Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om utviklinga i det austlege Kongo (31.08.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen er svært uroa over utviklinga i det austlege Kongo den seinare tida og særleg over dei militære samanstøytane som skjer nett no.

Den europeiske unionen er svært uroa over utviklinga i det austlege Kongo den seinare tida og særleg over dei militære samanstøytane som skjer nett no. Dei trugar konsolideringa av freden i Den demokratiske republikken Kongo og stabiliteten i regionen. Valden fører til at stadig fleire menneske blir fordrivne, og dei menneskelege lidingane er no omfattande, særleg i Kivu-provinsane. 

EU understrekar at det er behov for ein samordna politisk og diplomatisk innsats straks for å komme fram til fredelege løysingar. 

EU seier seg glad for det viktige initiativet frå utanriksministrane i Den demokratiske republikken Kongo og Rwanda om eit møte i Kinshasa 3. og 4. september for å drøfte utsiktene til ei normalisering av dei bilaterale tilhøva og ei sterkt påkravd løysing på problema med dei væpna gruppene som opererer i det austlege Kongo. 

EU er framleis sterkt oppteken av å fremje stabilitet og utvikling i regionen og vil derfor halde fram med å støtte det regionale samarbeidet og dei enkelte landa i regionen.  

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg til Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.