Regjeringa sin strategi for CO2-handtering

Hovedmålet med regjeringa sin strategi for CO2-handtering er å identifisere tiltak som kan bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar. Ein moglegheitsstudie lagt fram i juli 2016 viser at det er mogleg å realisere ei fullskala CO2-handteringskjede i Norge innan 2022, til betydeleg lavare kostnader enn for prosjekt som er utgreia i Norge tidlegare.

Klimaendringane og eit aukande energibehov i verda er bakgrunnen for regjeringas ambisjonar for arbeidet med fangst og lagring av CO2. Behovet for CO2-handtering er godt dokumentert gjennom rapportar frå FNs klimapanel og Det internasjonale energibyrået (IEA). For at måla for arbeidet med CO2-handtering skal nåast er det nødvendig med teknologiutvikling og reduksjon av kostnadene.

Brei satsing på CO2-handtering

Regjeringas arbeid med CO2-handtering dreier seg i stor grad om å identifisere og gjennomføre tiltak som kan medverke til at måla for arbeidet vert nådd. Regjeringas tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. Det inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM)

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) er eit berande element i strategien. Teknologisenteret dekkjer eit gap i teknologiutviklingskjeda ved at det der er mogleg å teste fangstteknologiar i industriell skala. Det er viktig å dekkje dette gapet for å få meir erfaring og kunnskap og for å kunne skape tryggleik for at nye fangstteknologiar vil fungere tilfredsstillande i full skala.

Forsking og teknologiutvikling

Regjeringa vil framleis satse på forsking og utvikling. I strategien inngår ei vidare satsing på CLIMIT, forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og internasjonale forskingsaktivitetar. CLIMIT er eit nasjonalt program for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet dekkjer heile kjeda frå langsiktig, kompetanseoppbyggjande grunnforsking til innovasjonsprosjekt og prosjekt som demonstrerer CO2-handteringsteknologi. CLIMIT-prosjekt har levert resultat som har vore viktige for utviklinga av CO2-handtering både i Noreg og internasjonalt.

Internasjonal satsing

Regjeringas internasjonale arbeid for å fremje CO2-handtering som eit viktig klimatiltak er omfattande. Tiltaka omfattar blant anna arbeid for ei ambisiøs internasjonal klimaavtale, ein global pris på klimagassar og gode reguleringar for transport og lagring av CO2. Vidare inneheld strategien tiltak for internasjonal kunnskapsdeling og CO2-handtering i utviklingsland og framveksande økonomiar samt alternativ bruk av CO2.

Fullskala demonstrasjonsanlegg

Det er utfordrande å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg i Noreg, blant anna fordi det er få store og eigna punktutslepp.

Arbeidet med å kartleggje moglegheitene for fullskala demonstrasjon av CO2-handtering i Noreg er vidareført gjennom ein moglegheitsstudie som vart lagt fram 4. juli 2016. Formålet med studien er å vise minst éi teknisk gjennomførbar CO2-handteringskjede med tilhøyrande kostnadsestimat. Ei slik kjede omfattar fangst, transport og lagring av CO2. Resultata viser at det er fleire alternativ som er teknisk moglege å realisere i Norge innan 2022, og til ein langt lavare kostnad enn for prosjekt som har vore utgreia tidlegare. Dei vidare planane for regjeringa sitt arbeid med CO2-handtering vil bli presentert i statsbudsjettet for 2017.

Dei norske prosjekta Sleipner og Snøhvit er dei einaste storskala CO2-handteringsprosjekta i drift i Europa. På Sleipner og Snøhvit blir CO2 separert frå naturgassen før denne blir sendt vidare til gasskundane. CO2-fangstprosjekt på kraftverk eller industri er meir komplisert og kostbart.

CO2-lagring

Norsk sokkel er veleigna for lagring av CO2 og er allereie nytta som lager for CO2 frå Gudrun, Sleipner og Snøhvit. Noreg har betydeleg kompetanse på lagring av CO2 i geologiske formasjonar. Gjennom Oljedirektoratets arbeid med lagringsatlas for norsk kontinentalsokkel og Gassnovas og Statoils arbeid med planlegging av lagring frå fullskalaprosjektet på Mongstad er det påvist ei rekkje moglege lagringslokasjonar.

På kort sikt vil transport- og lagringsløysinga for eit eventuelt fullskala demonstrasjonsprosjekt i Noreg vurderast ut frå behovet til dette prosjekt. Samstundes er det ein fordel viss lageret har plass til tilleggsvolum. Når det er planar om fangst av større mengder CO2 i Europa som har behov for lagring, vil eit eventuelt samarbeid med andre land om eit større lager i Nordsjøen bli vurdert. Noreg vil på eit tidleg stadium gå i dialog med andre land om dette. Vidare studiar av transport- og lagringsløysingar vil inkludere vurderingar av tekniske, juridiske og økonomiske forhold ved etablering av CO2-transport og -lager.

CO2-handteringsprosjekt i utlandet

For at CO2-handtering skal bli eit effektivt klimatiltak er det viktig at mange land medverkar og tiltaka må bidra til teknologiutvikling og kostnadsreduksjonar også andre stader enn i Noreg. Norsk støtte kan vere med på å utløyse utanlandske prosjekt, men dette bør skje på ein slik måte at den norske stats ansvar, kostnader og risiko blir avgrensa. Norsk støtte til CO2-handteringsprosjekt i utlandet bør derfor skje i samarbeid med andre land og gjennom eksisterande program og institusjonar. I utviklingsland kan f.eks. Verdsbankens fond for CO2-handtering og Det grøne klimafondet vere aktuelle finansieringskjelder. I Europa er blant anna EUs forskingsprogram Horisont 2020 (ERA-NET Cofund-ordninga) og EØS-midlane moglege finansieringskjelder for CO2-handteringsprosjekt.

EØS-midlar til CO2-handtering

Regjeringa arbeider for at delar av EØS-midlane blir nytta til å støtte europeiske prosjekt for CO2-handtering. I land som mottek EØS-midlar frå Noreg er det mange store punktutslepp.

Støtte til europeisk CO2-handteringsprosjekt

Regjeringa har på førespurnad frå Europakommisjonen svart at Noreg er innstilt på å delta i eit samarbeid med minst to andre europeiske land for å medverke til å realisere eit europeisk CO2-handteringsprosjekt. ROAD-prosjektet i Nederland er i dag det mest modne prosjektet i Europa og vil vere ein aktuell kandidat. Stortinget har vedteke ei tilsegnsfullmakt på 125 mill. kroner til dette formålet.

Sjå Prop. 1 S (2014-2015) Regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering kapittel 4.