Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den formelle avskaffinga av dødsstraff i Rwanda (26.07.07)

Den europeiske unionen seier seg svært glad for at dødsstraff blei formelt avskaffa i Rwanda 25. juli 2007. Vi gratulerer den rwandiske regjeringa og det rwandiske folket med denne viktige avgjerda.

Den rwandiske avgjerda er eit avgjerande framsteg i arbeidet med å fremje menneskerettane og er uttrykk for eit solid engasjement for å sikre rettferd og forsoning i Rwanda 13 år etter folkemordet, samstundes som ein tek avstand frå alle former for vald.

Medlemsstatane i Den europeiske unionen meiner at det å avskaffe dødsstraff medverkar til å styrkje menneskeverdet. Den europeiske unionen stadfester på nytt at dei har som mål å arbeide for ei universell avskaffing av dødsstraff. EU meiner at avskaffinga av dødsstraff i Rwanda er eit viktig steg på vegen mot dette målet og håper at denne avgjerda vil oppmuntre andre land i regionen til å gjere det same.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.