12. Ansvarleg forbruk og produksjon

Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Illustrasjon for bærekraftsmål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.

12.1) Gjennomføre det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon ved at alle land deltek, men slik at dei utvikla landa går føre, samtidig som ein tek omsyn til utviklingsnivået og moglegheitene til utviklingslanda

12.2) Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar

12.3) Innan 2030 halvere matsvinn per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar, og redusere svinn i produksjons- og forsyningskjeda, inkludert svinn etter innhausting

12.4) Innan 2020 oppnå ei meir miljøvenleg forvaltning av kjemikaliar og alle former for avfall gjennom heile livssyklusen, i samsvar med internasjonalt vedtekne rammeverk, og vesentleg redusere utslepp av kjemikaliar og avfall til luft, vatn og jord for mest mogleg å avgrense skadeverknadene for folkehelsa og for miljøet

12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk

12.6) Stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

12.7) Fremje berekraftige ordningar for offentlege innkjøp, i samsvar med politikk og prioriteringar i dei enkelte landa

12.8) Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen

12.a) Støtte utviklingslanda i å styrkje den vitskaplege og tekniske evna si til å innføre meir berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

12.b) Utvikle og innføre metodar for å måle effekten av berekraftig reiseliv som skaper arbeidsplassar og fremjar lokal kultur og lokale produkt

12.c) Redusere ineffektive subsidiar til fossilt brensel ved å fjerne marknadsvridingar som oppmuntrar til overforbruk, i samsvar med nasjonale forhold, mellom anna ved å leggje om skattar og avgifter og avvikle skadelege subsidiar der dei finst, slik at konsekvensane for miljøet blir avdekte, samtidig som ein fullt ut tek omsyn til særlege behov i utviklingslanda og situasjonen der, og avgrensar skadelege konsekvensar for utviklinga deira mest mogleg og på ein måte som vernar dei fattige og dei lokalsamfunna som blir påverka

Noreg har eit av dei høgaste forbruka i Europa. Sjølv om vi ikkje produserer så mykje i Noreg, bidreg vårt forbruk også til økte klimautslepp globalt. Eit lite grep er at alle tek ansvar for eige forbruk, de større grepa handlar om omstilling til ein meir sirkulær økonomi med betre produkt, berekraftige verdikjeder og meir effektiv ressursbruk.

Langsiktig og berekraftig forvaltning av ressursar er eit grunnprinsipp i politikken til regjeringa. Noreg har lovar og verkemidlar som skal sikre god forvalting av naturressursar på land og til havs, samt fremme effektiv ressursbruk.

Sidan 1970-talet har forureining frå farlege kjemikaliar og avfall blitt betydeleg redusert i Noreg. Arbeidet skjer dels med vedvarande streng regulering etter forureiningslova og produktkontrollova, og dels gjennom prosessar under EØS-avtalen og globale konvensjonar.

Ambisjonen til regjeringa er å gjere økonomien meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Regjeringa arbeider mellom anna med ein ny lov om berekraftige produkt og verdikjeder som skal gi heimel for strengare reglar for produkt på marknaden. Det er viktig for Noreg å redusere matsvinn. Regjeringas utval som har greia ut tiltaks- og verkemiddel for å nå målet om å halvere matsvinnet innan 2030, ferdigstilte sitt arbeid i desember 2023. Regjeringa vil òg bruka offentlege anskaffingar for å støtte mål om auka berekraft, og har vedtatt ny forskrift med krav om 30 prosent vekting av klima og miljø som hovudregel. Forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2024. Materialgjenvinning av avfall har økt de siste tiåra. Farleg avfall blir samla inn og særskild behandla. Veksten i avfall må reduserast. Difor må det leggast til rette for meir gjenvinningsindustri i Noreg. Regjeringa har innført krav om utsortering av mat- og plastavfall frå 2023, slik at meir av avfallet skal materialattvinnas. Sommaren 2023 sendte regjeringa òg nye krav til utsortering, separat innsamling og materialattvinning av glas- og metallemballasje, papp, papir og tekstilar frå hushald og næringar som genererer hushaldsliknande avfall, på høyring.

I Meld. St. 6 (2022–2023) «Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap», har regjeringa utvikla og forsterka statens forventningar til selskap med statleg eigardel. Dette gjeld særleg områda klima, natur, leiarløn og ansvarleg verksemd. Regjeringa forventar at selskapa inkluderer arbeidet med berekraftsmåla i sine strategiar og arbeider aktivt med å følgje dette opp i dagleg drift. Ei lov om openheit i verksemder og arbeid med grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold (openheitslova) vart sett i kraft 1. juli 2022. Lova pålegg større verksemder å gjennomføre aktsemdsvurderingar i tråd med OECD-retningslinjene for fleirnasjonale selskap og å offentleggjere ei forklaring om dette arbeidet.

I dag bruker vi meir ressursar enn det som er berekraftig for kloden. Forbruket går opp i alle land. Det globale fotavtrykket har auka med 66 prosent sidan år 2000.

Ein av dei store ulikheita mellom utvikla land og utviklingsland er korleis forureining og avfall handterast. Noreg arbeider for å beskytte helse og miljø i utviklingsland i tråd med globale kjemikaliekonvensjonar. Noreg er pådrivar for å fase ut miljøgifter og for sterkare internasjonale reglar for kontroll av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, og er aktive i den internasjonal forhandlingsprosessen for å etablere eit vitskapspanel for kjemikaliar, avfall og redusert forureining innan 2024.  Vidare arbeider Noreg å redusere forureining som fraktast med vind- og havstraumar over heile jorda.

Noreg er leiande i arbeidet for ein ambisiøs ny global rettsleg bindande avtale mot plastforureining som etter planen skal vere ferdig i 2024. Avtalen bør innehalde tiltak i heile livsløpet til plast. Det vil bli viktig for å nå berekraftsmål 12. Noreg støttar arbeidet til andre land med å nå målet gjennom ei rekkje FN-organisasjonar. Berekraftig produksjon og forbruk er nært knytt til innsatsen for å motverke klimaendringane. Privat sektor er ein viktig partner, og fleire verksemder har no auka si berekraftsrapportering.

Mål 12 er krevjande for mange land. Samstundes et det målet med flest koplingar til dei andre berekraftsmåla. For perioden 2022–2025 har medlemslanda i FN slutta seg til at FNs miljøprogram skal prioritere berekraftig produksjon og forbruk på tvers av alle sektorar og miljøproblem.