Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om situasjonen i Elfenbeinskysten (13.07.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen understrekar på nytt si fulle støtte til dei ivorianske styresmaktene i den innsatsen dei framleis gjer for å fullføre fredsprosessen slik ivorianarane sjølve fastsette han i Ouagadougou.

Den europeiske unionen understrekar på nytt si fulle støtte til dei ivorianske styresmaktene i den innsatsen dei framleis gjer for å fullføre fredsprosessen slik ivorianarane sjølve fastsette han i Ouagadougou. 

Den europeiske unionen oppmodar dei partane som skreiv under på denne avtalen, og alle andre ivorianske krefter om å gjere ein målmedviten innsats for å gjennomføre han heilt og fullt og særleg for å gjere framsteg med dei avgjerande sakene som gjeld identifisering av befolkninga og demobilisering, avvæpning og reintegrering (DDR) og å halde frie, demokratiske og opne val som verdssamfunnet kan godkjenne. 

Den europeiske unionen vil halde fram med å følgje Elfenbeinskysten på vegen mot å konsolidere fred og forsoning, særleg ved å delta i det internasjonale rådgjevande overvakingsorganet slik dei partane som skreiv under på Ouagadougou-avtalen, har komme med framlegg om.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og Efta-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.  

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.