Forskning på CO2-handtering

CLIMIT er eit nasjonalt program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2. I tillegg er det etablert to forskningssentre for miljøvenleg energi (FME) innan CO2-fangst og -lagring.

Climit

CLIMIT er eit nasjonalt program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet har sidan 2005 støtta over 260 prosjekt og dekkjer heile kjeden, frå grunnforsking til innovasjonsprosjekt og prosjekt som demonstrerer CO2-handteringsteknologi. Prosjekta må ha eit klart kommersielt potensial, og bidra til teknologi- og kompetanseutvikling i Noreg. Programmet vert administrert av Noregs forskingsråd og Gassnova. Meir informasjon finnest på www.climit.no

Forskningssenter for miljøvenleg energi (FME)

I 2009 vart det etablert to Forskningssenter for miljøvenleg energi (FME) innan CO2-fangst og -lagring. FME-ordninga skal bidra til eit breidt og forpliktande samarbeid mellom leiande forskingsinstitusjonar og innovative verksemder i Noreg og eit tett samarbeid med internasjonale aktørar. Sentra er utnemnt for inntil åtte år. Begge sentra (BIGCCS og SUCCESS) kom godt ut av evalueringa som vart gjennomført av Noregs forskingsråd i 2014.

Les mer på samlesiden energi- og petroleumsforskning