Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om den konstitusjonelle reformprosessen i Egypt (03.04.07)

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver:

EU har følgt aktivt med på den konstitusjonelle reformprosessen i Egypt som blei sluttført med folkerøystinga 26. mars.  

EU merkjer seg at folkerøystinga fann stad berre nokre få dagar etter godkjenninga i parlamentet, noko som gav lite tid til offentleg debatt.  

EU oppmodar til reformtiltak som fører til at folket i større grad tek del i den politiske prosessen.  

EU vil følgje svært nøye utviklinga som gjeld den nye, planlagde lova mot terrorisme, og reknar med at all ny lovgjeving vil overhalde internasjonale normer.  

Dei tiltaka som EU og Egypt er samde om å prioritere, slik dei går fram av handlingsplanen mellom EU og Egypt som nett er vedteken, er viktige element i sambandet mellom dei to partane. EU er fast bestemt på å samarbeide med Egypt for heilt og fullt å gjennomføre desse tiltaka. EU stadfester på nytt at unionen er reie til å medverke til reformprosessen i Egypt ved å gje støtte og teknisk bistand slik det går fram av handlingsplanen mellom EU og Egypt. 

Søkjarlanda Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina og Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa. 

*  Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.