Erklæring frå formannskapet på vegner av Den europeiske unionen om Somali-regionen i Etiopia (09.10.07)

EU følgjer situasjonen i Somali-regionen i Etiopia nøye. Unionen seier seg glad for rapporten om resultata frå FNs sendelag som skulle vurdere den humanitære situasjonen i Somali-regionen, og merkjer seg med uro konklusjonen i rapporten som seier at dei humanitære tilhøva i konfliktområda er blitt vesentleg forverra i dei seinaste månadene.

EU rosar den etiopiske regjeringa for reaksjonen hennar på rapporten og oppmodar ho om å følgje opp alle tilrådingane frå sendelaget, mellom anna å treffe tiltak for å verne sivile i ei konflikt, og seier seg glad for at regjeringa har sagt seg villig til å sikre at dei humanitære behova til befolkninga i Somali-regionen i Etiopia blir handterte på ein skikkeleg måte.

Søkjarlanda Tyrkia, Kroatia* og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia*, dei potensielle søkjarlanda Albania, Bosnia-Hercegovina, Montenegro og Serbia, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, og EFTA-landa Island, Liechtenstein og Noreg, som er medlemmer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, og i tillegg Ukraina, Republikken Moldova, Armenia, Aserbajdsjan og Georgia, sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia og Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.