Erklæring frå EU-formannskapet om frikjenninga av fem sikta personar i Burundi

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

(19.01.07)

Den europeiske unionen, som uttrykte si uro då dei sikta blei arresterte, seier seg glad for at dei offentlege personane som var med å førebu det som er hevda å vere eit kuppforsøk i Burundi, er frikjende og sette fri. Unionen seier seg òg glad for at journalistane og aktivistane frå sivilsamfunnet nyleg er sette fri. Dette er med på å skape ein positivt atmosfære som styrkjer rettsstaten og dei demokratiske institusjonane.

Den europeiske unionen vonar at desse tiltaka er eit oppmuntrande steg mot eit demokrati der ytringsfridommen blir respektert.

Den europeiske unionen vil framheve at respekt for dei demokratiske verdiane som vi har felles, er grunnsteinen i tilhøvet mellom Den europeiske unionen og Burundi.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.
* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.