Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet til statsdumaen i Russland (04.12.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Den europeiske unionen har merkt seg det førebels resultatet av valet til statsdumaen, som blei halde 2. desember i Russland. EU seier seg glad for at valet fann stad i ordna former og var godt organisert.

Den europeiske unionen har merkt seg det førebels resultatet av valet til statsdumaen, som blei halde 2. desember i Russland. EU seier seg glad for at valet fann stad i ordna former og var godt organisert.

EU seier seg likevel lei for at det var mange rapportar og påstandar om restriksjonar for media og om trakassering av opposisjonsparti og frivillige organisasjonar i tida før valet og på valdagen, og at framgangsmåtar i valkampen ikkje var i samsvar med internasjonale standardar og forpliktingar som Moskva frivillig hadde slutta seg til. EU håper at granskingar vil gjere det klart om desse påstandane er rette.

EU seier seg lei for at det ikkje var noko langvarig observatøroppdrag frå ODIHR/OSSE som følgde valkampen og understrekar at om ODIHR hadde vore til stades, ville dette ha vore eit påliteleg grunnlag for å kunne gje ei heilskapleg vurdering av valet.

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina og Montenegro, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.