Historisk arkiv

Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om politiske fangar i Eritrea (18.09.07)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Europaportalen

Den europeiske unionen er framleis svært uroa over situasjonen for politiske fangar i Eritrea.

Den europeiske unionen er framleis svært uroa over situasjonen for politiske fangar i Eritrea og vil på nytt understreke hovudtrekka i den erklæringa som blei sendt ut 18. september 2006 sidan det så langt enno ikkje har vore noko positiv utvikling i situasjonen.

Den 18. september 2001 blei ei gruppe på elleve framståande medlemmer av parlamentet og Folkefronten for demokrati og rettferd, det einaste politiske partiet i Eritrea, arresterte. Nokre dagar seinare blei òg 10 uavhengige journalistar arresterte. Seinare har fleire blitt fengsla og internerte, utan høve til kontakt med omverda og utan at det er reist tiltale mot dei, og dei har ikkje fått prøve saka si for retten, slik dei har krav på.

Trass i ei rekkje appellar frå det internasjonale samfunnet, mellom anna frå EU, og frå fleire statlege og ikkje-statlege menneskerettsorganisasjonar, sit desse fangane framleis internerte, utan å ha blitt sikta for noko brotsverk, og utan å ha fått prøve saka si i ein fri og upartisk rettsprosess. Ingen av dei har vore stilt for ein forhørsrett, sjølv om eritreisk lov krev at dette blir gjort innan 48 timar.

Den europeiske unionen er svært uroa over desse alvorlege brota på grunnleggjande menneskerettar og rettar ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Eritrea om å gje opplysningar om kvar desse personane er internerte, kva forhold dei blir haldne under og korleis helsetilstanden deira er. Den europeiske unionen oppmodar òg regjeringa i Eritrea om anten å reise tiltale mot dei internerte og innleie ein korrekt og open rettargang med juridisk hjelp eller sleppe dei fri utan vilkår.

Dessutan rettar EU ei inntrengjande oppmoding til regjeringa i Eritrea om å gje familiane til dei internerte, og dei advokatane og lækjarane som dei sjølve ønskjer å snakke med, rett til å vitje fangane. Dei eritreiske styresmaktene må sørgje for at fangane, så lenge dei blir haldne internerte, blir behandla i samsvar med vilkåra i dei grunnleggjande prinsippa for behandling av fangar, som FNs generalforsamling vedtok i resolusjon 45/111 14. desember 1990.

For EU er velværet til dei internerte ei viktig sak. EU ønskjer difor å vurdere tilstanden deira og tek opp att oppmodinga om å tillate EUs stasjonssjefar i Asmara å vitje dei det gjeld.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.