkte resultat av viljen til å utvikle og ta i bruk ny teknologi på norsk sokkel. Samspelet mellom oljeselskapa på norsk sokkel, leverandørindustrien og forskingsmiljøa har gitt gode resultat.

Frå 1995 til 2009 har norsk leverandørindustri meir enn femdobla den internasjonale omsetninga si. Veksten har vore størst i Kina, Søraust- Asia og Australia. Tal frå Menon Business Economics legg til grunn at norske petroleumsretta selskap i 2009 omsette for 118 milliardar kroner i utlandet, mot 15,5 milliardar i 1995.

For å styrkje norsk petroleumsindustri internasjonalt etablerte styresmaktene og industrien stiftinga INTSOK i 1997. Saman arbeider dei for at norske leverandørar skal få oppdrag på internasjonale marknader.

Energimarknaden

Sikker tilgang til energi er viktig for alle land. Ved å auke bruken av energi kan arbeidskraft frigjerast frå lågproduktivt manuelt arbeid. Dei viktigaste drivkreftene bak auken i energietterspørselen er folkeauke og økonomisk vekst. I tida framover vil auken i etterspørselen stort sett kome frå landa utanfor OECD. Olje utgjer om lag 1/3 av energiforbruket i verda. Transportsektoren står for meir enn halvparten av oljeforbruket, i form av drivstoff til motorkøyretøy.

Olje blir også brukt som råvare i industri og i nokon grad til kraft- og varmeproduksjon. Etterspørselen etter olje aukar, særleg i land som Kina og India og landa i Midtausten. Dei største oljeprodusentane i verda er Saudi-Arabia, Russland og USA. Mykje av oljeressursane som er igjen, er lokaliserte i Midtausten, der dei største produsentane, saman med nokre andre produsentland, har slått seg saman i eit produksjonskartell, OPEC. Prisen på olje er avhengig av tilbod og etterspørsel på verdsmarknaden. OPEC kan påverke prisane noko ved å auke eller redusere tilbodet.

Faktaboks 3.3 Undervassteknologi

Utvikling og bruk av ny havbotnteknologi er eit viktig satsingsområde på norsk sokkel og internasjonalt. Med havbotnanlegg kan ein knyte små felt til større anlegg og feltsenter. Eksisterande plattformer og infrastruktur får då lengre levetid, og i slike tilfelle medverkar havbotnteknologi til at ein får meir ressursar ut av feltområda. Framstega innanfor havbotnteknologien legg også til rette for utbygging på store djup. Undervassegmentet har blitt eit forretningsområde der norsk leverandørindustri er teknologisk leiande internasjonalt.

Undervassteknologi

 

Historisk produksjon av olje og gass, og prognose for produksjonen dei neste åra.

Figur 3.7 Historisk produksjon av olje og gass, og prognose for produksjonen dei neste åra.
(Kjelde: Oljedirektoratet)

 

Produksjonsprognose

Figur 3.8 Produksjonsprognose
(Kjelde: Oljedirektoratet/Olje- og energidepartementet)

 

Historiske investeringar

Figur 3.9 Historiske investeringar (investering i leiting er ikkje inkludert)
(Kjelde: Oljedirektoratet/Olje- og energidepartementet)

Hentet fra FAKTA 2012.

Til toppen