Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om valet på nasjonalforsamling i Aust-Timor (05.07.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Europaportalen

EU roser valet på nasjonalforsamling i Aust-Timor 30. juni som ein viktig milestolpe på vegen mot nasjonsbygging og mot å opprette stabile og ansvarlege demokratiske strukturar og institusjonar.

Valet på nasjonalforsamling i Aust-Timor 30. juni er ein viktig milestolpe på vegen mot nasjonsbygging og mot å opprette stabile og ansvarlege demokratiske strukturar og institusjonar. EU rosar det timoresiske folket som enno ein gong har vist at dei går inn for demokrati og fred ved at dei i hopetal deltok i parlamentsvalet på ein fredeleg måte. 

EU rosar dei timoresiske styresmaktene, særleg det tekniske sekretariatet til valadministrasjonen og den nasjonale valkommisjonen, for å ha organisert valet på ein roleg og effektiv måte trass i den logistikken som skal til, og det vanskelege terrenget. 

EU innser vidare at den samla internasjonale innsatsen i Aust-Timor, særleg innsatsen til UNMIT, har vore sterkt medverkande til å tryggje tilhøva kring valet, slik at valet blei vellukka. Det at EU også denne gongen har sendt eit valobservatørsendelag, sett saman av 36 observatørar frå 19 av EU-medlemsstatane, viser kor viktig EU meiner den demokratiske prosessen i Aust-Timor er. 

Medlemsstatane i EU og Den europeiske kommisjonen er framleis heilt og fullt innstilte på å støtte Aust-Timor når dei skal møte dei vanskelege utfordringane som ligg framføre dei: å byggje opp att tryggingssektoren, gjeninnføre rettsstatsprinsippa og garantere ei sosial og økonomisk utvikling for det aust-timoresiske folket under fredelege og stabile tilhøve. 

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.