Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om frigjevinga av medlemmer av opposisjonen og andre i Etiopia (23.07.07)

Den europeiske unionen seier seg glad for at medlemmer av opposisjonen er blitt sette fri etter at dei som blei dømde i samband med hendingane etter valet i mai 2005, har fått ettergjeve straffa. EU gratulerer alle som har arbeidd for å oppnå dette resultatet.

Frigjevinga er ein viktig forsoningsgest og bør markere ein ny start for landet. EU er framleis overtydd om at alle sider vil arbeide saman til beste for Etiopias framtid, og stadfester si sterke tru på at den einaste måten å løyse usemje på, er gjennom ein vedvarande og konstruktiv dialog.

EU håper at alle dei som har blitt sikta for liknande brotsverk og som har valt å forsvare seg, òg kjem til å bli sette fri eller frikjende snart.

EU er reie til framleis å gje den støtta som kan vere nødvendig for arbeidet med å fremje nasjonal forsoning.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.