Erklæring frå EU-formannskapet om dei lokale vala i Albania

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

(16.01.2007)

EU seier seg glad for at dei politiske partia samrøystes kom fram til ein avtale 12. januar om reglane for det kommande lokalvalet, og at det albanske parlamentet deretter 13. januar vedtok dei juridiske endringane i forfatninga og vallovene. EU rosar president Moisiu for den avgjerande rolla han spelte som meklar i forhandlingane om avtalen. EU understrekar at alle politiske krefter i Albania no må gjennomføre avtalen ved å samarbeide konstruktivt og i god tru og ved å halde fram med å førebu valet utan fleire forseinkingar. EU minner om at det å halde frie og rettferdige val er eit avgjerande krav for nærare samband med EU

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og Ukraina og Republikken Moldova sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.