Kraftmarknaden og straumpris

Marknadsprisen på straum blir fastsett på Nord Pool og er avhengig av tilbod og etterspurnad. Noreg er ein del av ein felles nordisk kraftmarknad og er innlemma i kraftmarknaden i Europa.

Kraftmast mot rosa og blå himmel
Foto: N. Mirkovic/Unsplash

I 1990 fekk Noreg ei ny energilov som opna for konkurranseutsetjing i kraftmarknaden. Dette førte til at norske forbrukarar var blant dei første i verda som fritt kunne velje straumleverandør. Høvet til å velja straumleverandør på grunnlag av pris eller andre relevante omsyn opna for konkurranse mellom kraftleverandørane.

Etter at dei andre nordiske landa også liberaliserte energilovene sine, vart kraftbørsen Nord Pool oppretta i 1996. Dette var den første kraftbørsen i verda der ein kunne handle kraft på tvers av landegrenser. Noreg har hatt krafthandel med utlandet sidan 1960-talet, og er no innlemma i ein felles nordisk kraftmarknad med Sverige, Danmark og Finland, som igjen er ein del av den europeiske kraftmarknaden. Noreg har også kraftkablar til Nederland, Tyskland, Storbritannia og Russland.

Kraftutvekslinga er organisert med det formålet at krafta til ei kvar tid skal gå frå område med låg pris til område med høg pris. Fordelen med dette er at kraftsystemet i ulike land kan utfylle kvarandre. Til dømes vil Noreg importere kraft frå utlandet når det er høg uregulerbar kraftproduksjon og låge kraftprisar hos handelspartnarane våre, medan me samtidig kan lagre vatn i magasina til seinare bruk. Når behovet for straum og kraftprisane er høgare i utlandet, vil me eksportere kraft. Krafthandelen bidreg både med inntekter til norske kraftprodusentar og til auka forsyningstryggleik for norske forbrukarar.

Krafthandelen med andre land bidreg til inntekter uavhengig av om krafta blir importert eller eksportert. Forskjellen mellom prisen i Noreg og prisen i landa det blir handla straum med utgjer det me kallar flaskehalsinntekter. Desse inntektene går til eigarane av kraftnettet, som i Noreg er Statnett. Desse inntektene blir brukte til å reduisere nettleiga og kjem på den måten forbrukarane til gode.

Elektrisk straum skil seg frå andre varer ved at han eignar seg dårleg til lagring. Derfor må det til ei kvar tid vere eksakt balanse mellom produksjon og forbruk. I den marknadsbaserte kraftomsetninga blir kraftprisane berekna kvar dag, ut frå kva som vil gi planlagd balanse mellom samla produksjon og forbruk for timane i det neste døgnet.

Marknadsprisen på kraft blir fastsett på Nord Pool Spot og er eit resultat av tilbod og etterspurnad. Variasjonar i nedbør og temperatur bidreg til at kraftprisane kan variere mykje, både i løpet av døgnet, og gjennom sesongar og år. Prisane er også avhengige av overføringsforholda mellom ulike område, både internt i Norden og mellom Norden og resten av Europa. Sidan det i periodar er avgrensingar i overføringskapasiteten i nettet kan kraftprisane variere mellom dei ulike områda.

På Nord Pool Spot blir det kjøpt og selt store kraftvolum og dei som handlar er kraftprodusentar, kraftleverandørar, meklarar, energiselskap og store forbrukarar. I sluttbrukarmarknaden er det den enkelte forbrukarar som inngår avtale om kjøp av kraft frå ein fritt vald kraftleverandør. Forbrukarrådet har med bistand frå NVE og Konkurransetilsynet laga nettsida strømpris.no. På denne sida får du oversikt over straumprisar og du kan også byte straumleverandør.

Straumrekninga består av fleire delar: I tillegg til råvara elektrisk kraft (straumprisen), kjem tilknyting til og bruk av overføringsnettet (nettleige), forbruksavgift på elektrisk kraft (elavgift) og meirverdiavgift. I tillegg kjem eit påslag som er øyremerkt Energifondet (Enova), og dessutan betaling for elsertifikat. Hushald i Nordland, Troms og Finnmark er fritekne meirverdiavgift på elektrisitet, og hushald i Nord-Troms og Finnmark er også fritekne elavgift.