Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Rådets felles haldning 2007/750/FUSP om vidareføring av restriktive tiltak mot Burma/Myanmar (27.11.07)

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

Den europeiske unionen merkjer seg dette engasjementet og seier seg glad for det.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.