Historisk arkiv

Politisk toppmøte om førebygging av valdeleg ekstremisme

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen deltok på politisk toppmøte om førebygging av valdeleg ekstremisme i Oslo 2. februar 2015.

Møtet blei arrangert av KS og Justis- og beredskapsdepartementet, og fokuserte på korleis stat og kommune kan spele kvarandre gode for å førebyggje ekstremisme og valdelege terrorhandlingar.

Til stades var ordførarar, rådmenn, kommunale fagfolk, lokale politileiarar, leiarar og fagfolk i «relevante» departement og direktorat.