Erklæring frå EU-formannskapet om dommane mot Gulbahor Turaeva og Umida Niazova i Usbekistan (04.05.07)

Den europeiske unionen har med stor uro fått kjennskap til dei strenge dommane på høvesvis seks og sju års fengsel som blei avsagde 24. april og 1. mai 2007 mot Gulbahor Turaeva og Umida Niazova.

EU seier seg òg svært lei for at internasjonale observatørar ikkje fekk lov til å vere til stades ved rettssaka trass i at dei bad om dette på førehand.

EU understrekar på nytt at dei er uroa over situasjonen for menneskerettsforkjemparar i Usbekistan, og ber innstendig dei usbekiske styresmaktene om straks å vurdere dei to sakene på nytt og fullt ut respektere prinsippa om ein korrekt og rettferdig rettargang i samsvar med at Usbekistan har forplikta seg til å følgje internasjonale menneskerettsstandardar. EU ber dei usbekiske styresmaktene om å gje familiemedlemmer og advokatar uhindra tilgang til begge kvinnene.

Med desse to dommane sender Usbekistan eit urovekkjande signal før EU eventuelt skal avgjere om dei særskilte sanksjonane som blei vedtekne i 2005 i samband med tragedien i Andijan, skal forlengjast og samstundes med at Usbekistan har gått med på å gå inn i ein dialog med EU om menneskerettar.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Republikken Moldova, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.