Historisk arkiv

Europaparlamentet utanrikskomité på noregsbesøk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Utenriksdepartementet

August er feriemånad i Brussel. Likevel tjuvstarta elleve medlemmer frå Europaparlamentet sin Utanrikskomité og Underkomité for tryggleik og forsvar på eit travelt haustsemester med å gjeste Noreg 20.-24. august.

Europaparlamentets utenrikskomité saman med utenriksminister Ine Eriksen Søreide.
Europaparlamentets utanrikskomité saman med utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Under leiing av komitéformann David McAllister la dei ut på ei ambisiøs og innhaldsrik rundreise med føremål å lære meir om norsk nordområde- og europapolitikk.

På fire og ein halv dag gjesta delegasjonen Oslo, Bodø, Tromsø og Svalbard. Avstanden frå møterom i Oslo til 78 grader nord i Longyearbyen er stor, men dei politiske bodskapa og inntrykka frå felt styrkja opp om kvarandre. Møter med utanriksministeren, forsvarsministeren, Stortinget, etterretningssjef og tankesmier la grunnlaget i hovudstaden. I Bodø tok forsvaret over med orienteringar om deira geopolitiske situasjonsforståing og den føreståande Trident Juncture-øvinga. To F-16 demonstrerte rask respons med ei overflyging som gav bakoversveis. Hovudredningssentralen synte korleis søk og redning i nord både er krevjande og føreset samarbeid.

Tromsø synte seg frå si vakraste side då gruppa, etter introduksjon hos Norsk Polarinstitutt, la ut på seilas med KV Barentshav i strålande solskin. Etter å ha blitt orientert om Kystvakta sitt oppdrag og arbeid var det populært med eit lite stopp midtfjords for å prøve fiskelukka. Både torsk og uer kom på matfatet under middagen ein time seinare. Eit stopp hos Arktisk Råd sitt sekretariat formidla det internasjonale samarbeidet i Arktis før vi la fastlandet bak oss.

KV Barentshav

På Svalbard hadde det splitter nye forskingsfartyet Kronprins Haakon returnert frå sitt første forskingstokt få timar før delegasjonen landa. Eit sporty mannskap og eit raust Polarinstitutt lot delegasjonen få koma om bord for ein rundtur på Isfjorden. Undervegs var det orienteringar frå assisterande sysselmann og internasjonal direktør på Norsk Polarinstitutt, Kim Holmén. Gjestene lot seg imponere av skipet, fascinere av naturen og skremme av klimaendringsperspektiva i nord. Det vart også høve til å gjeste UNIS og treffe internasjonale studentar der.

Reisa vart avslutta mot å rette perspektivet oppover, frå «toppen av verda til verdsrommet». Satellittstasjonen på Svalbard, K-SAT, var siste post på programmet og synte korleis høgteknologi og global kommunikasjon er ein naturleg og viktig del av livet heilt i nord.

Kva inntrykk sat deltakarane att med? Spørsmåla undervegs bar bod om at dette var ei særleg kunnskapsrik og godt førebudd gruppe i utgangspunktet. Mange la vekt på dei hadde fått styrkja forståing av kor tett samarbeidet og interessefellesskapet mellom EU og Noreg er. I nord overraska nok både avstandar og aktivitetsnivå mange. Nye perspektiv kom til og deltakarane reiste heim med ei enno djupare forståing av samanhangar i norsk utanriks- og innanrikspolitikk.

Svalbard.
Svalbard.