Norheimsund - tettstadutvikling

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar:


Etter ei stor prosess med tettstadutvikling i åra 1995 til 2003 stod Norheimsund fram som ein ny stad, med ny kai, ny gate, nye næringsbygg og nytt torg. Prosjektet «Handlegatens Ansikt» kosta om lag 23 mill kroner.

Sjøfronten i Norheimsund, 1994 - en fyllplass (Foto: Kvam herad).

Sjøfronten i Norheimsund, 1994 - en fyllplass (Foto: Kvam herad).

Sjøfronten i Norheimsund, 2004 - med ny flytande gjestehamn (Foto: Kvam herad).

Sjøfronten i Norheimsund, 2004 - med ny flytande gjestehamn (Foto: Kvam herad).

Fra sliten tettstad til «Handlegatens Ansikt»
Norheimsund var ein sliten tettstad i Hardanger, som var i ferd med å missa sin attraktivitet og handel, og staden var ikkje lenger ein god møteplass. Kommunen ønskte å få gjort noko med dette, og kultursjefen drog på seminar i fylkeskommunen og fekk kunnskap om ny offentleg satsing på stadutvikling.

Prosjektet i Kvam vart starta med arkitektskisser, men først etter at Norsk Form ville ha Kvam herad med på prosjektet «Handlegatens Ansikt», så vart det fart i arbeidet. Det byrja med folkemøte og idémøte, deretter vart det arrangert arkitektkonkurranse. Prosjekt- og samarbeidgruppe mellom næringslivet, Kjøpmannslaget og heradet vart oppretta.

Vinnarprosjektet i 1996 vart lagt til grunn for vidare prosjektering, og arbeidet med finansiering starta opp. Etter ca 5 år hadde kommunen på plass pengar til det handlegateprosjektet. Men før dette hadde heradet bygd ny kai som første del av tettstadprosjektet.

Relaterte dokumenter