Rettleiing til meldingsskjemaet for politikarar

Rettleiing for politikarar i samband med overgang til ny stilling mv. utanfor statsforvaltninga

Innleiing

Statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar kan bli pålagde karantene og saksforbod ved overgang til stilling eller verv utanfor statsforvaltninga, og ved etablering av næringsverksemd. Dette følgjer av lov 19. juni 2015 nr. 70 om informasjonsplikt, karantene og saksforbud for politikere, embetsmenn og statsansatte av 19. juni 2015, trådt i kraft 1. januar 2016 (karantenelova). 

Det er oppnemnt ei uavhengig nemnd, Karantenenemnda, som avgjer om ein politikar skal påleggjast karantene og/eller saksforbod.

Melding om overgang til Karantenenemnda

Politikaren har informasjonsplikt om overgangar som er omfatta av karantenelova. Informasjonsplikta vil i dei fleste tilfelle vere oppfylt ved at fullstendig utfylt meldingsskjema om overgang blir send til Karantenenemnda ved sekretariatet.

For spørsmål om utfylling av meldingsskjemaet, kontakt sekretariatet for Karantenenemnda.

Utfylt meldingsskjema skal sendast til: karantenenemnda@kdd.dep.no

Karantenelova

Karantene

Ein karantene inneber eit tidsavgrensa forbod mot å tiltre ny stilling eller verv utanfor statsforvaltninga eller etablere næringsverksemd, jf. karantenelova § 2 andre ledd.

Vilkåra for å påleggje karantene går fram av karantenelova § 6. Karantene kan påleggjast etter tre alternative vilkår:

  1. Der det ligg føre eit konkret samband mellom dei tidlegare ansvarsområda og arbeidsoppgåvene politikaren hadde i den politiske stillinga eller bestemte saker som var til behandling i departementet i funksjonstida til politikaren, og interessene til den verksemda politikaren vert knytt til eller etablerer, jf. karantenelova § 6 bokstav a.
  2. Der det tidlegare ansvaret og arbeidsoppgåvene til politikaren har gitt eller kan gi verksemda politikaren vert knytt til eller etablerer særlege fordelar, jf. karantenelova § 6 bokstav b.
  3. Der overgangen på annen måte kan være eigna til å svekke tilliten til forvaltninga generelt, jf. karantenelova § 6 bokstav c.

Karantene kan bere påleggjast i særlege tilfelle. Karantene kan ikkje påleggjast med mindre det er nødvendig.

Saksforbod

Eit saksforbod inneber eit tidsavgrensa forbod mot å involvere seg i bestemte saker eller saksområde, jf. karantenelova § 2 tredje ledd. Dei same vilkåra gjeld for å påleggje saksforbod som for karantene, sjå karantenelova § 7. Ein karantene inneber eit større inngrep enn eit saksforbod. Saksforbod kan nyttast som alternativ til karantene dersom det er hensiktsmessig og nødvendig. Saksforbod kan påleggjast for statsrådar, statssekretærar og også for politiske rådgivarar, sjølv om dei ikkje har hatt ansvar for bestemte saksområde. Det vil vere aktuelt i dei tilfelle der dei har brei – og av og til inngåande – kunnskap om bestemte saker som har vore til behandling i deira funksjonstid.

Karantene og saksforbod - lengd

Reglar om lengda på karantene og saksforbod går fram av karantenelova §§ 6 og 7.

Karantene kan påleggjast for maksimalt seks månader frå fråtredingstidspunktet. Lengda på saksforbod kan vere opp til 12 månader frå fråtredingstidspunktet.

Når særleg tungtvegande omsyn tilseier det, kan saksforbod påleggjast i inntil 12 månader, i tillegg til karantene på 6 månader. Dette betyr at den totale lengda på saksforbodet og karantene er 18 månader rekna frå fråtredingstidspunktet.

Informasjonsplikta til politikaren

Informasjonsplikta gjeld for overgangar til stilling eller verv utanfor statsforvaltinga og all etablering av næringsverksemd. Informasjonsplikta gjeld i tolv månader etter at han eller ho gjekk frå den politiske stillinga, jf. karantenelova § 5 andre ledd. Det er ikkje informasjonsplikt for overgang til stillingar i statlege verksemder som er ein del av statsforvaltinga.
Karantenelova gjeld ikkje for overgang til partipolitisk arbeid eller politiske verv i Stortinget, kommunar og fylkeskommunar, jf. karantenelova § 1 tredje ledd. Det er derfor ikkje informasjonsplikt for disse overgangane.

Politikaren må gi Karantenenemnda nødvendig informasjon om overgangen seinast tre veker før overgangen. Politikaren skal gi dei opplysingane Karantenenemnda treng for å fatte vedtak. Dette inkluderer opplysingar om embetet eller stillingane som politikar og den nye stillinga, vervet eller verksemda.

Meldingsskjemaet vil innehalde dei opplysingane som i dei fleste tilfelle er nødvendige for å behandle saka. I konkrete tilfelle kan det likevel oppstå eit behov for å innhente supplerande informasjon. Informasjonsplikta vil også gjelde slike tilleggsopplysingar.

Karantenenemnda sin frist for å fatte vedtak

Karantenenemnda har frist på to veker til å treffe vedtak om å påleggje karantene og saksforbod.

Saksbehandlingsfristen på to veker blir rekna får det tidspunkt Karantenenemnda har motteke nødvendige opplysningar til å behandle saka, jf. karantenelova § 9 første ledd første punktum, og forskrift til karantenelova § 1 første ledd.

Fristen blir forlenga dersom:

  • Karantenenemnda mottek nødvendige opplysningar på laurdag, søndag eller lovbestemt heilagdag eller høgtidsdag. I slike tilfelle blir fristen rekna frå førstkomande yrkedag, jf. forskrift til karanteneloven § 1 andre ledd.
  • Det er lovbestemte heilagdagar eller høgtidsdagar i perioden der to-vekersfristen gjeld. Då blir fristen forlenga med like mange yrkedagar, jf. forskrift til karantenelova § 1 tredje ledd.

Sekretariatet informerer politikaren om når fristen blir rekna frå, og kva saksbehandlingsfrist som gjeld i den enkelte saka.

Forbod mot å tiltre i stilling, verv eller etablere næringsverksemd før saka er ferdigbehandla

Politikaren kan ikkje tiltre stilling eller verv, eller etablere næringsverksemd, før karantenenemnda har treft endelig vedtak i saken, jf. karantenelova § 9 første ledd andre punktum.

Der saka gjeld etablering av næringsverksemd, kan det utførast administrative oppgåver som er nødvendige for å etablere selskapet.

Brot på informasjonsplikta og forbodet mot å tiltre før saka er ferdigbehandla

Ved brot på dei plikter som er gitt i eller i medhald av karantenelova eller vedtak fatta etter lova, gir karanteneloven § § 18-20 heimel til å gi pålegg om å avslutte det som er ulovleg, å påleggje tvangsmulkt, fremje krav om inndraging av inntekt oppnådd som følgje av lovbrotet og/eller påleggje eit gebyr som følgje av lovbrotet.

Karantenenemnda si rettleiingsplikt

Karantenenemnda har alminnelig rettleiingsplikt. Det nærmare innhaldet i rettleiingsplikta går fram av forvaltningslova § 11:

"Etter forespørsel fra en part og ellers når sakens art eller partens forhold gir grunn til det, skal forvaltningsorganet gi veiledning om:

  1. gjeldende lover og forskrifter og vanlig praksis på vedkommende saksområde, og
  2. regler for saksbehandlingen, særlig om parters rettigheter og plikter etter forvaltningsloven. Om mulig bør forvaltningsorganet også peke på omstendigheter som i det konkrete tilfellet særlig kan få betydning for resultatet."

Sekretariatet for karantenenemnda har ansvaret for å rettleie på vegne av Karantenenemnda.

Teieplikt og offentlegheit

Teieplikt etter forvaltningslova vil gjelde dei opplysningar som vert gitt nemnda i meldingsskjemaet. I hovudtrekk omfattar teieplikta etter forvaltningslova § 13 følgjande:

  • Nokon sine personlige forhold
  • Tekniske innretningar og framgangsmåtar samt drifts- eller forretningsforhold som det av omsyn til konkurransen er vesentleg å halde hemmeleg av omsyn til den opplysningane gjeld

Offentleglova gjeld for Karantenenemnda si verksemd. Spørsmål om innsyn blir behandla på vanleg måte etter reglane i lova.