Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om humanitære avtalar i Colombia (09.10.07)

Den europeiske unionen seier seg glad for alle initiativa den seinaste tida som med støtte frå den colombianske regjeringa er tekne for å få i stand humanitære avtalar som kan sikre at alle gislar blir sette fri, at den væpna konflikten tek slutt og at det igjen blir fred i Colombia.

I denne samanhengen følgjer EU meklingsforsøka til den venezuelanske presidenten med interesse og stør arbeidet til alle dei som er opptekne av å innføre internasjonal humanitærrett i Colombia.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.