Kva er det nordiske regjeringssamarbeidet?

Nordisk ministerråd (NMR) er det offisielle samarbeidsorganet til dei nordiske regjeringane. Medlemmene i NMR er dei fem nordiske landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. I tillegg er Færøyane, Grønland og Åland representert.

Nordisk ministerråd arbeider for felles nordiske løysingar som gir positive effektar for alle som bur i Norden. Samarbeidet dekkjer dei fleste samfunnsområde og er organisert i tolv ulike ministerråd kor nordiske regjeringsmedlemmer møtest regelmessig. Under kvart ministerråd blir samarbeidet følgt opp i embetskomitear og ekspertutval.

Dei nordiske statsministrane har det overordna ansvaret for det nordiske regjeringssamarbeidet. I praksis har dei delegert dette ansvaret til dei nordiske samarbeidsministrane. Anne Beathe Tvinnereim er nordisk samarbeidsminister, i tillegg til utviklingsminister, i Jonas Gahr Støres regjering.

Nordisk ministerråd har eit eige sekretariat i København og elleve nordiske institusjonar fordelt rundt omkring i Norden. Om lag 300 personar arbeider i sekretariatet og institusjonane, som hjelper regjeringane med mellom anna forsking og prosjektsamarbeid.

Formannskapet i Nordisk ministerråd varer i eitt år av gongen og vekslar mellom dei fem nordiske landa. Noreg hadde sist formannskapet i 2022.

Regjeringssamarbeidet i NMR blir supplert av såkalla uformelt samarbeid, mellom anna innanfor justispolitikk, samferdselspolitikk, forsvarspolitikk, og dessutan utanriks- og tryggingspolitikk. Det går òg føre seg diverse samarbeid mellom dei nordiske landa og tredjelanda, under dette særleg dei tre baltiske landa («NB8-samarbeidet»).

Nordisk råd

Nordisk ministerråd blir ofte forveksla med Nordisk råd, som er samarbeidsorganet i dei nordiske parlamenta. Nordisk råd blei danna i 1952 og har 87 valde medlemmer frå nasjonalforsamlingane i Danmark, Finland, Island, Noreg, Sverige, Færøyane, Grønland og Åland.

Kvart år blir halde Nordisk råds sesjon, som er årets viktigaste storhending i det nordiske samarbeidet, med intensive møte mellom regjeringssjefar, statsrådar og parlamentarikarar frå heile regionen.

Nordisk råd deler kvart år ut fem prisar: Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris, filmpris, litteraturpris, musikkpris og miljøpris. Prisane er på 350.000 danske kroner kvar og blir delte ut i samband med Nordisk råds årlege sesjon.

Du kan lese meir om det nordiske samarbeidet på nettsidene til samarbeidet.