Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om interneringane i Republikken Fijiøyane (20.11.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen er framleis uroa over den interne situasjonen i Republikken Fijiøyane og særleg over rapportane om interneringar som dei fijianske styresmaktene har gjort i samband med ei påstått samansverjing mot medlemmer av overgangsregjeringa i Fiji.

Den europeiske unionen er framleis uroa over den interne situasjonen i Republikken Fijiøyane og særleg over rapportane om interneringar som dei fijianske styresmaktene har gjort i samband med ei påstått samansverjing mot medlemmer av overgangsregjeringa i Fiji.

I denne samanhengen:

 - ber formannskapet i Den europeiske unionen innstendig overgangsregjeringa om å sørgje for at rettsstatsprinsippa blir respekterte og at den rette rettsprosessen blir følgd,

 - merkjer formannskapet i Den europeiske unionen seg med uro dei overgrepa som militæret og politiet skal ha gjort mot dei personane som er internerte mistenkte for å ha planlagt å styrte regjeringa. EU oppmodar overgangsregjeringa i Fiji om å respektere menneskerettane til alle i Fiji,

 - ber formannskapet i Den europeiske unionen innstendig overgangsregjeringa i Fiji om å setje i verk ei fullstendig gransking av desse påståtte brota på menneskerettane i samsvar med dei forpliktingane regjeringa inngjekk med EU i Brussel 18. april som ledd i konsultasjonane i samband med artikkel 96 i partnarskapsavtalen mellom AVS-landa og EU.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.